Bruk 2

Styrd som eige bruk frå 1798

 Ola Jonson Eikemo, f. 1786, d. 29/4 1865. 1808 gm. Brita Jørgensdtr., truleg frå Kringlen, d. 28/4 1851. 1851 gm. e. Sygni Ivarsdtr. Fausdal, d. i Fausdal 1867.
Born: 
a.   Ragnhild, f. 1808. Ho fekk ei dotter med Erling Anton Wise frå Bergen 1831. Ragnhild vart gm. «uttjent skoleholder» Anders Matiasson Halsøy 1849. Dotteri vart gm. Karl Monson S. Hope, b.nr. 1. Bust. Rosnes, Lindås.
b.   Johanna f. 1811, d. 1830. Nervefeber.
c.   Jørgen f. 1813. Nr. 2 her på bruket.
d.   Erik f. 1815, gm. Anna Klausdtr. Kvamsdal 1847. Sjå Lidi under Kvamsdal, no Nordli.
e.   Marta f. 1818, gm. em. Mons Ivarson Eikemosætren 1843.
f.    Olia f. 1820, gm. Mons Erikson Rossnes i Lindås 1841. Han son til Erik østenson.
g.   Gyri f. 1824, gm. Knut Monsson S. Hope frå b.nr. 1. Dei budde ymse stader i Masfjorden og d. på Molland. Sjå b.nr. 2 der.
h.   Ingeborg f. 1827, gm. Johannes Klausson Kvamsdal frå b.nr. 3. Bust. Knappen under Solheim.
i.    Johanna f. 1830, gm. Lars Knutson Solheim frå b.nr. 1 1856. Bust. Solheimneset.

Jørgen Olson Eikemo, f. 1813, d. 1888.1839 gm. Johanna Rasmusdtr. Haugsvær, f. 1805 på b.nr. 5, d. 1874.
Born: 
a.   Rasmus f. 1839. Flytte til Kristiania 1859. Budde seinare i Bergen.
b.   Ola f. 1841. Var skomakar. Var seinare verkstadarb. og budde i Bergen.
c.   Marta f. 1845, gm. Klaus Erikson Kvamsdal. Budde i Bergevik.
d.   Bernt f. 1840, d. 2/10 1860.
e.   Lars f. 1851. Reiste til Amerika.
f.    Brita f. 1855, gm. em., plassmann Ola Rognaldson Frøyset 5/1 1917. Vesteleitet under Frøyset. Budde der.
g.   Erik f. 1857. Reiste til Nordland.
h.   Bernt f. 15/3 1861. Budde i Bergen.

1839 skøyte frå Ola Jonson til sonen Jørgen. 1842 skøyter Jør­gen til Ivar Mikkelson Haugsvær frå b.nr. 5. Jørgen fær bygsla bruket på levetidi. 1846 gåvebrev frå Ivar Mikkelson Haugsvær på 12 mk. s. i Eikemo til Rasmus Haugsvær frå b.nr. 5. 1873 skøyter Mikkel Rasmusson Haugsvær til sonen Rasmus. Då vart altso begge bruki samla på ei hand. Noko skyldsetnad som syner kva tid  b.nr. 1 og 2 hev vore skilde finst ikkje tinglese. Kring 1940 vart b.nr. 2 atter eige bruk og yverdrege til:

Arne Ivarson Eikemo, f. 26/11 1909 på b.nr. 1 (15h), d. 30/8 1978. Gift 31/3 1942 m. Marta Martinsdtr. Sørvik, f. 24/3 1921 i Austevoll. Mor hennar er Bertina Klausdtr. Bergsvik. (sjå Naustneset under Bergsvik).
Born: 
a.)   Aslaug f. 19/12 1940, g. 15/11 1958 m. Hans Molland, f. 1/9 1935 på St. Sleire, b.nr. 7 (10a). Bur i Bergen.
Deira born:
a.   Gro Sissel f. 3/2 1959
b.   Kjersti Anita f. 2/4 1960
c.   Oddvar f. 12/8 1961. Nr. 4 her.
—————————————————-
b.)   Kari f. 29/3 1945, g. 6/4 1968 m. Olav Opedal frå Ullensvang.
Deira born:
a.   Tone f. 26/5 1971
c.   Anne Margrethe f. 18/11 1956
Skøyte 1/5 1942 frå Ivar Rasmusson Eikemo til sonen Arne for 1800 kr.
Skøyte 21/7 1980 til Aslaug Molland for kr 40000 for dette bruk og gnr. 41, b.nr. 1.

Oddvar Molland, f. 12/8 1961 (sjå ovanfor under nr. 3a), sambuar m. Tone Knappskog f. 22/9 1964.
Born:
a.   Stine Eikemo f. 1/9 1987
b.   Torstein Eikemo f. 6/7 1992

Skøyte 16/12 1991 til Oddvar Molland Eikemo for 40000 kr.
Skøytet omfattar også gnr. 41, b.nr. 1. Også b.nr. 2 på Eikemo hadde vore fråflytta ei tid før denne familien flytta inn og overtok.

Bruk 3. Eikemotøene vart utskilt frå b.nr. 1, 1851 og selde til Kristen Kristenson Sandnes. 1868 vart det ved skifte etter Kristen Kristenson utl. på sonen Ivar Kristenson Sandnes, som 1896 skøytte det til Rasmus Mikkelson Haugsvær for 300 kr. Det var ein skogteig.