Brukarar

1  Niels, nemnd fyrste gong 1609, siste gong 1620. Ved sida av Niels er Erich og Fuse nemnd 1610/11. Erich nemnd att 1630 til 1633, og 1626 ogso Olluff.

2  Gullich Olsen, frå 1620 til 1645. Sistnemnde år var Thore Joensen komen attåt Gullich. Det året budde på garden ogso Enchen Anne Botolsdtr. og husmann Tholach Christophersen.

3  Tore Joensen og Anders kvar sin halvpart av bruket frå 1648 til 1668 og k. h. lenger.

4  Omund er på bruket 1691. Då einebrukar. Gm. Lisbet Knutsdtr.
Born: 
a.   Nils f. 1683.
b.   Mons f. 1689.
c.   Knut f. 1695. Desse gutane var styksønene til Torgeir Johannesson ved manntalet 1701.
d.   Sigrid, nemnd ved skifte etter mori Lisbet Knutsdtr. 1709.

Torgeir Johannesson Holsøy, f. 1663. Styrde bruket til 1717. Kring 1700 gm. e. Lisbet Knutsdtr. Åsmundsbotten, d. 1709. Skifte då. Kr. 1710 gm. Anna.
Born: 
a.   Lars f. 1712.
b.   Kari f. 1717.
Torgeir må vera d. 1717. Men då det er lakune i skifteproto­kolen då, hev ein ikkje funne skifte. 11/6 1700 tingl. bygsel frå Johan Matzøn til Torgeir Johannesson på 2 pd. s. i Botten.

Fuse Rasmusson Bauge, f. 1697. 1717 gm. e. etter Tor­geir, Anna. Då det er so langt sprang millom fyrste og andre barnet til Fuse, ser det ut til at han hev vore gift tvo gonger.
Born: 
a.   Kari f. 1718.
b.   Botilla f. 1725, d. 1749.
c.   Rasmus f.1727.
d.   Engel f. 1729. Sjå under nr. 7 her på bruket.
e.   Erik f. 1732.
f.    Lisbet f. 1733.
g.   Anna f. 1735, gm. Mikkel Guttormson Andvik. Dei fekk seg eit bruk på Natås i Lindås.
h.   Siri f. 1741, gm. Mons Nilsson Kvamme på b.nr. 1.

Dagsett 13/4 1717 og tingl. 20/8 1717 bygselbrev frå Johan Mat­zøn til Fuse Rasmusson Bogen på 2 pd. s. i Åmundsbotten.

Hans Olson Bauge, f. 1726, d. 1798. 1754 gm. Engel Fusedtr. Åmundsbotten f. 1729, d. 1774.
Born:
a.   Ola f. 1756, gm. Ragnhild Larsdtr. Totlandsdal. Bustad Bauge.
b.   Fuse f. 1757, gm. Synneva Olsdtr. Hodnekvam i Myking 1800.
c.   Botilla f. 1758, gm. Erik Monsson S. Hope på b.nr. 5.
d.   Marita f. 1760, gm. Halvard Henrikson Duesund på b.nr. 1.
e.   Rasmus f. 1761. Nr. 8 her på bruket.
f.    Dordi f. 1763, gm. e.m. Tore Åmundson Bergsvik. Bustad der.
g.   Åmund f.1765, gm. Kari Knutsdtr. I. Haugsdal 1804. Bu­stad Tverbjørg b.nr. 2.
h.   Sygni f. 1767.
i.    Anna f. 1768, gm. Knut Erikson Mjanger b.nr. 2.
j.    Kari f.1771, d. 1772.
k.   Kari f. 1772, gm. Åmund Rasmusson Duesund på b.nr. 3.

Dagsett 28/5 1754 og tingl. 10/10 s. å. bygselsetel frå Ludvig Daae til Hans Olson Bauge på 2 pd. s. i Botten.

Rasmus Hansson Åmundsbotten, f. 1761, d. 17/4 1837. 1794 gm. Siri Rasmusdtr. Duesund f. 1767 på b.nr. 3, d. 1818. 1818 gm. Anna Olsdtr. N. Kvinge f. 1772 på b.nr. 1, d. 26/2 1859.
Born: 
a.   Ola f. 1795. Nr. 9 her på bruket.
b.   Hans f. 1797, gm. Dordi Larsdtr. Trodal 1831. Bustad Tverbjørg b.nr. 2.
c.   Marta f. 1800, gm. e.m. Anders Nilsson Fonnes i Austr­heim 1856.
d.   Engel f. 1802, gm. e.m. Martinus Steffenson Tverbjørg på b.nr. 1.
e.   Lisbet f. 1805, gm. Martinus Steffenson Haugsvær. Bustad Tverbjørg b.nr. 1.
f.    Rasmus f. 1807.
g.   Fuse f. 1810, gm. Randi Larsdtr. Hosteland. Bustad Rosteland b.nr. 7.
h.   Ole f. 1819, gm. Engel Torgeirsdtr. Sandnes frå b.nr. 2. Bu­stad Tverbjørg b.nr. 2.

