Bruk 3. Træet

Ole Jonson er på bruket 1691. Han er ogso nemnd i manntalet 1700 og er då 76 år.

Jon (eller Johannes) Olson er 50 år 1701. Han hev då styksonen Hans Jakobson, 6 år. Kona heitte Kari Matiasdtr.. Dotteri Marta. Sjå under nr. 4 her på bruket.

Anders Monson, f. kr. 1682, d. 1754. Gm. e. Kari Matiasdotter, d. 1736. Gm. Marita Jørgensdtr.. Bruket utl. på dotteri Marta Johannesdtr. Anders fekk skøyte 1730.

Mons Jonson Kvamme, f. 1704 på b.nr. 1, d. 1749. Gm. Marta Johannesdtr. Haugsdal.
Born: 
a.   Nils f. 1733. Nr. 5 her på bruket.
b.   Kari  f. 1737.
c.   Marita f. 1742.
1732 skøyte frå Anders Monsson til Mons Jonson 12 mk. s., 1½ k. malt. Anders sit med halve bruket.

Nils Monsson Haugsdal, f. 1733, d. 1786. 1765 gm. Marta Nilsdtr. Kvamme, f. 1746 på b.nr. 1, d. 1783. 1783 gm. Synneva Andersdtr. Kvingedal. Det hev ikkje vore råd å finna ut kva bruk ho er frå. Ho vart 1812 gm. u.k. Jon Olson Sleire. Kvar dette paret hev butt, er ikkje råd å finna
Born: 
a.   Bård f. 1767.
b.   Mons fl og d. 1769.
c.   Mons f. ? Kom til Raunøy.
d.   Kari  f. 1770. Sjå under nr. 6 her på bruket.
e.   Marta f. 1773, gm. Lars Olson Trodal på b.nr. 1.
f.    Ingeborg f. 1775, d. 1792.
g.   Ragnhild f. 1786, d. 1811.

1754 skifte etter Anders Monsson Haugsdal 7 5/7 mk. s., 4/7 k. malt utl. på e. Marita Jørgensdtr., rekna til 3 rdl., 3 mk. 1758 skøyte frå Nils Monsson og Mikkel Jørgenson til Nils Monsson 15 mk. s., 7 rdl. 1 mk. 8 sk. Merknad: Den Nils Monsson som er med og skøyter, må vera Nils Kvamme, far til fyrste kona til Nils Monsson Haugsdal. Mikkel Jørgenson må vera bror til andre kona av nr. 3 her på bruket. 1761 skøyte frå Nils Monsson Haugsdal til «svoger Nils Nilsson Kvamme, 16 mk. S. for 9 rdl. ? mk. 8 sk.».

Denne Nils Nilsson Kvamme døyr, og faren arvar jordeparten i Haugsdal etter han, og 1764 skøyter Nils Monsson Kvamnie 15 mk. smør attende til Nils Monsson Haugsdal. Um Nils Nilsson Kvamme hev brukt sin part i Haugsdal, er uråd å sjå. Der er ikkje born etter han.

Kristen Andersson St. Sleire. Truleg frå b.nr. 1 eller 12. 1794 gm. Kari Nilsdtr. Haugsdal, f. 1770, d. 10/6 1837.
Born: 
a.   Anders f. 1794, d. ung.
b.   Nils f. 1796. Austrheim. Fekk sonen Steffen i Haugsdal, d. 1843.
c.   Gunhild f. 1797, d. ung.
d.   Marta f. 1796, d. 22/6 1873. Tenestegjenta.
e.   Ola f. 1801. Nr. 7 her på bruket.
f.    Nils f. 1804, gm. Randi Olsdtr. Trodal 1835. Dei fekk dot­tera Kari i Haugsdal 1836. Nils var då tenar. Flytta til Rebnor. Dei hadde ogso borna: b. Marta f. 1838, e. Kristiana f. 1841, d. Jon f. 1844.
g.   Anders f. 1808.

1886 skifte etter Nils Monsson og kona Marta Nilsdtr. Hus og jord vart då verdsett til 20 rdl. og utl. på døtrene Kari, Marta og Ingeborg. 1892 er det skifte etter Ingeborg. Då vert hennar part utl. på systrene. 1793 skøyte frå Marta Nilsdtr. til systri Kari  og mannen Kristen Andersson Sleire for 18 rdl.

Ola Kristenson Haugsdal, f. 1801, d. 17/11 1863. 1825 gm. Marta Larsdtr. Haukeland, f. 1790, d. 6/1 1864.
Born: 
a.   Anders f. 1827. Nr. 8 her på bruket.
b.   Kristen f. 1829. Nr. 9 her på bruket.
c.   Ingeborg f. 1833, gm. Ola Erikson L. Matre frå b.nr. 3. Bust. Myking.
1824 skøyte frå Kristen Andersson til sonen Ola, og kår frå Ola til faren: 8 v. korn, 16 skj. potetor, 2 kyr, 6 smale.

Anders Olson Haugsdal, f. 1827, d. 21/3 1849. «Overskar pulsåren under et arbeid og døde inden 2 timer.”

