Um namnet seier O. Rygh at det kjem av ordet kringla, krets, ring, samansett med botten. Namnet skulde etter dette tyda ein rund botten, og det høver godt. Bør skrivast Kringlebotten eller Kringlebotn.
Um kva tid Kringlebotten er uppteken, finn ein dette i tingbok nr. 40: «Anno 1736 den 23/11 «Ting på Skjærjehavn:» Siur Knudsen Store Matre, og Stephen Nielsen Lille Matre ladet indstefne Lars Tørrissen fordi han huser og hæler sin Broder og fordi han sidder paa Citanternes Grund og Eiendom ved navn Kringle botten. Den indstefnte mødtte for Retten og tilstod lovlig at være stefnet for be.te. Sag til dette Ting med 3 Uger Varsel af Citanterne ved Iver Lille Matre og Mons Halvorsen Store Matre. Den indstefnte Lars Tørrisen fremlagde en skriftlig Tilladelse af Dato 11. Mai Anna 1730 underskreven paa Stiftsbefalings Mandens Vegne og i hans Absence af Sal. Stub, hvorved Lars Tørrisen er tilladt at rydde den Plads han paa sidder, med videre bm.te. Doeument indeholder, hvorved Sagen da beror til næste Ting, da Citanterne haver at forskaffe Vidner der kand prove forchlaring om Den Plads Lars Tørrisen besidder er Citanterne tilhørende».
At Lars Tørrisen «huser og hæler sin Broder» refererar seg til ei sak som hadde vore fyre um Johannes Tørressen, som hadde sett seg til i Brydalen under St. Matre utan å ha fenge løyve av nokon.
Saki um Lars kom aldri uppatt.
Året 1789 vart Kringlebotten skyldsett under matr. nr. 185 og skyld 12 mk. s.
Garden ligg i ein fjelldal, som munnar ut i Store-Matersdalen på sudaustre sida av dalen, midt uppe i fjellet. Kringlebotselvi sturtar utfor og lagar Hommelfossen. Klaven heiter fjellet som skil Kringlebotten frå Brydalen med garden Fosse, og på hi sida skil fjellet Gråsida millom heimste Kringlebotsdalen og Litlematredalen. Beitemarki, som høyrer Kringlebotten til, skjær i nordaust langt inn i fjellet til merkes mot Modalen og Sogn.
Då Lars Tørrisson kom til Kringlebotten, fann han nok fura til hustimmer, og enno finst det litt fura att, og bjørkeskog er det enno langt inn i Kringlebotsdalen. Kringlebotten var fyrr rik på fugl, fisk og hjort. Men ulven og bjørnen ville nok jamt dela med Lars. Men han let dei ikkje rå seg som dei vilde. 20/11 1730 fekk han premie på tinget for ein bjørn «Lars Tørrisen Kringlebotten Tredje Pintsedag sist afvigte havde skudt udi Kringlebottens Mark 2 Rdl.» 28/10 1752 fekk han premie for ein bjøru han hadde skote i Store Matre si utmark. Same dagen «fremviste» han skinnet av 5 ulvungar han hadde drepe i utmarki på St. Matre.
Lars Tørrisson hev nok ikkje havt sutelause dagar i Kringlebotten. Det kan ein sjå av skifte etter han 1782. Skifte vert her medteke, so ein kan sjå korleis det stod til i Kringlebotten då rydningsmannen «la ned vandringsstaven sin».
Kringlebotten (Plads).
Aar 1782 d. l8de Juli Skifte efter Afgangen Mand Lars Tørrisen, hvis Boe deles mellem Enken Ragnele Johannesdatter med Laugverge Siur Jørgensen Store Matre og mellem afdødes i tvende Ægteteskab avlede 4 Sønner og 2de Døtre.
- Ældste Søn Ingebrigt Larsen, myndig, tilstede.
- Iver Larsen, myndig, tilstede.
- Halvor Larsen, myndig, tilstede.
- Yngste Søn Anders Larsen, myndig, tilstede.
- Ældste datter Anne Larsdtr. Gift med Steffen Monsen Furebotten.
- Yngste Datter Anne Larsdtr. 15 Aar gl. med v. Halvbroderen Halvor Larsen Fosse.
som fragår det af enken paastaaende begravelsesvederlag.
(Merknad: Eg fekk passiva til 3, 4, 15, men anten eg hev rekna feil eller hev gjort ein feil under avskrifti eller det er skiftestyret som hev gjort feil, torer eg ikkje seia. N. L.).