1794 bygsel frå sokneprest Meyer til Rasmus Hansson på 1 pd. s. og 1799 bygsel på 1 pd. s.1834 skøyte. Sjå under eigedomstilhøvi.

Ola Rasmusson Åmundsbotten, f. 1795, d. 10/2 1862.1826 gm. Engel Åmundsdtr. Duesund f. 1803 på b.nr. 3, d. 1/1 1847. 1847 gm. Ragnhild Johannesdtr. Bauge f. 1813, d. 16/4 1903.
Born: 
a.   Siri f. 1830, d. 26/6 1872. Inderst.
b.   Rasmus f. 1833. Nr. 10 her på bruket.
c.   Engel f. 1749, gm. Ivar Nilsson S. Kvinge. Bustad N. Kvinge b.nr. 14.
d.   Sygni f. 1750, gm. Baste Andersson Duesund. Bustad Var­leitet under Åmundsbotten.

1835 skøyte frå Rasmus Hansson til sonen Ola for 100 spdl. og kår til Rasmus Hansson og kona Anna Olsdtr. 10 v. korn, 4 t. potetor, 3 kyr, 8 smale.

10  Rasmus Olson Åmundsbotten, f. 1833, d. 4/10 1874. 28/6 1864 gm. Marta Kristoffersdtr. Odnekvam f. 1833 på b.nr. 3, d. 4/10 1864. 3/7 1866 gm. Engel Kristoffersdtr. Odnekvam f. 1839 på b.nr. 3.
Born: 
a.   Marta f. 6/4 1867, gm. Rasmus Monsson Andvik på b.nr. 7.
b.   Ola f. 27/6 1868. Bustad Kvamme b.nr. 4.
c.   Siri f. 11/6 1870, gm. Gjert Arneson Haugsvær på b.nr. 3.
d.   Kristen f. 19/1 1873, d. 6/5 1891.
e.   Rasmus f. 14/5 1875, d. 22/5 1889.
2/6 1864 skøyte frå Ola Rasmusson til sonen Rasmus for 300 spdl. og kår (225 spdl.).

11  Johannes Olson Andvik, f. 1838 på b.nr. 2, d. 21/6 1924. 28/6 1876 gm. e. Engel Kristoffersdtr. Åmundsbotten, d. 29/6 1923.
Born: 
a.   Ola f. 17/11 1877, gm. Sigrid Olsdtr. S. Kvinge. Bustad der b.nr. 14.
9/9 1876 tingl. skifte etter Rasmus Olson. Då vart bruket utl. på sonen Ola for 550 spdl.
8/9 1883 makeskifteskøyte frå Ola Rasmusson ved verge til Op­lysningsvesenets fond med vederlag i g.nr. 32 b.nr. 4. Garden vart no prestegard.

12  Sokne prest Thorbjørn Julius Stegler Frølich, f. i Oslo 7/10 1848, d. 12/11 1938. 14/11 1878 gm. Mette Johanne Hals f. på Lillehamar 6/5 1851.
Born:
a.   Johanne Hellene Solveig f. 21/9 1879.
b.   Thorolf Hals f. 9/8 1881. Arkitekt i Bergen.
c.   Arnfinn Hals f. 6/8 1882.
d.   Øyvin Hals f. 4/6 1886.
e.   Audhild Elisabeth Hals f. 20/3 1888.

Frølich var sokneprest i Masfjorden frå 1881 til 1892. So vart han sokneprest i Ådalen, Ringerike. Han dreiv garden sjølv utan paktar.

13  Sokne prest Fredrik Kristian Holberg Olsen, d. 14/5 1935, gm. Urikke Fredrikke Storm Wilgohs.
Born: 
a.   Sigurd f. 7/11 1897.
b.   Aslaug Bolette Arentz f. 9/11 1899.
Olsen fekk kall på Nordfjordeid då han flytte frå Masfjorden.

14  Sokneprest Lars Matias Kanestrøm. Vart sidan prest i Larvik. Gm. Ingeborg Kildahi.
Born f. i Masfjorden:
a.   Harald.
b.   Magnhild f. 26/10 1907.

