Plass med rett til hamnegang til 3 kyr, men ikkje jord. Seinare gjestgiveri og handelsplass.
1 Knut og kona Kari, nemnde 1645.
2 Hans Olson var plassmann 1721.
Born:
a. Marite f. 1699.
b. Hans f. 1702.
c. Anna f. 1704.
3 Løytnant Fridrich Schunemann. Kona veit ein ikkje namn på.
Born:
a: Kristen f. 1725.
b. Jochum Fredrich Rode f. 1727.
c. Niels Hartvig f. 1729.
d. Christian f. 1730.
e. Werner f. 1734.
f. Johannes f. 1735.
Dagsett 14/6 1731 og tingl. 8/8 1732 skøyte frå Jens Gundersen til Niels Schiøtte på en husevnaning paa Sandens staaende, 26 alen lang, for 66 Spdl. Same dagen tingl. skøyte, dagsett 24/6 1732, frå Niels Schiøtte til Leutenant Fredrich Shunemann og bygsel på ein husmannsplass på Sandnes. Schiøtte er sokneprest til Lindås, men kven Jens Gundersen er og kva tid han hev fenge fat i husevåningen, veit ein ikkje.
4 Trond Kolbeinson Fjellanger f. 1728, d. 1804. 1767 g.m. Unna Monsdtr. Sandnes f. 1745 på b.nr. 1, d. 1811.
Born:
a. Johanna f. 1769, g.m. Lars Pederson Andvik på b.nr. 5.
b. Siri f. 1769, d. 9/11 1840. Legdslem.
c. Mons f. og d. 1773.
d. Mons f. 1776.
e. Agate f. 1778. Ei Agate d. 1827. Kallast kårekona. Agate mor til Trond, er f. på Andvik, sjå nr. 1 på b.nr. 7.
f. Marta f. 1781.
g. Marta f. 1784.
h. Ola f. 1783. Sjå utflytte.
Kva tid Trond hev fenge fat i cigedomen, hev ein ikkje funne. Men 15/10 1776 er tingl. pantobligasjon frå Trond Kolbeinson Sandnes til Elling Møller i Bergen for 86 rdl. med fyrste prioritets panterett i «en del Voningshuse paa Sandnes», og 1686 må Trond «fraskrive sig» eigedomen til Elling Møller. Trond bygde seg då eit steinhus i bakken millom husi til R. N. Kvamsdal og husi på Sandnesset. Sjå fotnote på side 442 i Frølich: Masfjordens historie.
5 Kristen Arneson I. Hope f. 1752 på b.nr. 1, d. 1799. 1786 g.m. Marta Magnesdtr. Skjeggedal f. 1757.
Born:
a. Brita f. 1786, g.m. u.k. Rasmus Jonson Totlandsvig 1806. Sjå under Urdi lenger nede.
b. Kristen f. 1787, d. ung.
c. Arne f. 1790, g.m. Engel Eriksdtr. S. Hope. Bust. der b.nr. 5.
d. Kristen f. 1792. Nr. 8 her.
e. Magne f. 1793. Truleg d. ung.
f. Kari f. 1794. Truleg d. ung.
g. Kari f. 1796, g.m. Hans Olson Haugsøy. Bustad der.
1786 skøyte frå Møller til Kristen Arneson I. Hope for 70 rdl. på Neset:
1.Tømret stue med kakkelovn.
2.Lidet kjøkken.
3.Liden stue med kammer og kjøkken.
4.Liden stue uden ovn. De tvende siste under et tag.
5.Ligesaa en sjøbue med et lidet kammer.
6.Bandenøst og en liden flor.
6 Nils Halvardson Skauge, frå Lindås f. 1765, d. 1806. 1799 g.m. e. Marta Magnesdtr. Sandnes. Mannen jordfest 12/5 1799 og e. innskrevi til nytt ekteskap 17/6 1799.
18/10 1800 tingl. kongelig bevill. «til Niels Halvorsen Schow paa gjestgiveri paa Sandnes. Den kirkesøgende almue samt andre reisende med for nøden Logemente samt spisevarer og Øll til nød-tørftighed og for en billige betaling sammesteds betiene, mod deraf at svare til vaares kasse En Rdl. aarl. afgift».
Betingelser: 1 kan brygge det nødvendige Øll, men skal være forbudt at brænde eller sælge Brændevin. 2 Holde Giestgiveriet i forsvarlig stand. 3 Ikke holde Kro for andre end Kirkesøkende og andre reisende.
Ved skifte etter Kristen Arneson 19/10 1799 vart husi sette til 53 rdl. og utl. på e. med halvparten og på dei 4 då levande borni med hin halvparten. 18/10 1800 tingl. skøyte til Nils Halvardson den halvparten i husi som vart utl. på borni, for 26 rdl. 3 mk.
7 Jon Andersson Kringlebotten, f. 1778, d. 1828.1807 g.m. e. Marta Magnesdtr. Sandnes, d. 1829.
12/10 1807 festesetel frå sokneprest Meyer til Jon Andersson Kringlebotten på grunn til husi på Sandneset og «sommerbeite for 3 Kiør i Sandnes Gaards Udmark. 1 Rdl. aarl. i grundleie».
