1 Ingebrigt Larsson Kringlebotten, f. 1728. 1756 gm. Eli Ivarsdtr. L. Matre, f. på b.nr. 3, d. 1784. 1784 gm. Anna Pedersdtr. Andvik, f. 1748 på b.nr. 5.
Born:
a. Kari f. 1757, d. 1779.
b. Siri f. 1758, gm. em. Herlaug Olson Andvik på b.nr. 3.
c. Randi f. 1761, gm. Gullak Halvardson Fosse på b.nr. 1.
d. Ingeborg f. 1763. Sjå under nr. 2 og 3 her på bruket.
Dette bruket vart so skyldsett 1789, og Ingebrigt rekna seg som rydningsmann. Ingebrigt budde på Matre på gamle dagar.
2 Ola Jakobson Fjellanger, f. 1757 i Eksingdalen, d. 1787. 1786 gm. Ingeborg Ingebrigtsdtr. Kringlebotten, f. 1763.
Born:
a. Eli f. og d. 1786.
Ved skifte etter Ola Jakobson 11/6 1787 syner det seg at han hadde 3 heilsystre og 1 halvsyster. Det vert medteke her, so ein kan sjå at Ola ikkje var frå Fjellanger i Lindås.
1. Fuldsøster Brita Jacobsdtr., 26 Aar gl., med formynder Anders Iversen Fladeqval, som var tilstede.
2. Fuldsøster Kari Jacobsdtr., 24 Aar, med samme formynder.
3. Yngste Fuldsøster Martha, med formynder Michel Torbjørnsen Fieldanger.
4. Halvsøster Ingeborg Michelsdtr., 4 Aar gi., med formynder Miehel Torbiørusen Fieldanger.
3 Johannes Andersson Kringlebotten, f. på Ærvik. Son til nr. 2 på b.nr. 1. 1788 gm. e. Ingeborg Ingebrigtsdtr. Kringlebotten, f. 1763.
Born:
a. Ola f. 1789, gm. e. Kari Magnesdtr. Nordland på b.nr. 5.
b. Lars f. 1791, gm. Anna Eriksdtr. Nordland. Bustad Audvik, b.nr. 6.
c. Anders f. og d. 1793.
16/10 1795 skøyte frå Ingebrigt Larsson Kringlebotten «til min datters mand Johannes Anderssen», 6 mk. s. for 10 rdl.
Johannes Andersson forsvant frå Kringlebotten, utan ein kan seia grunnen. Anten hev han beint fram rymt, eller han kan vorte sjuk og innlagd på sinnssjukehus eller «spetalen» eller han kan ha gjort noko gale og kome på livsvarigt fengsel.
1811 vart Ingeborg gm. em. Sevat Jørgenson Kjetland på bn.1. Ho var då skrevi for enkja.
Nr. 1 : Ingebrigt Larsson budde som fyrr sagt, på Matre på sine gamle dagar. Der d. han 1802. Han fall utfor eit fjell og slo seg til ulivs. E. Anna Pedersdtr. vart same året attgift med Ola Sjurson Høye (Hauge) i Myking.
4 Ola Johannesson Nedre Helland, frå Modalen, f. 1765, d. 1843.4/10 1795 gm. Anna Johannesdtr. Otterstad, f. 1773, d. 1812. Gm. Ragnhild Knutsdtr. Nygård frå Modalen, d. 14/6 1838, 64 år.
Born:
a. Johannes f. 1796. Nr. 5 her på bruket.
b. Anna f. 1798, gm. Kristen Amundson Hope i Lindås 1837.
c. Johannes f. 1800, d. 1831. Kom burt i isen saman med broren.
d. Nils f. og d. 1804.
e. Brita f. 1805, gm. Rognald Larsson Fosse på b.nr. 2.
13/5 1797 tingl. skøyte «fra Johannes Andersen Kringlebottens Hustru, Ingeborg Ingebrigtsdtr.. (Min nu fraværende Mand) tilhørende 6 Mk. 5. Landskylds Leie for 110 Rdl. til Ole Johannesen».
5 Johannes Olson Kringlebotten, f. 1796, d. 1831. Drukna i isen saman med den yngre broren. 1823 gm. Anna Olsdtr. St. Matre, f. 1799 på b.nr. 1.
Born:
a. Anna f. 1825, gm. Mons Monsson Fosse. Sjå nr. 7 her på bruket.
b. Brita f. 1828, gm. Matias Henrikson St. Matre. Bustad: Kringlebotten, b.nr. 1.
c. Johanna f. 1830, gm. Torkjell Kristenson Fosse frå b.nr. 1, 15/4 1860. Bustad Hope i Lindås.
17/10 1818 skøyte frå Ola Johannesson til sonen Johannes, 6 mk. s. for 36 rdl. og kår til faren og stykmori: 3 kyr, 8 smale ½ t. potetor og «1 Vog Korns Udsed».
6 Botolf Olsen Buene eller Ladmandsvik frå Aurland i Sogn, f. 1794, d. 15/3 1885. 1832 gm. e. Anna Olsdtr. Kringlebotten, d. 26/5 1850.
