Brukarar. Bruk 1 (og 2)

Mons nemnd 1519.

Tosteen nemnd 1522.

Anders nemnd fyrste gong 1603, siste gong 1615. 1611 husmand Oluff.

Thore frå 1615 til 1633. Samstundes med Thore er i åri 1620/21 og 1628/29 nemnd Niels.

Peder nemnd fyrste gong 1635, siste gong 1668. Ved kopskattmanntalet 1645 hadde han kona  Kari og dottera Åsa. 1666 hadde han fostersonen Mogns Mognsen. 1668 er saman med Peder nemnd Morten.

Hans er på bruket 1691, men kan då gjerne ha vore der ei tid. Gm. Marthe Michelsdtr. Brendsdal. (Etter overlærar Engesæter).
Frå ymse kjeldor hev ein funne at Hans hadde desse born:
a.   Jon.
b.   Eli. Sjå under nr. 8 her på bruket.
c.   Ivar. Kom til L. Matre, b.nr. 3.
d.   Anders.
e.   Mikkel.
Dei 2 sistnemnde var ved manntalet heima hjå stykfaren Henrik. Anders fekk sonen Peder med  Kari Mikkelsdtr. S. Matre,  b.nr. 1.

Henrik Filipson Asheim (etter L. Engesæter). D. 1704. Gm. e. Marta Mikkelsdtr. Tverbjørg.
Born: 
a.   Gjertrud.
b.   Anna f. 1702.

Rognald Jonson Verkland frå Brekke f. 1681, d. 1748. 1704 gm. e. Marta Mikkelsdtr. Tverbjørg.
Born: 
a.   Brita f. 1705. Sjå under nr. 9 her på bruket.
b.   Henrik f. 1707.
c.   Kari f. 1711.
22/10 1704 tingl. bygselsetel frå «velbyrdige Iver von Ahnen til Rognald Joensen på 1 Pd, S, 1 Faaer udi den Jord Tverberg. Dat. Copanger 24/4 1704».

Rasmus Steffenson Haukeland, f. 1709, d. 1760, gm. Brita Rognaldsdtr. Tverbjørg, f. 1705, d. 1744. 2/7 1744 gm. Anna Rasmusdtr. Ynnesdal frå Brekke.
Born:
a.   Steffen f. 1739, d. fyrr skifte etter faren 1761.
b.   Ein gut jordfest 1740, fem dagar gamal
c.   Kari f. 1741.
d.   Mikkel f. 1741, gm. e. Ragnhild Jakobsdtr. Hope i Lindås 1765.
e.   Anna f. 1745.
f.    Rasmus f. 1746, gm. Lisbet Fusesdtr. L. Matre. Bustad der, b.nr. 2.
g.   Lars f. 1747.
h.   Rognald f. 1748, gm. Engel Torgeirsdotter Haugsvær. Bust. Lille Matre, b.nr. 2.
i.    Brita f. 1749, gm. Mikkel Olson Haugsvær på b.nr. 5.
j.    Sjur f. og d. 1751.
k.   Hans f. 1752, d. 1758.
1.   Siri f. 1754, d. 1756.
m.  Siri f. 1757, d. 1782.
n.   Brita f. 1758, gm. em. Lars Torgeirson Totlandsdal 1784.
o.   Marita f. 1761, gm. Lars Olson Haugsvær frå b.nr. 5. Bust. N. Kvinge, b.nr. 7.

2/11 1848 dagsett bygselsetel frå Hans Knagenhielm på mori sine vegne til Rasmus Steffenson 1 pd. s., 1 får i Tverbjørg.

10  Johannes Olson Bauge f. 1739, d. 1815. 1761 gm. e. Anna Rasmusdtr. Tverbjørg, d. 1815.
Born: 
a.   Ein dødfødd son 1763.
13/8 1761 dagsett bygselsetel frå Chatharina Elisabet Sal. hr. Cancilliraad De Knagenhielm til Johannes Olson, 1 pd. s., 1 får. 1776 fær han skøyte.

