Brukarar. Bruk 1 (og 2)

 Anders på Kietteland nemnd 1563.

Tomis nemnd fyrste gong 1603, siste 1611.

Siffuer Oelsen frå 1611 til 1649. Kona Ragnilda 1645.
(Døme på kor same namnet vart skrive av ymse skrivekarar: 1611 Siurd. 1612/13 Siffuer. 1613/14 ein gong Siuvardt og ein gong Siurd. 1620 til 1625 Siffuar. 1626/27 Sigourd. 1627/28 Siffuor. Det same 1628/29 og 1629/30. So Siffer frå 1631 til 1633. So til slutt Siffuer frå 1635 til 1649 då han siste gong er nemnd. Me som lever 1944, vilde anten kalla mannen Sjur eller Sigurd).

Anders nemnd fyrste gong 1657 og siste 1691, gm. Brita Olsdtr.. Sjå under nr. 5 her på bruket.
Ved skifte etter Brita Olsdtr. 14/10 1703 syner det seg at Anders og ho hev havt desse born:
a.   Baste. Nr. 1  på b.nr. 2.
b.   Ola.
c.   Ragnhild.
d.   Marite.
e.   Agotte, d. 1751.

Sevat Mikkelsen, f. kr. 1660, d. 1749, gm. e. Brita Olsdtr. d. 1703. Skifte då. Gm. Brita. Fødestad ukjend. F. kr. 1678, d. 1753, 75 år g.
Born: 
a.   Brita f. 1704, gm. em. Guttorm Annfinnson Andvik på b.nr. 7.
b.   Marite f. 1707.
c.   Lars f. 1708. Nr. 6 her på bruket.
d.   Mikkel f. 1711.
e.   Kari f. 1713. Ho fekk barn med gift mann Knut Åmundson Trodal. Ho vart seinare gm. Anders Olson Heggernes (Hamre?).
f.    Ola f. 1715, gm. Åsa Larsdtr. Haugsvær. Bust. der, b.nr. 5.
g.   Jørgen f. 1718. Nr. 7 her på bruket.
1725 skøyte frå Svanenhielm på ½ l.s.

Lars Sevatson Kjetland, f. 1708. 1740 gm. Agnes Guttormsdtr. Andvik, f. 1710 på b.nr. 7, d. 1872. Barnlaust ekteskap.

14/10 1749 skøyte frå Ola Sevatson Haugsvær, Jørgen Sevatson (Kjetland), Guttorm Andvik på vegne av kona Brita Sevatsdtr. og Anders Olson Heggernes på vegne av kona  Kari Sevatsdtr. «efter vor Fader Siver Mikkelsen Kjetland til Lars Sevatsen ifølge Skj. af 21/6 1725, ½ L. 5. for 16 Rdl.».

Jørgen Sevatson Kjetland, bror til nr. 6, f. 1718, d. 1783. 1756 gm. Guri Olsdtr. I. Haugsdal, f. 1731 på b.nr. 5, d. 1781.
Born: 
a.   Sevat f. 1757. Nr. 8 her på bruket.
b.   Anders f. 1759, d. 1772.
c.   Brita f. 1764, gm. Ola Henrikson St. Matre på  b.nr. 1.
Jørgen må ha butt som inderst hjå broren. Han hev i vissa ikkje vore eigar av bruket.

Sevat Jørgenson Kjetland, f. 1757, d. 1812. 1784 gm. Åsa Olsdtr. Haugsvær, f. 1758 på b.nr. 5, d. 1786. 1786 gm. Dorta (Dordi) Monsdtr. Bjørnevoll frå Myking, d. 1811. 1811 gm. e. Ingeborg Ingebrigtsdtr. Kringlebotten, d. ¼ 1836.
Born: 
a.   Anders f. 1785. Nr. 9 her på bruket.
b.   Jørgen f. 1787.
c.   Åsa f. 1790, d. 1808. «Som ved en ulykkelig hendelse fandtes død i en Sneskred.»
d.   Lars f. 1794, d. 20/4 1843. Han var gm.  Kari Jørgensdtr. Kringlen. Ekteskapet barnlaust. Lars fekk bygsel på 18  mk. s. hjå broren Anders. E. etter han,  Kari Jørgensdtr., vart 1845 attgift med em.

