1 Østen finn ein fyrste gong 1563. Siste gong 1615.
2 Erik Østensen nemnd fyrste gong 1611. Siste gong 1662. Han svarar kopskatt for kona Siri, sonen Østen og 2 døtre 1645.
3 Lawrets (Lars) nemnd fyrste gong 1664. Kor lenge han sat med bruket, veit ein ikkje, då rekneskapi ikkje hev namn på skattytarane frå 1668 til 1691. Lawrets er 1666 uppgjeven å vera 50 år og ha sønene Bertel 16 år, Mogens 15 år og Østen 10 år. Han er det året største brukaren på garden med 1½ 1.4 ½ mk.
4 Østen Larsson (namnet skreve Ydsten 1691). Han brukar då ½ l.s. 1701 er han sagd vera 56 år, men han er truleg likevel son til nr. 3, 1666 sagd vera 10 år. (Dei var ikkje so noggranne med åri når dei gav upp alder). 1701 hadde han disse søner heima: Ola 20 år, Berge 10 år og Ola 8 år. Fekk seinare desse born:
a. Inga f. 1702.
b. Anders f. 1704.
c. Herborg f. 1705.
d. Lars f. 1710.
e. Ola f. 1714.
5 Erik Knutson er komen på bruket 1714. Han hev truleg vore gm. e. etter Østen Larsson. Barnlaust ektepar. 1720 uppattnying av bygsli på ½ 1. s.
6 Knut Johanneson, fødestad ukjend. 1745 «jordfestet Knud Johannesen Qvinges Kone.» Barnlaust ektepar.
Dagsett 12/4 og tingl. 29/10 1736 bygselsetel frå magister Caspar Rømer til Knut Johanneson på ½ l. s.
7 Knut Bertelson Kvingedal, f. 1719 på b.nr. 1, d. 1793. 1746 gm. Marita Bertelsdtr. Øvrås frå Myking, f. 1723, d. 1793.
Born:
a. Baste f. 1747, bustad b.nr. 5, N. Kvinge.
b. Mons f. og d. 1748.
c. Johannes f. 1750, gm. gj. Anna Jonsdtr. Ytre-Eja 1787. Bust. Eidstræ på Ostereidet (etter A. Eknes).
d. Anna f. 1752, gm. em. Anders Olson S. Kvinge 1778, b.nr. 1.
e. Botilla f. 1753, gm. em. Anders Magneson Veland i Myking 1784.
f. Bertel f. 1756, d. 1771.
g. Engel f. 1760.
h. Marta f. 1763, gm. Klaus Rasmusson Nordland 1794. Sjå under nr. 9 her på bruket.
Dagsett 1/9 og tingl. 29/10 1745 «Hr. Haberdorphs udgivne bøxelseddel til Knud Bertelsen paa ½ L. S. udi Gaarden Qvinge, som Domkirken er beneficeret, som paa den maade er ham tilbøxlet at Eieren foregiver leilendingen Knud Johannesen skal være med spedalsksygen besmittet, og tillader ham ikkun husværelse paa samme Gaard indtil Vaaren. Leilendingen Knud Johannesen mødte for Retten og beklagede at hans Brug ham uafvidende var bortbøxel som han vilde formene Eieren ei tilkom at gjøre.» (Protesten hev altso ikkje nytta).
8 Mons Olson N. Kvinge. (Han er ikkje f. på N. Kvinge. Han er truleg frå Risnes). D. 1830, 80 år. 1756 «trolovet med pigen Helga Mathiasdtr. Holmaas.» 1793 gm. e. Kari Klausdtr. Nordland frå b.nr. 5, f. 1730, d. 1819.
Born:
a. Johannes f. og d. 1756.
b. Johannes f.?, gm. e. Inga Eriksdtr. N. Kvinge på b.nr. 9.
c. Anna f. 1758, gm. em. Ivar Bertelson S. Hope på b.nr. 1, 1781.
d. Einar f. 1761.
e. Ivar f. 1762, gm. e. Marta Hansdtr. Duesund på b.nr. 1, 1805. Bust. Duesund.
f. Brita f. 1764.
Dagsett 5/5 1756 og tingl. 24/5 s. å. «Hr. Lyder Fastings ved sin Hustru Marie Elisabet Fasting udgivne Bøxelseddel til Mons Olson på 18 Mk. s. i Gaarden Nore Qvinge.» Dagsett 22/6 1772 og tingl. 24/5 1773 bygselsetel frå res. kap. til Domkyrkja til Mons Olson på «en Parcel i Gaarden Qvinge af skyld ½ L. (Merknad: Dette ser ut som at Mons Olson fyrst hev fenge bygsel på noko av bruket, og so då Knut Bertelsen var død, hev han fenge bygsel på heile bruket).