11  Åmund Hansson Åmundsbotten, f. 1765, d. 11/11 1860. 1804 gm.  Kari Knutsdtr. I. Haugsdal, f. 1763 på b.nr. 4, d. 3/7 1852.
1802 skøyte frå Johannes Olson Tverbjørg til brorsonen Åmund Hansson for 198 rdl. og kår til Johannes og kona: 3 t. korn, 3 kyr og 8 smale.

12  Martinus Steffenson Haugsvær f. 1796 på b.nr. 6, d. 5/8 1865. 1831 gm. Lisbet Rasmusdtr. Åmundsbotten, f. 1805, d. 1851.
25/6 1852 gm. Engel Rasmusdtr. Åmundsbotten, f. 1802, d. 15/9 1874.
Born:
a.   Anna f. 1832, d. 12/7 1869.
b.   Kari f. 1834, d. 29/10 1866.
c.   Sigrid f. 1836, d. 24/11894.
d.   Steffen f. 1839, d. 1843. Han datt i ei kokheit vassgryta.
e.   Åmund f. 1842, d. 1843. Kikhoste.
f.    Randi f. 9/11 1843, gm. Rasmus Fuseson Hosteland på b.nr. 7.
g.   Steffen f. 5/1 1847. Nr. 13 her på bruket.

1831 skøyte frå Åmund Hansson til «hans kones brodersøn» Martinus Steffenson halvparten av bruket, 12 mk. s., ½ får for 96 spdl. og kår til Åmund og Kari: 1 ½ t. korn, 1 ½ t. potetor, 1 ½ ku, 4 smale. (Det same av b.nr. 2). Når det eine av korfolki døyr, skal det svarast berre det halve. «Men dersom hans nuværende hustru dør før han, og han skulde ønske at indtræde i nyt ekteskab, saa skal hans eventuelle hustru, hvis hun overlever ham, være beret­tiget til frit leveret: 1 t. korn, 1 t. poteter, foster til 1 ko, 2 faar saa­lenge hun lever.»

13  Steffen Martinusson Tverbjørg, f. 5/1 1847. 16/2 1886 gm. Marta Olsdtr. I. Haugsdal, f. 18/1 1860. Dotter til platsmann Ola Larsson.
Born: 
a.   Martin f. 21/2 1886, d. som ungkar 10/10 1940.
b.   Lisa f. 26/10 1888, gm. Fuse Lasseson I. Haugsdal frå b.nr. 2, 2/2 1909. Utvandra til Amerika.
c.   Bertina Engelina f. 22/2 1892, gm. farmar i Montana, Martin Larsson I. Haugsdal, son til Lars Knutson Kjølneset. Gifte 15/9 1914.
d.   Sigfrid f. 10/11 1894. Nr. 14 på bruket.
e.   Ola f.
27/5 1867 skøyte frå e. Engel Rasmusdtr. til styksonen Steffen Martinusson for 270 spdl. og kår: (215 spdl.).

14  Sigfrid Steffensdtr. Tverberg, f. 10/11 1894, d. 23/11 1964 ved ei ulukke ved Kjetlandsbrua. Ho var ugift.
8/4 1937 skøyte frå Marta Olsdtr. Tverberg til dottera Sigfrid Steffensdtr. for 3 000 kr. og kår til mora og broren Martin Stef­fenson.

15  Johannes Andreas Larsson Kjetland f. 28/10 1901 på b.nr. 5(1f), g. 26/7 1924 m. Hilma Lund frå Bergen.
Born: 
a.)   Olav f. 9/8 1922, g.m. Kirsti Oliva Tverberg f. 22/6 1924. Bur i Bergen.
Deira born:
a.     Grete Karin f. 10/5 1947, g. 1970 m. Bjarne Ryland f. 6/2 1946.
b.     Asbjørn f. 13/3 1950
——————————————————-
b.)   Bjarne f. 23/1 1928. Nr. 16 her.
c.)   Asbjørg f. 5/6 1933
26/5 1941 Skøyte frå Sigfrid Steffensdtr. Tverberg til Johannes Larsson Kjetland for 6000 kr og kår.

16  Bjarne Kjetland, f. 23/1 1928 (15b).

17  Harald Tverberg. Sjå b.nr. 2.
Skøyte 24/8 1963 frå Bjarne Kjetland til Harald Tverberg for 25000 kr.