1846 skøyte frå Ola Kristenson til sonen Anders 12 6/7 mk. s. for 140 spdl. Kår til foreldri: Kvart år 2 kyr og kvart anna år 3 kyr. Årl. 9 v. korn og 16 skj. potetor. Skogteig Lysebugteigen, «hvor de kan hugge til salg derværende birkeskov, men ingen andre trær. Nøstrum til en færingsbåd. Til brug ved brændehugst den nederste del af sjøboden.» Då Anders døydde, vart faren einearving. Og då skøyter han bruket til sonen Kristen, som skal svara same kåret som broren hadde teke på seg.

Kristen Olson Haugsdal, f. 1829, d. 9/11 1914. 24/6 1850 gm. Brita Knutsdtr. I. Haugsdal, f. 1817 på b.nr. 4, d. 2/2 1907.
Born: 
a.   Andrea f. 18/8 1851. Sjå under nr. 10 her på bruket.
b.   Ola f. og d. 1858.
Då bror til Kristen Olson døydde 1849, fekk Kristen skøyte på bruket på same vilkor som broren hadde fenge det. Sjå ovanfor.

10  Rasmus Fuseson Kvamme, f. 1851 på b.nr. 1. Flytte til Kvamme på sine eldre dagar. 20/6 1876 gm. Andrea Kristensdtr. Haugsdal, f. 18/8 1851, d. 25/9 1901.15/4 1904 gm. Brita Johannes­dotter I. Haugsdal, f. 9/3 1871 på plasset Med Garden.
Born: 
a.   Kristen f. 1/3 1877. Nr. 11 her på bruket.
b.   Boletta f. 31/10 1879. Utvandra til Amerika 1903. Gm. John E. Knutson, bust. Minnesota, USA. Born: Alma, Edde, Mabel, Roy, Albert, Burnes og Burnette.
c.   Fuse f. 11/7 1881. Bust. Odnekvamme, b.nr. 1.
d.   Berta f. 16/9 1883. Utvandra til USA, d. der ung.
e.   Marta f. 7/2 1886, d. 29/6 1903.
f.    Ola f. 1888, d. 1889.
g.   Ola Bertin f. 8/10 1891. Han vart juni 1919 gm. Johanna Sofia Arnesdtr. I. Hope. Born: Alma Bjarnhild f. 6/3 1920. Bjulah, (Clarene), Clarene, Agnethe og Raymond. Dei bur i Minnesota USA.

Dei borni Rasmus fekk i andre ekteskapet, er fødd på Kvamme på b.nr. 1.
Rasmus Fuseson fekk skøyte hjå verfaren for kår, femårsverde 800 kr. Då han gifte seg att, kjøpte han seg fyrst gard i Fana. Derifrå flytte han attende til Kvamme og tok farsgarden.

11  Kristen Rasmusson Haugsdal, f. 1/3 1877, d. 30/12 1950. 28/5 1902 gm. Aletta Bergitta Arnesdtr. Hope f. 11/4 1877 på b.nr. 1. Han var postopnar og fekk Kongens fortenstmedalje ved pensjonsalder.
6/7 1903 skøyte frå Rasmus Fuseson til sonen Kristen for 1600 kr. og kår (750 kr.).

12  Johannes Harald Andreas Hansson Daae f. 12/9 1907 i Elvik b.nr. 3 (10b), d. 3/7 1985. Gift 20/6 1937 m. Bergitt Johanna Fusedtr. Haugsdal f. 18/4 1906 på Ådnekvamme b.nr. 1 (14b).
Born: 
a.)   Aud Margun f.2/12 1938, g. 28/6 1969 m. Rolf Gunnar Berentsen f.3/1 1943 i Bergen. Bur der.
Deira born:
a.     Vegard f. 2/7 1973
b.     Ingvild f. 25/4 1976
—————————————————
b.)   Johanna f. 12/7 1940, g. 6/6 1965 m. Håvard Nesbø frå Granvin f. 6/6 1939. Bur i Bergen.
Deira born:
a.     Birgit f. 23/6 1966, g. 18/5 1991 m. Gunnar Mentzen f. 1/5 1964.
b.     Signe f. 22/11 1967
c.     Håkon Atle f. 13/1 1975
—————————————————
c.)   Kristen Finn f. 5/1 1943. Nr. 12 her.
d.)   Håkon f. 28/7 1947
e.)   Reidun f. 28/7 1947, g. 22/6 1968 m. Steinar Østerbø frå Sætre i Gulen, f. 19/9 1944. Bur der.
Deira born:
a.     Jan Even f. 11/4 1969
b.     Astrid f. 22/11 1971
c.     Tanja f. 27/11 1976
d.     Birgitte f. 16/4 1982
Skøyte 28/7 1938 frå Kristen Rasmusson til Johannes Daae og kona for 6000 kr og kår.

12  Kristen Finn Daae, f. 5/1 1943 (11c), g. 6/6 1965 m. Gerd Stusdal f. 16/11 1942 i Lindås.
Born: 
a.   Ståle f. 24/10 1965
Skøyte 16/9 1971 frå Johannes Daae og kona til sonen Kristen Finn for 35000 kr.