Plasset Sørebøen

Martinus Larson Furebotten, f. 1837 på b.nr. 1, d. 16/4 1903. 24/6 1863 gm. Dordi Eriksdtr. St. Sleire, f. 1830 på b.nr. 11, d. 8/1 1916. 3/11 1893 festesetel frå Søren Larsen (b.nr. 1) til Martinus Larsen.

Anders Johannessen Hope, f. på Bruntland i Lindås, gm. Dortea Arnesdtr. Furebotten, f. 24/7 1881 på b.nr. 3.
Born: 
a.   Anna Erikka f. 30/7 1903.
b.   Olga Aletta f. 22/6 1908.
c.   Arne Johannes f. ½ 1914.
Ein kan ikkje finna nokon bygselsetel til dei. Millom 1910 og 1920 flytte Anders med huslyden til Lindås, der han yvertok farsgarden på Hope.

Johannes Torsteinson Trædal, f. 29/9 1888 i Lavik, d. 15/5 1976, g. 1914 m. Ingeborg Torsteinsdtr. Oppedal, f. 8/12 1890 i Brekke, d. 3/12 1976.
Born: 
a.   Tordis f. 15/1 1915
b.   Halvard f. 14/4 1916, fall i Valdres 24/4 1940.
c.   Torbjørg, f. 23/8 1918, g. i Steinsund i Solund.
d.   Ingvald f. 27/7 1921. Nr. 4 her.
e.   Magne f. 29/4 1926 Nr. 5 her.
f.    Borghild f. 8/6 1928
g.   Johanna f. 23/2 1931.
Johannes Trædal kjøpte plasset 1919. Det vart skyldsett som eige bruk 12/12 1949.

Ingvald Trædal, f. 27/7 1921, d. 28/6 1978.
Skøyte tingl. 7/4 1959 til Ingvald Trædal for 1300 kr og kår til foreldra.

Magne Trædal, f. 29/4 1926. (3e).
Skøyte 22/1 1980 frå arvingane etter Ingvald Trædal til medarving Magne Trædal for kr 1300.