Bruk 8. Vikene og Dalen

Skyld 67 ø. Utskilt frå b.nr. 6, tingl. 26/10 1844.


Nils Jonson Nævdal frå Myking, gm. Marta Monsdtr.., Fødestad ukjend. 26/10 1843 tingl. skøyte frå Mons Ellingson til Nils Jonsson 4 4/5 m. s., 1 3/15 kd. malt for 50 spdl.

Jon Nilsson S. Kvinge, son til nr. 1, f. 20/1 1845, gm. Marta Monsdtr., f. Hamre 1832, d. 5/3 1882. 2/2 1885 gm. Nikolina Gunderson Røken, f. 1854, dotter til husmann Gunder Madsen.
Born fødde på Kvinge:
a.   Anna f. 28/3 1870.
b.   Martinus, tvilling med a.
c.   Anna Maria f. 30/6 1874.

Ved skifte etter Marta Monsdtr. tingl. 8/9 1885 vart bruket utl. på em. mot at han svara panterettsutlegg til «arving J. R. M. Sande 47.50 kr., arving Dorthea Olufina Andersdtr. 63.52 kr., arving Nils Jonsen 63.50 kr., Anna Jonsdtr. 63.50 kr. og Anna Maria Jonsdtr. 63.50 kr.,» NB. Nils Jonson må vera ein son. Men kven J. R. M. Sande og Dorthea Olufina Andersdtr. er, veit ein ikkje.

21/11 1871 tingl. kontrakt, der Nils Jonson gjev sonen Jon ein sagplass. 24/2 1877 tingl. skøyte frå Nils Jonson til sonen Jon og kår til Nils og Marta Monsdtr. «Sælgeren har for sin levetid undtaget kværnebruget.»

Kristoffer Kristofferson Odnekvamme f. 15/11 1845 på b.nr. 3, d. 26/3 1926. 1881 gm. Ingeborg Olsdtr. Vabu, f. 17/2 1859, dotter til Ola Monsson Vabu i Lindås.
Born: 
a.   Sigrid f. 6/3 1882, gm. Nikolai Magneson Gjelsvik frå Myking. Bust. Gjelsvik.
b.   Ola f. 11/6 1884. Nr. 4 her på bruket.
c.   Kristoffer f. 3/11 1886. Utvandra til Amerika 1905.
d.   Ingeborg f. 28/6 1889, gm. Martinus Olson Bø frå Kvinge. Bust. Straume i Fana.
e.   Bertina f. 8/1 1892, gm. Olai Mikkelson Hodnekvam. Bust. Hodnekvam i Myking.
f.    Martin f. ¼ 1895. Utvandra til Amerika 1920, d. 4/2 1969.
g.   Kristina f. 23/11 1898, gm. Ingemor Larsson Gravdal, Varaldsøy.
h.   Agnes f. 12/3 1902, gm. fyrbøtar Lauritz Olufson Lerøen frå Austrheim 3/10 1925. Dei fekk 15/5 1927 dotri Inger på Kvinge.

24/4 1885 skøyte frå Jon Nilsson til Kristoffer Kristofferson for 1 300 kr. og «eldre kår».

Ola Kristofferson Kvinge S.  f. 11/6 1884, d. 7/1 1965. 7/6 1913 gm. Tilla Josefina Andersdtr. Gjelsvik frå Myking, f. 20/3 1887, d. 15/12 1965.
Born: 
a.   Kristoffer f. 5/12 1913, g. 17/3 1951 med Gunnveig Alfreddtr. Hindenes, f. 1/3 1929. Sjå g.nr. 60 Eikebotn og Kvinge S. b.nr. 21.
b.   Marta f. 4/10 1915, g. 3/9 1938 med Arnvid Rønhovde f. 18/7 1911 i Åsane. Sjå b.nr. 34 Sjøtun, Kvinge S.
c.   Ingolf f. 6/1 1919. Nr. 5 her på bruket.
d.   Aslaug Sofia f. 14/10 1922, gm. Monrad Mikalson Kvinge, f. 12/1 1920 på b.nr. 8 Kvinge N. Sjå b.nr. 23 Kvinge S.
4/9 1915 skøyte frå Kristoffer Kristofferson til sonen Ola for 1 400 kr. og kår til foreldra.

Ingolf Kvinge, f. 6/1 1919 (4c).
Skøyte 10/9 1966 til Ingolf Kvinge for 3000 kr.

Olav Kristoffer Gisle Kvinge, f. 19/6 1955 på b.nr. 21 (2c), g. 13/10 1978 m. Elisabeth Lunde f. 29/4 1957.
Born: 
a.   Linn f. 3/7 1978
b.   Jonas f. 23/5 1980.
Skøyte 19/12 1983 til Olav K. Kvinge og Elisabeth Lunde for kjøpesum kr 30000.

Ei hustuft under b.nr. 8.

Sjømann Ola Nilsson Bø frå Hyllestad f. 1851, son til Nils Olson. 16/7 1886 gm. Sygni Eriksdtr. S. Kvinge, f. 24/2 1854 på b.nr. 9.
Born: 
a.   Anna f. 9/12 1887.
b.   Martinus f. 13/12 1889, gm. Ingeborg, b.nr. 8, nr. 3 d.
c.   Andrea f. 27/5 1892. Sonen Annfinn f. 11/9 1915. Far kontorist Finn Konow, Bergen.
d.   Nils, tvilling med c, d. i åtteårsalderen.
e.   Oliva f. 11/2 1895.
f.    Sofia tvilling med e.
g.   Emma f. 14/3 1897.

29/3 1898 «Kjøbekontrakt (Skjøde) fra Nils J. Kvinge til Ola N. Bø paa hans hus ved Søndre Kvinge elv for 200 kr.».