Born:
a. Brita f. 1835, gm. Johannes Rognaldson Fosse på b.nr. 2.
b. Ragnhild f. 1836, gm. em. Anders Andersson L. Matre på b.nr. 1.
c. Olia f. 4/12 1840, gm. Johannes Rognaldson St. Matre på b.nr. 3.
d. Ola f. 6/4 1842. Nr. 8 her på bruket.
e. Annfinn f. 12/5 1846, gm. Engel Rognaldsdtr. Fosse frå b.nr. 2. Bustad Stordal på plasset under b.nr. 2 på Fosse.
Ved skifte etter Johannes Olson Kringlebotten vart bruket utl. på e. Anna Olsdtr. for 60 spdl. mot at ho godtgjorde dei 3 døtrene med 10 dalar kvar.
7 Mons Monsson Fosse, f. 1823 på b.nr. 2, d. 4/10 1864.10/10 1850 gm. Anna Johannesdtr. Kringlebotten, f. 1825 på b.nr. 2, d. 2/7 1862.
Born:
a. Anna f. og d. 1852.
b. Johanna f. og d. 1853.
c. Brita f. og d. 1855.
d. Marta f. 23/11 1856, gm. Hans Johannesson Hope i Lindås.
Ved skifte etter Anna Olsdtr. 1850 vart bruket utl. på dottera Anna Johannesdtr. for 100 spdl. mot at ho svarar heilsystrene og halvsystrene deira arv i pengar. 1851 tingl. kårebrev frå Mons Monsson til Botolf Olson.
8 Ola Botolfson Kringlebotten, f. 6/4 1842. 21/6 1863 gm. Malena Olsdtr. Fonnebust frå Lindås, f. 1833. Ho var dotter til Ola Sjurson, f. på Andvik, b.nr. 4, gm. Marta Åmundsdtr. Kvamsdal frå b.nr. 3.
Born:
a. Bernt f. 1/8 1863, gm. Anna Andersdtr. L. Matre. Bustad Bjørneklett.
b. Ola f. 10/11 1864, gm. Andrea Olsdtr. Tverbjørg 26/6 1893. Dei flytte til Etne, der dei kjøpte seg gard.
c. Herlaug f. 8/11 1866. Flytte til Etne med faren. Hev vore lenge i Amerika.
d. Anna f. 1/10 1868, gm. Andreas Nilson L. Matre på b.nr. 4.
e. Martin f. 7/9 1870. Gjekk jordbruksdeildi på Ås og vart styrar på ein jordbruksskule i Holt.
f. Anfinn f. 3/11 1872. Utvandra til Amerika.
g. Mons f. 30/9 1874. Utvandra til Amerika. Bonde i Etne no (1946).
h. Johannes f. 1/12 1876. Sjå utflytte.
i. Johan Martin f. 12/2 1879. Sjå utflytte.
3/11 1862 bygselsetel frå Mons Monsson til Ola Botolfson på bruket for 16 år med kåreplikt til Mons.
13/4 1866 skifte etter Mons Monsson og kona. Bruket vart då utl. på dotri Marta som er gm. Johannes Hope i Lindås, for 180 spdl.
8/11 1881 tingl. skøyte frå Hans Johannesson Hope til Ola Botolfson Kringlebotten for 2 120 kr. «Havnegangen Graasiden er undtaget fra Salget, ligesom Selgeren har ret til Brende til sæterbrug i nævnte Havnegang».
9 Mons Olson Bjørnevoll, f. 12/11 1852 i Myking, d. 16/3 1938.11/9 1878 gm. Gurina Olsdtr. St. Matre frå b.nr. 1. , f. 4/7 1854. d. 8/5 1938.
Born:
a. Ole f. 4/10 1878 gm. Kristina Andersdtr. L. Matre b.nr. 4.
b. Ingeborg Kristina f. 2/1 1883 gm. Ludvig Vågset b.nr. 2.
c. Olina Bergitta f. 3/5 1886, gm. Edvard Askeland Myking. Bur der.
d. Brita f. 3/5 1886. Tvilling med e, gm. Rognald Jonson Kalhovde frå b.nr. 6. Bustad: Portland, Oregon, Amerika. Forretningsmann der.
e. Karl Anfinn f. 22/2 1889. Laksefiskar i Amerika.
f. Dorthea Maria f. 5/11 1891, gm. Berge Askeland, Myking, d. 1933.
g. Martina Gurina f. 13/6 1894. Kafedame i Oslo.
h. Daniel f. 11/2 1897. Bustad: Amerika.
i. Konrad Bertin f. 23/8 1900, d. 28/6 1921.
31/5 1894 skøyte frå Ola Botolvson Kringlebotten til Mons Olson Jordal (Bjørnevoll skriv han seg for) på d.b. for 3 000 kr. Bjørnevoll budde på bruket til han selde til direktør Hiorth. 19/12 1907 skøyte frå Mons Bjørnevoll til Hiorth for 12 150 kr. Mons og Gurine budde i seinare år hjå sonen Ole på L. Matre b.nr. 4.