Bruk 3. Skulehustuft og bruk 4. Skogheim. Skulejord
1 Lærar Øystein Grov, f. på Stord 1870, gm. Malena Pedersdotter Kyvik, 1873.
Born:
a. Sofia f. 12/12 1904.
Grov flytte til Ogna på Jæren 1905. Han budde kan henda nede på Solheim, då skulehuset truleg ikkje var uppsett då.
2 Lærar Johannes Andreas Hageberg frå Fitjar, f. 25/3 1878. Var lærar her frå 1905 til 1910. Gm. Brita Tveita, f. 8/10 1882.
3 Lærar Johannes Haugen, f. 27/9 1885 i Hafslo, gm. Gjertrud Sørestrand, f. 1887 i Sogn. Haugen var her frå 1911 til 1921, og flytte sidan til Raudeberg (Skogr).
4 Lærar Peder Martin Brundtland, f. i Lindås 29/7 1896, son til bonde Andreas Nilsson Brundtland, d. 20/5 1969.3/6 1925 gm. Lisa Boletta Eriksdtr. Sandnes f. 12/2 1905 på b.nr. 5 på Solheim.
Born:
a. Atle f. 10/9 1931.1/2 1964 gm. Irene Grøtteland d. 3/6 1968. Attgift den 1/8 1970 med Bergljot Viste f. 15/9 1935 i Finnøy, Ryfylke. Atle er flyapparatreparatør på Sola flyhavn.
Deira born:
a. Terje f. 1/6 1968.
b. Eldbjørg f. 5/8 1936. 5/8 1964 gm. Antonio Pasquaricello f. 25/6 1935 i Napoli. Bustad Bergen. Eldbjørg er sjukesyster i Bergen.
Deira born:
a. Olimpia Lise f. 20/12 1964.
b. Per f. 16/12 1965.
Peder Brundtland flytta frå Solheim til Sandvoll i Kvinnherad den 9/2 1949.
Desse 4 lærarar har også vore kyrkjesongarar i Solheim kyrkje.