Utskilt frå b.nr. 1, 2, 3 og 4, 1906.
1 Ola Jonson Haugsvær, f. 1787 på b.nr. 4, d. 16/6 1862. 1835 gm. Randi Olsdtr. Vågset, f. 1806 på b.nr. 2, d. 20/7 1876.
Born:
a. Jetmund f. og d. 1836.
b. Jon f. 28/9 1839. Nr. 2 i Juvik.
c. Ola f. og d. 1842.
d. Hogne f. 28/12 1843. Bust. Grimhaugane på Haugsvær.
e. Dordi f. 3/7 1846, d. 13/4 1900.
Festesetelen til Ola Jonson er so forvitneleg at han vert medteken her. «1839 Festesetel af denne Gaards Eiere til Ole Jonsen Haugsvær paa et Plads kaldet Juvigen.
Jetmund Jonsen, Amund Steffensen, Lars Larsen, Ole Larsen, Lars Amundsen og jeg Ole Jonsen Haugsvær senior for hans og nulevende Kones Randi Olsdtatters Levetid, et os tilhørende og i Udmarken liggende Plads Juvigen.» Ved fekk han ta «avskatt og affaldskvist» hjå Jetmund Jonson og Amund Steffensen «efter anvisning», ikkje hjå nokon annan. Hus måtte han sjølv kosta upp utan å få material hjå jordeigarane. Men då skulde husi høyra han og arvingane til. Han skulde ha hamnegang til 2 kyr «nemlig hos Amund Steffensen og hos Jetmund Jonsen, Lars og Ola Larsen 1, ligeledes havnegang til 4 faar.» Bygselen er efter forening betalt, men i årlig afgift, 8 arbeidsdage til sine eiere naar paakræves, og tilpliktes han at holde lovlig Gjærde om Pladsen, men Hund maa han aldeles hverken bruge eller holde». Det er teke so mykje med av festesetelen at lesarane kan sjå kva kår ein plassmann fekk.
2 Jon Olson Haugsvær, f. 28/9 1839, d. 18/4 1924. 7/9 1862 gm. Kristi Olsdtr. Kleiven frå Myking, f. 1837, d. 5/8 1924.
Born:
a. Ola f. 1862, d. 1863.
b. Ola f. 8/6 1864. Var lærarutdana, men utvandra til Amerika.
c. Olai Severin f. 28/4 1867. Nr. 3 i Juvik.
d. Rasmus f. 24/2 1870. Utvandra til Amerika.
e. Josefina Kristina f. 17/1 1873, gm. Ola Rognaldson Y. Haugsdal på b.nr. 6.
f. Aletta Samulina f. 20/7 1876, gm. Knut Samsonson Handeland frå Fjelberg. Bust. der.
g. Olina Maria f. 25/5 1879, gm. Ivar Rognaldson Y. Haugsdal. Bust. S. Hope , b.nr. 8. Utd. lærar.
Dagsett 2/1 1895 og tingl. 25/10 1897 kjøpekontrakt «hvorved Knut Rasmusen selger sin ¼ i Plassen Juvik for 400 kr. til Jon Olson Haugsvær». Nokon festesetel til Jon finst ikkje tinglesen. Jon var lærar i Haugsvær og Matre krinsar og kyrkjesongar til Solheim kyrkja.
3 Olai Severin Jonson Haugsvær, f. 28/4 1867 (2c), d. 5/8 1956.
Gift 2/12 1902 m. Sofia Ingebrigtsdtr. Kleiven f. 11/7 1884 i Myking, d. 18/4 1976.
Born:
a. Klara f. 4/9 1903, g. 3/5 1925 m. Olav Monsson Trodal. Bur der på b.nr. 2.
b. Inga f. 1/1 1906, g. 14/10 1927 m. Olaf Jetmundson Haugsvær. Sjå b.nr. 14.
c. Jon f. 20/1 1908. Nr. 4 her.
d. Signy f. 22/1 1911, g. 20/6 1930 m. Jon Jetmundson Haugsvær. Sjå b.nr. 4.
e. Håkon f. 1913, d. 1916.
f. Odd f. 20/11 1914, g.m. Borghild Lidsheim. Bustad Fana. Ekteskapet er oppløyst.
Deira born:
a. Rigmor f. 22/5 1946.
—————————————————
g. Håkon f.5/11 1917. Nr. 5 på bruket.
Skøyte 16/5 1906 til Olai Haugsvær på b.nr. 10 frå eigarane av b.nr. 1,2,3 og 4 for 1600 kr. Same dag skøyte frå faren på husa for 400 kr.
4 Jon Olaison Juvik, f. 20/1 1908 (3c), d. ved eit ulykketilfelle 11/12 1939. Gift 22/6 1933 m. Svanlaug Martindtr. St. Matre f. 2/2 1908 på b.nr. 1 (10a), d. 30/8 1940.
Born:
a. Ola f. 13/12 1934, g. 27/6 1964 m. Astrid Ulvmoen f. 12/2 1942 i Koppang i Østerdalen.
Deira born:
a. Jon Ivar f. 1/1 1966
b. Kirsti f. 21/1 1970
—————————————————
b. Anne Mari f. 21/5 1937, g. 11/7 1959 m. Sverre Steinsland , f. 16/10 1931 i Samnanger. Bur på St. Matre.
Jon hadde ikkje teke over bruket.
5 Håkon Juvik, f. 5/1 1917 (3g), g. 1/6 1941 m. Signy Matre f. 21/3 1918 på b.nr. 1 (10d).
Born:
a.) Svanlaug Jofrid f. 16/4 1942, g. 17/6 1961 m. Hans Austgulen, f. 24/9 1937. Bur i Austgulen.
Deira born:
a. Hans Bjørnar f. 7/3 1963, g. 24/5 1986 m. Kjersti Elise Kjellevoll f. 17/7 1963.
Bur i Bergen. 2 born.
b. Ingvild f. 30/6 1966, g. 29/6 1985 m. Ottar Trodal f. 5/7 1955 på b.nr. 4 (1a). Ekteskapet oppløyst. Attgift 29/7 1988 m. Kjell-Arne Johansen f. 7/11 1952 i Vardø. Bur i Austgulen. 3 born.
c. Hogne f. 18/9 1969
d. Håvard f. 16/6 1975
—————————————————–
b.) Astrid Marie f. 3/9 1944, g. 16/7 1966 m. Erling Nybø f. 12/8 1941 i Bergen. Ekteskapet oppløyst.
Deira born:
a. Kristi Juvik f. 11/8 1967, g. 1988 m. Arild Brattetaule frå Lindås. Bur i Åsane. 2 born.
b. Espen f. 9/8 1976
Astrid Marie attgift 1988 m.Arne Garvik f.21/12 1940. Bur i Bø i Telemark.
—————————————————–
c.) Randi Synnøve f. 26/4 1950, g. 4/9 1971 m. Reidar Vikane f. 28/4 1950 i Kvinnherad. Attgift 20/8 1976 m. Finn Ronald Lie f. 2/5 1949. Bur i Dalen i Telemark.
Deira born:
a. Elin Juvik f. 18/1 1982
—————————————————-
d.) Jon Ola f. 29/11 1957, g. 4/3 1992 m. Grethe Brændø f. 19/11 1954.
Deira born:
a. Synnøve Brændø f. 18/8 1992
Skøyte tingl. 10/9 1940 frå Olai Jonson til sonen Håkon for 2700 kr og kår.
Skøyte 23/12 1974 til Jon Ola Juvik som hans særeige for kr 15000 og husrett.