9 Klaus Rasmusson Nordland, f. 1769 på b.nr. 5, d. 24/8 1832. 1794 gm. Marta Knutsdtr. N. Kvinge, f. 1763 her på bruket, d. 1827.
Born:
a. Rasmus f. og d. 1795.
b. Marta f. 1796. Sjå under nr. 10 her på bruket.
c. Rasmus f. 1800. Nr. 1 på b.nr. 4.
d. Kari f. 1802, d. 11/2 1866. «Inderst Pige».
e. Knut f. og d. 1806.
f. Anna f. 1807, d. 9/10 1888. Legdslem.
1795 bygselbrev frå Angel til Klaus Rasmusson på «Mons Olsens halve Brug, 3 jordskilling, mot at» svara kår til Mons Olson og kona. 1838 tingl. kongel.skøyte til Klaus Rasmusson. Sjå lenger framme).
10 Nils Gudmundson Kikald frå Myking, f. 1798, d. 29/3 1875. 5/4 1824 gm. Marta Klausdtr. N. Kvinge, f. 1796, d. 1/9 1870.
Born:
a. Mons f. 1824. Nr. 11 her på bruket.
b. Åsa f. og d. 1825.
c. Marta f. og d. 1828.
d. Gudmund f. 1829, gm. Sygni Olsdtr. S. Kvinge, b.nr. 5 og 6. Bust. Knarvik, Lindås.
e. Marta f. og d. 1833.
f. Marta f. 1834, d. 1835.
g. Klaus f. og d. 1835.
h. Klaus f. 1838. Budde på Feste i Lygra.
1838 tingl. skifte etter Klaus Rasmusson. Då vart halve bruket utl. på Marta Klausdtr. for 150 spdl. mot at ho svara halvparten av den skuld som kvilde på bruket. Hin halvparten vart utl. på Rasmus Klausson. Det er no b.nr. 4.
11 Mons Nilsson N. Kvinge, f. 1824, d. 25/5 1884. ¾ 1851 gm. Johanna Steffensdtr. Elvik, f. 1822 på b.nr. 1, d. 2/9 1902.
Born:
a. Steffen f. 15/6 1852. Nr. 12 her på bruket.
b. Nils f. 22/1 1854. Sonen Martin med gj. Johanna Monsdotter Mjanger, 22/9 1872.
c. Magne f. og d. 1857.
d. Malena tvilling med c, d. 1858.
e. Isak Andreas f. 2/12 1859. Reiste til sjøs. Drukna.
f. Martin f. 8/11 1863. Reiste til Amerika.
g. Andrina f. 27/7 1866, d. 29/5 1898. Sygjenta.
22/5 1851 tingl. skøyte frå Nils Gudmundson til sonen Mons på 1 dl. 6 sk. for 115 spdl. og kår.
12 Steffen Monsson N. Kvinge, f. 15/6 1852, d. 17/11 1922. 29/6 1877 gm. Åsa Sevatsdtr. Andvik, f. 1855 på b.nr. 6.
Born:
a. Mons f. 13/8 1878. Utvandra til Amerika 1902.
b. Severin f. 13/11 1880. Budde i Bergen, d. 1943.
c. Isak f. 23/4 1883. Reiste til Amerika.
d. Josefine f. 13/11 1885. Bur i Fana.
e. Johanna f. 30/12 1887. Sjuk. Utsett.
f. Marta f. 8/6 1890, gm. Emil Askildsen Birkeland, Fana.
g. Mathilda f. 19/2 1893, gm. Rikard Henriksen. Bust. Laksevåg.
h. Susanna Aletta f. 24/4 1896, d. 24/8 1968, gm. Olav Børilden. Bust. Rongevær i Austrheim.
5/11 1870 tingl. skøyte frå Mons Nilsson til sonen Steffen for 760 kr. og kår: (500 kr.).
13 Bernhard Gjertson Kvingedal, f. 26/2 1895 på b.nr. 4, d. 22/1 1965.7/5 1916 gm. Gurina Elida Maria Klemmetsdtr. Synnevåg, f. 1891 i Austrheim.
Born:
a. Gustav Olai f. 16/3 1917.
b. Bjarne Gunvald f. 8/2 1919, b.nr. 6, gm. Benny Mikalsdtr. Kvingo, 31/10 1941.
c. Harald f. 13/3 1921, gm. Else Mikalsdtr. Kvinge, b.nr. 6.
d. Alf f. 9/1 1925.
e. Erling f. 1/11 1927.
