Um namnet seier O. Rygh: Fyrste leden kjem av eiki, ein stad som er tilvaksen med eik. Andre leden, mor-, sand- eller grusslette.
Ymse skrivemåtar: Namnet vart fyrr jamnast skreve Egemoe, soleis 1604, 1611, 1645, 1657 og seinare. Ein gong, 1612 Egemou. Ein gong, 1624, finn ein formi Eigemoe. I matriklane: 1665, 1718 og 1723 Egemoe. 1838 Ekemo (Eikemo). 1686 og sidan Eikemo.
Grensor: Garden ligg i ein dal som fører frå Eikemofossen til Kalhovda og grensar til fjorden i sud, til Fausdalen i vest, til Ynnesdalen og Kalhovda i nord og til Solheim og fjorden i aust
Eigedomstilhøvi: Garden høyrde til Stigtens gods 1624. Frå 1648 og utover er det sagt at kongeleg majestet eier og bøxler. 1664 er Niels Loss vorten eigar. Han eig og 1668. Hans Walter er nemnd som eigar 1686 og 1702. Men 1710 er Oluf Endresøn Udkjelen eigar. Han er eigar ogso 1718, men då er namnet hans skreve Ole ud Kilen. 14/12 1720 bygselbrev frå Lars Johannesen til Rasmus Monsen. 1723 heiter det um eigedomstilhøvet: «Mesterlars med bøxel tilhørende.» Lars Johannesøn og Mesterlars er nok same mannen, og han hev nok fenge garden etter Ola Utkeilen. Kven Lars er, hev det ikkje vore råd å finna ut. Det hev truleg vore ein skulemeister. Då han er død, bygslar e. etter han, «Torbror Sal. Lars Johannesøn» bruket til Erik Ivarson 1726. So er ein Hans Eriksen vorten eigar, og han skøyter i 1744 bruket, ½ l. s., til leiglendingen Erik Ivarson for 31 rdl., 3 mark. Sidan hev garden vore i Masfjordbønders eiga. Mesterlars og Hans Eriksøn hev ikkje butt på garden.
Gamle matriklar og teljingar
Kopskattmanntal 1645: Egemoe. Hermand. Ko.: Berete.
Kvegskattmanntal 1657: Egemoe. Haldour 3 Kiør, 3 Faaer.
Skattemanntal 1666: Egemo. Garden er då rekna til Ødde Gaarde (Ringeste sort). Skylder Smør ½ Løb. Opsiddere: Ole hruker 1 Sp. Smør, 28 Aar g. Mogns bruger 1 Sp. Smør, 27 Aar g. Under Huusmænd og Strandsiddere Herman, 60 Aar g.
Manntal 1701: Egemoe. Rasmus Monsen, 40 Aar g. Søn Arne Rasmussen, 9 Aar g.
Prøvematrikel 1721: Egemoe. Skyld ½ Løb Smør. Rasmus Monsen. Saar 2½ Td., høster 7 Td. Føder 10 Nød, 10 Faaer. Proprietærgods, ligger et stykke fra Søen, tungvunden og uvis til Korn. Bierke- og Furuskoug alene til brende og fornøden husbehov. Aarl. skat 4 Rdl., 3 Mk., 4 Sk.
Matrikeltaksten 1723: Egemo. En Mand (Rasmus) Landsk. ½ L. S. Mesterlars med bøxel tilhørende. Ligger ¼ Mil fra Søen, 7½ Mil fra Bergen. Noget aarvant til Korn. Græsrig og meget tungvunden. Saar 2 ¼ Td., afler 6 Td. Føder 5 Kiør, 4 Ungnød, 6 Faaer, 1 Hest. Lever af qvegets afling og trefang at selge. Skyldi vart standande med ½ 1. s.
Foto: Svein D. Viken