15  Sokneprest Torvald Jakobsen Ullelandfrå Oslo. Han var sokneprest her ei ganske stutt tid. No hev han kall på Romsdalen. Han vart gm. Olufina Olsdtr. Molland frå St. Sleire b.nr. 3.

16  Sokneprest Sigurd Berg frå Oslo. Frua heitte Sussi Helene.
Born: 
a.   Arne Magnus.
b.   Målfrid Kristina.
c.   Sigbjørg Hellena.

17  Sokneprest Knut Jarle Geelmuyden frå Bergen. Gm. Kari Astrup frå Sunnfjord, dotter til kunstmålar Astrup.
Born:
a.   Hans Jakob.
b.   Nikolai Egil Astrup f. 11/9 1931.
c.   Thora Fredrikke Kühle f. 7/6 1933.
d.   Hary Eliott Ullrich f. 23/11 1936.
Geelmuyden flytte herifrå til Horten.

18  Sokneprest Amund Lødøen er fødd i Hornindal, Nord­fjord, 28. januar 1904 av foreldre bonde Per Mikalson Lødøen og k. Brita Olsdtr. f. Lien. Han d. 19/7 1950. Tok teologisk embetseksamen ved Universitetet våren 1931 og praktisk teologisk seminar til jol same år. Vart ordinert i Bergen 9. april 1933. Har so i mange år styrt ledige soknekall og kom i det høve ogso til Masfjorden 1. sep­tember 1941. Vart utnemud til Masfjorden 28. juni 1946. – 6. april 1934 gift med Borghild Fænn, Stryn, av foreldre bonde Ingebrigt Sjurson Fænn og k. Johanne Bottolvsdtr. f. Fannemel i Hornindal.
Born: 
a.   Berit f. 21/3 1935.
b.   Johanne f. 12/6 1936.
c.   Per f. 6/3 1938.
d.   Kari Ingebjørg f. 14/1 1940.

19  Sokneprest, og prost i Nordhordland, Harald Sigurd Øysæd, f. 9/4 1906 i Flekkefjord, g. 9/7 1938 med Klara Birkeland, f. 20/11 1904, frå Hornes i Setesdalen.
Born: 
a.   Helge Johannes f. 2/7 1939, g. 19/10 1968 med Grethe Rosenlund frå Leikanger, f. 19/9 1937.
Deira born:
a.    Liv Kristina f. 1/8 1969.
b.    Harald Olav f. 30/6 1972.
Helge er utd. provisor og er f.t. styrar av apoteket ved Haukeland sjukehus, Bergen.

Sokneprest Øysæd sin vita:
«Eg er fødd 9. april 1906 i Flekkefjord. Då eg var 3-4 år gam­mal, kjøpte far gard på Øysæd i Gyland. Den garden hadde vore i mor mi si ætt i lange tider.
Eg gjekk Hornes landsgymnas og fekk artium 1930. Frå 1930 til 1936 studerte eg så teologi ved Menighetsfakultetet. Praktiskteologisk eksamen fekk eg våren 1937.
Den gongen var det overflod på teologar og noko kyrkjeleg arbeid var ikkje å få. Eg hadde difor vikarpostar i folkeskulen ymse stader i Aust- og Vest-Agder.
Under krigen hadde eg ein framhaldsskule og 2 realskulekurs, siste kurset blei eg ferdig med våren 1945.

Hausten 1946 blei eg tilsett som prostiprest i Midhordland prosti og var der ca. 4 år. Den tida eg var prostiprest, styrde eg nokre ledige prestekall og vikarierte ymse stader, m.a. ei stutt tid i Mas­fjorden.
8. desember 1950 blei eg utnemnd til sokneprest i Masfjorden, og der har eg vore sidan.»
Sokneprest Øysæd har søkt og fått avskil frå embetet frå hausten 1973.

20  Olaf Sigurd Gundersen, f. 3/9 1946, kom hit som sokneprest 1975. Gift 1974 m. Grete Jorunn Hilde, f. 7/4 1945 i Innvik.
Born: 
a.   Olaf Erlend f. 30/8 1975
b.   Linn Kristin f. 25/6 1978
Huslyden flytta til Gloppen  i 1983.

21  Knut Fredrik Sørheim, f. 27/8 1948 i Laksevåg, g. 26/8 1972 m. Kari Skår, f. 12/10 1948 i Lindås.
Born: 
a.   Åsmund f. 26/6 1973, d. 23/11 1977
b.   Kjartan f. 24/3 1975
c.   Øyvind f. 10/10 1977, d. 12/3 1982
d.   Thorbjørn Bertelsen f. 6/8 1980 (fosterson)
c.   Bente Cathrine f. 4/1 1984