Utflytte frå b.nr. 2

Nr. 8 e. Martin Olson Kringlebotten f. 7/9 1870, d. 7/1 1944. 3/8 1897 gm. Anne Margrete Helle f. 2/8 1875 i Helle, Nedstrand, d. 25/10 1950.

Martin Kringlebotten gjekk As Landbrukshøgskule og vart styrar av Holt Jordbruksskule frå 1907. Då han gjekk av kjøpte han eigedomen Høgda i Søndeld, nær Risør.
Born:
a.   Johannes f. 3/7 1898.
b.   Oddmund f. 13/4 1900.
c.   Modolf f. 3/6 1902.
d.   Berge Helle f. 22/1 1904.
e.   Gunnar f. 14/11 1905.
f.    Petra f. 22/5 1907.
g.   Brynhild f. 20/3 1909.
h.   Jakob f. 9/11 1911.
i.    Solveig f. 13/5 1913.
j.    Helga f. 5/1 1915.

Nr. 8 h. Johannes Olson Kringlebotten f. 1/12 1876, gm. Sygni Sjursdtr. Mollandseid. Budde på garden Østren i Etne (farsgarden) etter han ei tid hadde vore i Amerika. Er no død. Sonen Olav har no farsgarden. Nr. 8 i. Johan Martin Olson Kringlebotten f. 12/2 1879. Kona heiter Olina. Dei hev sonen Olav. Han er agronom og skal truleg ha garden. Dei hev og ei dotter som heiter Sigrid og er gm. misjonær Undheim i Det Norske Misjonsselskap.