Bruk 17 – 23

Bruk 17. Bankstad.

Utskilt frå b.nr. 1 og 2. Grbf. 15/5 1950.


Skøyte, dat. 8/5 1950, frå Andreas E. og Erik A. Sandnes til Masfjordens sparebank for 1 500 kr. Grbf. 15/5 1950.
Desse har butt her:
1. Lækjar Peder Jonson Østgård frå Sør-Reisa, 18/5 1955 til juli 1956. No overlækjar i Stavanger. Han er g.m. Ingeleiv frå Kviteseid.
Born: 
a.  Anne Synnøve.
b.  Audhild.

2. Distriktslækjar Harald Grimstad frå Frei, budde her eitt år frå 10/7 1958, flytte så inn i nybygd lækjarbustad, Fjordtun b.nr. 23.

3. Driftsstyrar Bjørnulf Kristiansen budde her 1963-1965.

4. Tannlækjar Lars Reimann frå Oslo, 1966 til desember 1970, flytta inn i ny bustad «Tanngarden» b.nr. 37.

5. Lærar Per Brenden frå Norderhov, g.m. Else Marie Selbak.
Born: 
a.  Tone.

6. Lærar Rognald Johannes Toralfson Matre f. 8/4 1943. Sjå g.nr. 49, b.nr. 3.
Dei bur her frå 1/7 1971.

Bruk 19. Bakkehaug.

Utskilt frå b.nr. 1. Grbf. 13/10 1952.


Skøyte, dat. 13/12 1952 frå Erik Arneson Sandnes og k. Aletta til sonen Erling for 300 kr. Grbf. 27/1 1953. Sjå b.nr. 1.

Erling Sandnes f. 5/12 1920 på bruk 1 (14f), g. 17/7 1948 m. Frida Furnes f. 13/10 1923 i Gulen.
Born: 
a.  Leif Egil f. 10/2 1949, g. 4/7 1987 m. Målfrid Havre f. 5/6 1955. Bur i Bergen.
Deira born:
a.    Øystein f. 28/8 1988
b.  Fritz f. 22/9 1955
Skøyte 27/1 1953 til Erling Sandnes for 300 kr.

Bruk 22. Soltun.

Utskilt frå b.nr. 1 Grbf. 2716 1956.


Ivar Ivarson Kvinge f. 28/5 1916 på b.nr. 12 (1e), d. 27/8 1993 og søstra Audhild f. 29/3 1912, d. 14/5 1990. Ho var gift m. Henrik Ivarson Kvamme f. 14/9 1911 på b.nr. 5.
Festekontrakt 27/6 1956 til Ivar Kvinge og Audhild Kvinge på 99 år mot årleg leige kr.40.
Skøyte 3/3 1970 til Ivar Kvinge og Audhild Kvamme på b.nr. 22 og 31 for 2800 kr.

Bruk 23. Fjordtun.

Utskilt frå b.nr. 1, 9/7 1956.


Distriktslækjar Harald Andersson Grimstad frå Frei, g.m. Agnes frå Sekken i Romsdalen.
Born: 
a.  Anders f. 1963.

Distriktslækjar Yngve Nakling frå Bærum, g.m. Dietlin frå Tyskland. Ho er og lækjar.
Born: 
a.  Arne
b.  Ingrid.

Distriktslækjar Sverre James Olsen frå Bergen. Han var her frå 28/7 1971 til mars 1973.

Turnuskandidat Håkon Buvig frå Oslo, våren 1973.
På eigedomen er bygt bustad og kontor for distriktslege, seinare kommunelege.

Torfinn Waage-Rasmussen f. 2/10 1949, g. 1974 m. Liv Rosenstand Haaland f. 15/5 1952.
Born: 
a.  Fredrik f. 10/4 1977
Torfinn Waage-Rasmussen var distriktslege i Masfjorden frå 1976 til 1979.
Han vart etterfølgd av nr.6.

Per Morten Ohnstad f. 13/6 1951, g. 1976 m. Øydis Johnsen f. 5/7 1950.
Born: 
a.  Jørgen f. 9/9 1978
b.  Kristine f. 8/2 1982
Huslyden flytta til Bergen sommaren 1982.

Jarle Tveit, f. 3/1 1953 kom hit som distriktslege i sept. 1982. Han var gift med Beate Bolstad f. 21/1 1961.
Born:
a.  Ingeborg f. 28/5 1980
b.  Åshild f. 29/9 1981
Huslyden flytta til Voss i oktober 1983.

Tore Morken f. 15/2 1956 på Radøy kom hit som kommunelege i 1984. Gift 30/4 1986 m. Mette Helvik Larsen f. 13/8 1954 i Bergen.
Born: 
a.  Petter f. 21/10 1986.
Dei flytta til Bergen sommaren 1987.

Satya Pal Sharma f. 26/10 1954 i India kom til Masfjorden som kommunelege i 1990. Gift m. Sangeeta f. 27/4 1960 i India.
Born: 
a.  Shruti f. 27/5 1986
b.  Shaurya f. 22/9 1989.