Bruk 2
1 Mons Ivarson Haugsdal. Sjå b.nr. 1 her på Sætre. 1843 skøyte frå Ola Jonson Eikemo til dotteri Marta og hennar «forlovede» Mons Ivarson på halvparten av Sætre, 6 mk. s. for 50 spdl. og kår til Ola Jonson og Brita Jørgensdtr. 1 ku, 4 smale og 2 td. potetor. Mons Ivarson dreiv truleg både b.nr. 1 og 2 ei tid.
2 Baste Monsson S. Hope, f. 1812 på b.nr. 1, d. 10/3 1901. 1848 gm. Malena Klausdtr. Kvamsdal f. 1816 på b.nr. 3, d. 26/4 1896.
Born:
a. Marta f. 1849. Sjå under nr. 3 her på bruket.
b. Ingeborg f. 1854, gm. Sjur Sjurson Kvamsdal. Bust Byrkjeland, b.nr. 4.
c. Engel f. 1857, gm. Lars Rasmusson Skjeggedal. Bust. Barlindbotten under Skjeggedal.
17/10 1847 skøyte frå Mons Ivarson til Baste Monsson for 235 spdl. Han svarde kår til Marta Olsdtr., andre kona til Mons Ivarson frå Haugsdal.
3 Steffen Basteson Kalhovda, f. 1/10 1851 på b.nr. 5, d. 22/1 1948. 2/7 1873 gm. Marta Bastesdtr. Sætre f. 1849, d. 9/10 1915.
Born:
a.) Bergitta f. 31/3 1874, gm. Rognald Torgeirson L. Matre på b.nr. 2.
b.) Nilla f. 19/3 1877, d. 14/12 1954. Bur i nærleiken av Ålesund.
c.) Malena f. 19/10 1880, gm. Ivar Kristenson L. Matre på b.nr. 1.
d.) Baste Sætre f. 30/10 1882. Utvandra til USA. 1903, gm. Gina Årvik frå Ålfjorden, Sunnhordland.
Deira born:
a. Artur Clarense, gm. Doris. Han er ingeniør ved U.S. Statskraft verker Under krigen 1940-45 ingeniør i flyvåpenet for flyplassar.
b. Sigvald, fabrikkeigar, gm. Greta frå Sverige.
——————————————————
e.) Martin 1/11 1885. Utvandra til Amerika.
f.) Mikal f. 15/12 1887. Rett til hus m.m. på bruket. Ugift.
g.) Ragna f. 15/4 1892, d. 23/6 1959. Gm. gardbrukar Olaf Hjørungadal, Hjørungavåg, Sunnmøre.
Deira born:
a. Sverre gm. Åse Ås, Fræna. Har overteke odelsgarden. 7 born.
b. Judit gm. Ottar Botnen, 3 born. Manufakturforretning, Ulsteinvik.
c. Helga gm. Arne Høybakk, Giske, 3 born. Medeigar i Vestlandske Spennbetong A.s.
d. Odd gm. Anny Furhovden. 4 born. Odd er disponent ved Vestlandske Spennbetong A.s, Hjørungavåg, Sunnmøre.
23/5 1876 skøyte frå Baste Morisson til dottermannen Steffen for 100 spdl. og nytt kår: (150 spdl.) «samt eldre kår».
4 Jørgen Kristensen Sætre frå Austrheim. 23/11 1937 grbf. skøyte frå Steffen Basteson til nr. 4 for 2 000 kr.
5 Søren Kasparson Kalhovde f. 23/8 1905 på b.nr. 3 (4c), g. 19/6 1936 m. Dorthea Klausdtr. Lauvik, f. i Lauvik 4/11 1906 (10b).
Born:
a.) Helga f. 13/3 1937, g. 1962 m. Jon Rongevær. Bur i Kvamsvåg i Lindås.
Deira born:
a. Svein Håkon f. 20/6 1962
b. Wenche f. 21/6 1963
c. Kjersti f. 22/7 1964
————————————————-
b.) Margunn f. 29/10 1940, g. 1963 m. Ludvik Ynnesdal. Bur på Husnes.
Deira born:
a. Torill f. 29/4 1968
b. Steinar f. 1/10 1969
c. Marit f. 25/4 1972
————————————————–
c.) Kjell Leif f. 4/12 1946, g. 7/2 1970 m. Åse Marit Vågset. Bur på Solheim b.nr. 23.
Skøyte 27/11 1939 frå Jørgen og Petra Sætre til Søren og Dorthea Kalhovde for 3000 kr.
Huslyden flytta sidan til Solheim og busette seg der på b.nr. 23.
Inderst
Mons Olson Væland frå Myking. 1784 gm. Marta Steffensdtr. Solheim f. 1743 på b.nr. 1.
Born:
a. Steffen f. 1784.
b. Ola f. ? Det ser ut til at desse folki hev butt i Bergsvik, i Fausdal og på Eikemo. Kvar det vart av dei, veit ein ikkje.