Sjur Andersson Kalhovda. Ho fær kår på Kjetland hjå Sevat Andersson. I kårebrevet heiter det: «Da hun har afstaat sin bygselret til halvdelen (av bruket): 1½ ku, 4 smale» og avdrotten frit tilsendes hende aarlig. Ved Micheli tilleveres hende 1½ Td. Havrekorn og 8 Skj. poteter. Aarlig 20 Shilling til Lys.»
1782 skifte etter Agnes Guttormsdtr. (Sjå under nr. 6). Bruket sett til 30 rdl. og utl. på Sevat Jørgensen «for hans fordring» og på sterbu em. Lars Sevatson og på Mikkel Guttormson og på  Siri Guttormsdtr. og Engel Guttormsdtr., syskeni til Agnes.

1783 skøyte frå Lars Sevatson og dei andre utleggshavarane til Sevat Jørgenson Kjetland, 1 pd., 3  mk. s. for 46 rdl. Kjøparen åtte sjølv 9 mk. s., 50 bruket vart ½ 1. s.

Anders Sevatson Kjetland, f. 1785, d. 2/5 1861. 1816 gm. Olava Jørgensdtr. Eikemo. Ho er ikkje fødd på Eikemo i Masfjorden. So anten er ho frå Eikemo i Mo, eller so er ho frå Brekke ein stad, og hev tent på Eikemo og difor vorte skrivi etter garden ho hudde på.
Born: 
a.   Sevat f. 1818. Nr. 10 her på bruket.
b.   Ola f. og d. 1819.
c.   Jørgen f. 1820, d. 1845. Småkopper.
d.   Ola f. 1823, gm.  Siri Henriksdtr. St. Matre. Bust. der, b.nr. 2.

1786 tingl. skifte etter Åsa Olsdtr. (fyrste kona til nr. 8) ½ l. s. sett til 50 rdl. vart då utl. på Lars Sevatson Kjetland, sterbu em. Sevat Jørgenson og sonen Anders Sevatson. 1812 skifte etter Dordi Monsdtr. (andre kona til nr. 8) 1 pd., 3 mk. s. sett til 100 rdl. vart utl. på kreditor Jørgen Klausson Haugsvær, em. Sevat Jørgenson og sonen Lars Sevatson. 1815 tingl. skøyte frå Jørgen Klausson Haugsvær m. fl. til Anders Sevatson 1 pd., 3 mk. s. Han åtte sjølv 9 mk. s., so bruket vert no på 1 pdl., 12 mk. s.1815 tingl. kårebrev frå Anders Sevatson til faren Sevat Jørgenson og tredje kona, Ingeborg Ingebrigtsdtr.: 2 t. havre, ½ t potetor, 2 kyr, 6 smale.

10  Sevat Andersson Kjetland, f. 1818, d. 27/2 1899. 1836 gm. Ingeborg Olsdtr. Trodal f. 1805. Sjå b.nr. 2 i Trodal. D. 9/3 1850.
13/10 1851 gm. Gulline Sjursdtr. Romarheim frå Mo, f. 1824, d. 2/8 1862. 16/11 1862 gm. Elisabet Jensdtr. Instefjord frå Brekke, f. 1826, d. 29/10 1899.
Born: 
a.   Ola f. og d. 1837.
b.   Ola f. 1838, d. 1860.
c.   Marta f. 1841, d. 1846.
d.   Siri f. 22/11 1843. Mor gj. Dordi Olsdtr. Siri vart 18/6 1868 gm. Baste Knutson, son til Knut Selvågneset under Lauvvik. Baste og Siri budde på Fesøy i Austrheim.
e.   Anders f. 22/9 1844. Nr. 11 her på bruket.
f.    Martinus f. 13/7 1847. Budde på Røyrvik i Gulen.
g.   Jørgina f. og d. 1850.
h.   Ingeborg f. 2/1 1854, gm. Rasmus Erikson I. Haugsdal på  b.nr. 1.
i.    Brita f. og d. 1857.
j.    Brita f. 19/10 1858, gm. Lars Erikson I. Haugsdal. Bust. Storemyri under Kjetland, no b.nr. 5.
k.   Jørgen f. 26/5 1862. Reiste til Amerika.
1.   Ola Martin f. 20/8 1863. Sjå Fosshaug under Bjørnekletten.
m.  Olina f. 19/10 1864, gm. Martinus Nilsson Eikemo frå Hosanger 10/6 1890. Budde ei tid på b.nr. 2 i Duesund. Mar­tinus var son til Nils Mikkelson frå b.nr. 2 på Kjetland, som 1854 vart gm. Marta Andersdtr. Odnekvamme og busette på Eikemo, Hosanger.
n.   Georgina, tvilling med m., gm. Gjert Sjurson Molland 15/5 1896. Han frå b.nr. 2 på Molland. Dei flytte til Etne.
o.   Henrikka f. 20/1 1866, gm. Lars Sjurson Molland. Bust. Alvikhaugen under Molland, no b.nr. 3.
1836 skøyte frå Anders Sevatson til sonen Sevat ½ 1. s. for 150 spdl. og kår til faren, 1 t. korn, 10 skj. potetor, 1 ku og 4 smale. «Overflades brugen af Brekkeager paa Lundetræet.»

