41 Sætre

Sætre, vanleg kalla Stadlane, vart uppteke som plass under Eikemo 1798, skyldsett 1840 til 12 mk. s. og vart 1848 delt i 2 jamstore bruk. Folk som er fødde på garden, skriv seg Sætre.

Brukarar

Ola Erikson Eikemo, f. 1760, d. 27/7 1841.1786 gm. Anna Klausdotter Furebotten,  f. 1753 på b.nr. 1, d. 10/3 1844.
Born: 
a.   Lasse f. 1787.
b.   Orlaug f. 1789, d. 3/5 1862 på Kalhovda, Inderst, b.nr. 6 der.
c.   Ingeborg f. 1791, d. 1793.
d.   Baste f. 1792.
e.   Ingeborg f. 1793.
f.    Klaus f. 1798, gm. Anna Nilsdtr. Kalhovda. Bust. der b.nr. 6.

1798 tingl. bygselbrev frå Erik Olson Eikemo til sonen Ola, «paa et af ham opryddet Plads Sætre, imod at han aarlig svarer mig 2 Rdl., 2 Mk. Skal nyde fri beiting eller havning til 10 Storfe. kreaturer og 24 Faser og Gieder, som dog ikke må havne lenger ned end til Bjørnestalden og Lillefieldet. Hugge i min skog til Husenes og Gierdenes bygning og vedligehold, samt fornøden Brendeved, men intet til at selge.»