50 Fossen

Fossen, b.nr. 1
Fossen, b.nr. 1

Rette namnet er Fosse.
Skyldsett 21/11 1811. Sk. 12 mk. s.

Garden hev fenge namnet sitt etter fossen, som feil utfor fjellet frå garden. Fossen heitte fyrr Brydalsfossen, og dalen innover frå fossefallet heitte Brydalen. Eit fjell straks innafor garden heiter framleis Brydalsfjellet.

30/5 1755 tingl. «Bevilling fra Henrik Larsen og Mons Halvorsen St. Matre til Iver og Halvor Larsen Kringlebotten til at bebo og oprydde Stordalen eller Brydalen liggende ovenfor Fossestrøm­men nordøst for vores Gaard bemeldt Store Matre.» Matremennene tok unda «ret til at bortføre den fornødne Skov til eget Brug. Lei­lendingene derimod overlades til sit Brug af samme at betjene sig tillige – ligesom deraf at opbygge de fornødne Huse på egen be­kostning.» Grunneigarane hadde «bekommet hver for sig en ringe Kjendelse.» Men rydningsmennene skulde vera fri «Husmands- eller Grundleie», til dei hadde fenge plassane so fjerre istand at dei kunde tola avgift. Då skulde «kyndige Mænd» setja fast grunn leiga.

Fossen, Stordalen fjellstove
Fossen, Stordalen fjellstove

Foto: Ivar Helge Matre