11  Anders Sevatson Kjetland, f. 22/9 1844, d. 27/8 1895. Han vart hangande fast på ein løypestreng og skreid nedover på den og datt ned og slo seg til ulivs. 3/6 1866 gm. Trina Jensdtr. Instefjord frå Brekke, f. 1843, d. 26/4 1926.
Born: 
a.   Inga f. 20/6 1866, gm. Gjert Kolbeinson Reknes på b.nr. 2.
b.   Marta f. 6/7 1868, gm. Ludvig Guttormson N. Haugsdal frå b.nr. 4, 9/12 1900. Dei fekk borna Torveig, Gustav og Anna, Dei kom til bunads på Rebnor i Austrheim. Der er Ludvig landhandlar og hev attåt eit småbruk.
c.   Sakarias f. 19/2 1871. Nr. 12 her på bruket.
d.   Jensina f. 18/1 1875, gm. ein Brendsdal frå Sogn. Utvandra til USA.
e.   Johanna f. 19/6 1878. Utvandra til USA.
f.    Malena f. 1880, d. 1883.
g.   Ola Bertin f. 7/12 1882. Utvandra til USA 1900, d. 1967.
h.   Martin f. 23/1 1884, d. 7/8 1889. «Faldt fra et fjeld».

12/7 1873 skøyte frå Sevat Andersson til sonen Anders for 400 spdl. Med kåret var det ordna fyrr.

12  Sakarias Andersson Kjetland, f. 19/2 1871, d. 25/9 1950. 17/5 1899 gm. Anna Sjursdtr. Vågset f. 26/9 1871 på b.nr. 1, d. 14/5 1947.
Born: 
a.   Albert f. og d. 1900.
b.   Albert Teodor f. 28/1 1902. Nr. 13 her på bruket.
c.   Sigurd f. 31/7 1905. Sjå b.nr. 5, Storemyri, under Kjetland.
d.   Ragnhild f. 11/1 1908, gm. Søren Kvanisdal, Haugsvær, b.nr. 12.
e.   Tilla Malena f. 3/3 1910, d. 4/8 1932.
f.    Malvin f. 4/2 1913.
25/10 1897 skøyte frå Anders Sevatson til sonen Sakarias for 1600 kr. og kår (400 kr.).

13  Albert Teodor Sakariasson Kjetland, f. 28/1 1902, d. 14/7 1935 ved ei ulukke. Han datt baklengs ned frå låvebrua med ei høybør på ryggen og skamfor seg så det vart hans død. 4/11 1932 gm. Gudrun Rasmusdtr. Kvamsdal, f. 30/1 1905 på b.nr. 2, d. 26/4 1973.
Born: 
a.   Anna f. 12/10 1933, gm. Odd Jakobson Molland. Sjå Gunnarbuøyra.
b.   Albert Gunnar f. 20/12 1935. Nr. 14 her på bruket.

5/11 1934 skøyte frå Sakarias Andersson til sonen Albert for 3 000 kr. og kår.

14  Albert Gunnar Kjetland, f. 20/12 1935 (14a), g. 15/8 1964 m. Marita Kambestad f. 22/3 1941 i Ullensvang.
Born:
a.   Anders f. 27/5 1965
b.   Gro Kjersti f. 2/2 1968
c.   Turid f. 11/8 1969
Skøyte 6/5 1968 frå Gudrun Kjetland til sonen Albert for 16000 kr.
Albert Kjetland var ordførar i Masfjorden frå 1980 til 1983.