16/10 1806 delebrev etter Nils Halvordson. Då åtte buet forutan husi som var sette til 80 rdl., ein part i garden Kolås for 133 rdl. og ein part i Hindnes for 290 rdl., tilsaman 503 rdl. E. fekk utl. på seg husi på Sandnes 80 rd. og del i Hindnes 171 rdl. Hin halvparten av buet vart utl. på halvsyster til Nils, som var g.m. Magne Olson Kolås.
8 Kristen Kristenson Sandnes, f. 1792, d. 4/4 1861. 1818 g.m. Kari Arnesdtr. I. Hope f. 1789 på b.nr. 1.
Born:
a. Kari f. 1820, d. 1828.
b. Kristen f. 1824. Nr. 10 her.
c. Arne f. 1828, d. 19/7 1896. Ugift. D. på Sandnes.
1823 skøyte frå Jon Andersson til Kristen Kristenson på halvparten av husi for 150 spdl.
21/7 1838 skifte etter Jon Andersson. Det synte seg då at han hadde ruinert bruket. Ikkje mindre enn 54 fordringshavarar fekk utlegg i lausøyre og hus, og då skuldi var greidd, var det att berre verde for 75 rdl. 2 ort 1 sk.
1830 skøyte frå utleggshavaranc til Kristen Kristenson på deira partar i husi.
9 Kristen Kristenson Sandnes, f. 1824, d. 5/12 1854. 16/4 1848 g.m. Brita Ivarsdtr. Lauvås frå Lindås f. 1821.
Born:
a. Kristen f. 4/1 1849, g.m. Marta Monsdtr. I. Haugsdal 29/6 1869. Bustad Rambjørg b.nr. 1.
b. Ivar f. 4/8 1850. Bustad St. Sleire b.nr. 5.
c. Erik f. 25/11 1852. Nr. 11 her.
Hev ikkje funne tinglese skøyte til nr. 9.
10 Martinus Arneson I. Hope, f. 1825 på b.nr. 1, d. 25/8 1896. 25/6 1857 g.m. e. Brita Ivarsdtr. Sandnes, d. 27/8 1897.
Born:
a.) Kristen f. 2/1 1858. Sjå St. Sleire b.nr. 11.
b.) Karen Andrea f. 4/8 1860, g.m. styrmann Ananias Kristenson Bergsvik 16/11 1883. Utvandra til U.S.A. Sjå under Bergsvik.
c.) Sygni f. 27/4 1863. Sjå under handverkarar o.a. her på Sandnes.
d.) Marta f. 4/4 1865, 28/4 1891 g.m. Bernt Johannesson Fosse, f. 7/6 1863 på b.nr. 2, d. 1930.
Deira born:
a.)) Borghild Johanna f. 20/6 1892, ug. Bust. Spurkeland i Seim.
b.)) Betsy Mathilde f. 5/4 1896. Sjå Varleite.
c.)) Magnas Kristen f. 4/1 1898, d. 20/4 1944, g. 1935 med Petra Jonsen frå Hetlevik.
Born:
a. Solveig.
b. Kirsten.
c. Margot.
d. Jan.
e. Børge.
—————————————-
d.)) Karen, Andrea f. 6/2 1902, g. 1922 med Harald Monsen Matre. Bustad Spurkeland, Seim.
Born:
a. Jon.
b. Magnus.
c. Bjørg.
d. Aud.
——————————————
e.)) Bernhard Martin f. 6/4 1905 g.m. Josefina Rikstad, bust. Seim.
Born:
a. Bernt.
b. Anne Karin.
c. Magnas Kristen.
d. Berit.
—————————————–
f.)) Aslaag Eleonora f. 16/9 1910, g. 1939 med Johannes Skår, Bustad Seim.
Born:
a. Ottar.
b. Margun.
c. Bjarne.
11 Erik Kristenson Sandnes, f. 25/11 1852, d. 5/4 1927. 26/6 1898 g.m. Inga Maria Larsdtr. L. Sleire f. 28/6 1874 på plasset Fagrevik under L. Sleire.
Born:
a. Brita f. 18/12 1898. Sjukesyster i Bergen.
b. Laura f. 7/6 1903. Sjå nedanfor. Frå 1800 til Erik Kristenson Sandnes døydde 1927 var det drive landhandel på Sandnesneset.
Utflytte frå Sandnesneset
Ole Trondsen Sandnes f. 1783 på Sandnesneset. Han flytte fyrst til Bergen og sidan til Vangsnes i Sogn. Var gift 3 gonger. Namnet på dei tvo fyrste konerne er ukjent. Kona nr. 3 heitte: Brita Larsdtr. Tveit, 1813. Gift 1839 og d. 1910.
Millom borni var Lars, f. 1842. Han var jekteskippar og gardbrukar på Vangsnes, d. 1934. Lars var gift tvo gonger. Andre gongen med Synneva Jensdtr. Barsnes (Sogndal ?) f. 27/6 1845, d. 1932.
Borni til Lars og Synneva:
a. Jens f. 1883, d. ung.
b. Jens f. 4/7 1885, sjå nedanfor.
c. Randi f. 1890, d. 1928. Hadde 8 born.
Jens Larson Vangsnes f. 4/7 1885. 1914 g.m. Ranveig Sjursdtr. Fuhr.
Born:
a. Gunvor f. 1915.
b. Sunniva f. 1917.
c. Sigmund f. 1926.
d. Magnhild f. 1928.
Jens er lærar i Fjærland i Sogn.