Bruk 40 – 64

Bruk 40. Nyhaug

Utskilt frå b.nr. 12, den 12/11 1968.


Bjarne R. Skuggedal, f. 30/12 1916 på g.nr. 23 b.nr. 1, sjå også g.nr. 28, b.nr. 4. G. 6/7 1949 med Ingeborg Henriksdtr. Kvinge N. b.nr. 9, f. 24/12 1919,  d. ¼ 1959.
Skøyte 28/10 1971 frå Alfred O. Nygaard til Bjarne R. Skuggedal, grbf. 2/11 1971.

Bruk 41. Syngjaren – utskilt frå b.nr. 12.


Sigfred Olson Nygård, f. 2/6 1891, d. 4/1 1962. G. 5/11 1927 med Borghild Hjortland frå Bergen, f. 5/6 1906. Sjå b.nr. 12. Han var medeigar i eksportfirmaet M. Kvinge & Co., Bergen.
Born: 
a.   Aashild Brita f. 12/8 1928, utd. arbeidsterapeaut her i landet og USA. No tilset ved Bergen Kom. Sykehjem. Gm. Hans Rikstad frå Radøy. Bur i Bergen.
b.   Gyda Sigrun f. 26/10 1932, g. 23/7 1955 med Dag Sandnes, f. 27/2 1928. Sjå b.nr. 34 Kvinge N.
Skyldskifte d.s.31/10 1970. Skøyte jan.1974.

Bruk 42. Utsikten – utskilt frå b.nr. 15.


Leif Birger Kvinge, f. 18/4 1946 på b.nr. 15 (1b), g. 18/3 1967 m. Edith Trodal, f. 19/5 1944 i Trodal, b.nr. 2.
Born: 
a.   Frode f. 22/9 1967
b.   Rune f. 5/8 1971
Skøyte 16/6 1971 til Leif Birger Kvinge utan vederlag.

Skolten bustadfelt

17/11 1987 er det grb.f. skøyte frå eigarane av bruk 4,5,14 og 15 på Søre Kvinge til Masfjorden kommune på eit område til bustadfelt på Søre Kvinge. Bustadfeltet har fått b.nr. 59, 60, 61 og 62.

Bruk 64 – utskilt frå b.nr. 61 og 62


Roy Kvingedal, f. 17/12 1960 på N. Kvinge b.nr. 6 (4c), g. 24/7 1982 m. Tove Anita Grønnås f. 5/12 1959 i Lyngen i Troms.
Born: 
a.   Ståle f. 14/7 1985
b.   Remi Andre f. 12/4 1988
Skøyte 14/7 1988 til Tove og Roy Kvingedal for kr 76860.

Bruk ?

Rolf Martin Tande, f. 19/4 1957 i Haram, g. 10/9 1983 m. Gro Marit Kvinge f. 5/6 1957 på Søre Kvinge b.nr. 1 (15a).
Born: 
a.   Eirik f. 2/6 1985, d. 8/10 1986
b.   Torkel f. 10/7 1987
c.   Magnus f. 12/1 1989
d.   Ingrid f. 30/7 1993
Skøyte 12/8 1993 til Gro Marit Kvinge Tande for kr 96 299.

Eit plass i Sørkvingelia under b.nr. 1

Johannes Andersson Toft, f. 1806, g. 30/6 1856 m. enkja Brita Nilsdtr. Askeland, d. 4/5 1883. (Sjå S. Kvinge b.nr. 1 (9)).

Martinus Larsson Søre Kvinge, f. 10/7 1835, d. 1933. (Sjå b.nr. 1 på S. Kvinge, 9e). Gift m. Ingeborg Knutsdtr. Ådnekvam f. 1/5 1839 i Lauvik. (Selvågneset, 3a).
Born: 
a.   Andrea f. 9/1 1863, d. 1958. Budde i Bergen.
b.   Marta f. 1864, d. 17/5 1893. G. 19/6 1891 m. Ola Johannesson Duesundøy f. 27/7 1860.
c.   Sigrid f. 1866, g. 1889 m. Martin Sletten frå Myking, f. 1865. Han reiste til Amerika.
Deira born:
a.     Martin f. 1890. Reiste til USA.
b.     Konstanse f. 2/10 1893, g.m. Karl Morland. Nr. .3 her.
Sigrid døydde medan borna var små,så dei vaks opp hjå besteforeldra i Sørkvingelia.

Karl Morland frå Sotra, f. 25/1 1886, d. 16/12 1934, g.m. Konstanse Martinsdtr. f. 2/10 1893, d. 2/2 1976. (ovanfor under 2c)
Born: 
a.)   Solveig f. 20/9 1917, g.m. Bjarne Berentsen. Budde i Bergen.
Deira born:
a.     Edel
b.     Svein
c.     Villy
d.     Tor
Ekteskapet er oppløyst. Solveig er attgift m. Lars Strømhaug og bur i Skien.
—————————————————
b.)   Erling Johan f. 29/4 1919, d. 9/5 1989. G.m.Ruth Christensen frå Bergen. Budde der.
Deira born:
a.     Berit
b.     Harry
c.     Kjell
Denne huslyden budde på plasset til dei flytta til Laksevåg i 1934.