26/5 1917 tingl. skøyte frå Steffen Monsson Kvinge til Bernhard Gjertson Kvingedal og kona Gurina Klemmetsdtr. på d.b. med hus for 2 600 kr. og kår: (600 kr.) «Undtatt selgerens rett til kvernhuset. Det vil si det rullende materiel.»
Bernhard Kvingedal selde her og pakta eller bygsla Busdalen på S. Hope.
14 Bernt Bertelson Kvingedal, f. 13/3 1871 på b.nr. 4 Kvingedal, d. 11/9 1955, 12/4 1898 gm. Marta Johannesdtr. N. Kvinge frå b.nr. 5, f. 28/7 1875, d. 15/11 1962.
Born:
a.) Borghild Alvilda f. 21/8 1898, d. 23/10 1918. Lungebrann.
b.) Johannes Bertin f. 10/2 1900, gm. Borghild Eriksdtr. Fossen frå g.nr. 50 b.nr. 1. Reiste til U.S.A. Johannes d. 5/4 1963.
Deira born:
a. Bjarne gm. Harriet.
b. Dagmar gm. Francis.
c. Earl gm. Pauline.
d. Stanley gm. Jean.
————————————————
c.) Rakel Emelie f. 20/1 1902, gm. Olaf Martin f. 23/9 1904, frå b.nr. 11 (2f). Dei bur i USA.
Deira born:
a. Walter gm. Ann Marie.
b. Gladys gm. Eddie.
c. Ruth gm. Lenny.
d. Emma Pernilla f. 15/5 1904, gm. Anton Leonard Knutson Andvik. Sjå b.nr. 7.
e. Bergljot Malmfrid f. 25/3 1906. 31/3 1929 gm. Ragnvald Erikson Kvinge, frå b.nr. 2. Bur i Laksevåg. Sjå b.nr. 26 her på garden.
f. Bjarne Magnus f. 15/7 1908, 26/10 1934 gm. Rikka Mathilda Eriksdtr. N. Kvinge frå b.nr. 2. Dei er nr. 15 her på bruket.
g. Alfred Kristoffer f. 12/4 1911, gm. Sofia Kleiven frå Myking. Dei bur i Kleiven. Alfred er medeigar i Viken Møbelfabrikk.
Deira born:
a. Margun gm. Bjørn Rosnes frå Lindås.
b. Helge gm. Kjeldfrid Nesbeim.
c. Bernt Åge gm. Inger Merete.
—————————————————
h. Trygve Leif f. 18/2 1914, gm. Aslaug Andreasdtr. frå b.nr. 4 S. Kvinge, f. 4/2 1915. Sjå b.nr. 24 Kvinge N.
11/1 1922 skøyte frå Bernhard Gjertson Kvingedal til Bernt Bertelson for 5 000 kr. og kår til Steffen Monsson og k. Åsa Sevatsdtr.
15 Bjarne Magnus Berntson Kvingedal, f. 15/7 1908 (14f), d. 29/8 1986. Gift 26/10 1934 m. Rikka Mathilda Eriksdtr. N. Kvinge f. 26/3 1905 på b.nr. 2 (3d), d. 8/6 1987.
Born:
a. Erna f. 15/12 1934, g. 28/6 1952 m. Rolv Kvinge. Sjå N. Kvinge b.nr. 8.
b. Astrid f. 9/7 1937, g. 7/6 1958 m. Oskar Fredheim. Sjå N. Kvinge b.nr. 7.
c. Dagmar f. 4/1 1939, g. 3/11 1962 m. Kurt Grotle Hansen frå Bergen, f. 26/10 1936. Bur i Åsane.
Deira born:
a. Linda f. 13/12 1963, g. 1984 m. Otto Rambjørg. Bur i Hatlevik b.nr. 3.
b. Trond Einar, f. 13/12 1967
c. Laila f. 8/11 1974
d. Reidun Bjarnhild f. 20/5 1943, g. 1/10 1966 m. Mons Låstad, f. 9/1 1941. Bur på Arnatveit.
Deira born:
a. Frank f. 14/7 1970
b. Vidar f. 7/3 1973
c. Elin f. 21/7 1974, d. 12/10 1990
Skøyte 31/1 1944 til Bjarne Berntson og kona for 3500 kr og kår.
Skøyte 12/12 1989 frå arvingane etter Bjarne og Rikka Kvingedal til Astrid og Oskar Fredheim for kr 100000.