Hopsøyri

(millom Hopsvatnet og den gamle heimebøen på Vågset.)

1666 budde det to husmenn eller strandsitjarar på Vågset. Mogens 57 år og Johans i Skjæret 60 år.
1783 døyr Jørgen Jørgenson Hopsøren 96 år gamal.

Lasse Andersson S. Kvinge, f. 1730 anten på b.nr. 4 eller på eit plass under S. Kvinge. 1781 gm.

Brita Andersdtr. Kringlebotten, f. 1764, d. 1831. Legdslem.
Born: 
a.   Lars f. 1789.
b.   Anders f. 1789.
c.   Anders f. 1792, gm. e. Anna Jakobsdtr. Syslok i Lindås 1825.
d.   Lars f. 1793, gm. Marta Gullaksdtr. Kalhovda. Sjå der b.nr. 5.
e.   Ragnhild f. 1798, d. 15/7 1876. Ho fekk 1823 sonen Mons med Ludvig Daae frå Frøyset.
f.    Anna f. 1801, a. 1828.
g.   Ola f. 1804.

18/8 «konfirmeret daab over ue. Barn Marta. Mor Anna Lassesdtr. Hope. Far utkommanderet Soldat Lasse Larson Kalhovda.» Etter dette ser det ut til at Lasse Andersson hev havt born fyrr han kom til Hopsøyri. NB. Disse folki som budde på Øyri, vart sume tider skrevne for Hopsøyri, stundom for Vågset og andre gonger for Hope.

Ola Olson bur her kr.1800. Han fekk dotri Brita 1800. Kona heitte då Magdeli Amundsdtr. 1802 fekk han dotri Synneva. Då heitte kona til Ola Synneva Lassesdtr.

1828 døyr Man Olsdtr. Hope, 26 år gamal Desse tvo må vera døtrene til Ola Olson på Hopsøyri. På sjølve garden høyrer dei ikkje til. (Sjå Sætene på L. Matre.)