Utskilt frå b.nr. 1, 1844.
1 Martinus Monsson S. Hope, f. 1820 på b.nr. 7, d. 27/11 1898. 1845 g.m. Kari Johannesdtr. Bauge f. 1817 på b.nr. 1, d. 16/4 1899.
Born:
a. Erik f. 1846, d. 1847.
b. Johanna f. 1847, d. 12/7 1889.
c. Erik f. 1850. Nr. 2 her på bruket.
d. Mons f. og d. 1852.
e. Mons f. 1853. Sjå Lidi under Bauge.
f. Henrik f. 8/1 1857. Sjå utflytte.
g. Hans f. ?, d. 19/11 1880. Lærar.
Ved skifte etter Erik Monsson Bauge vart bruket sett til 400 dl., og same året vart garden delt i 2 like bruk. b.nr. 2 fekk Mons Henrikson Hope, noko som arv etter sonen og noko for skuld: Han hadde lånt sonen pengar då han kjøpte bruket.
1846 skøyte frå Mons Henrikson Hope til sonen Martinus 1 dl. 2 ort og 10 sk. for 200 dl. Kår frå Martinus til faren: 1 t. korn, 1 t. potetor, 4 merk humle, 1 ku, 2 smale, 3 geit. «Samtlige disse vilkårsprestasjoner blive af den opholdstagende selv at afhente.»
2 Erik Martinusson Bauge, f. 1850, d. 11/5 1899. 9/7 1884 g.m. Olina Andersdtr. Sandnes f. 1859 på b.nr. 2, d. 5/12 1898.
Born:
a. Hans f. 2/7 1885. Nr. 3 her på bruket.
b. Martin f. 29/12 1886, d. 18/5 1891.
c. Ragnhild f. 24/10 1890, d. 12/5 1891.
d. Ragnvald Martin f. 12/7 1892. Nr. 4 her på bruket.
e. Karina f. 24/12 1894. Er hushjelp på bruket, 1943, d. 10/5 1968.
20/11 1899 skifte etter Erik Martinusson Bauge. Bruket då utl. på sonen Hans for 1600 kr.
3 Hans Erikson Bauge, f. 2/7 1885. 7/6 1908 g.m. Bergljot Hansdtr. Wergeland frå Lauveidet f. 28/7 1886.
Hans og Bergljot reiste til Kanada 1910.
4 Ragnvald Martin Erikson Bauge, f. 2/7 1892, d. 8/5 1916. 12/6 1911 skøyte frå Hans Erikson Bauge til broren Ragnvald Martin for 1600 kr.
Nr. 4 vart sjuk, og andre fekk lov ta styrnaden på bruket.
5 Gjert Hansson Daae, Kjærdal, Frøyset, hev brukt bruket lengste tidi etter nr. 4 vart sjuk. Eigarar er Hans Erikson Bauge og systri Karina framleis 1943. 1948 yverdrege til Karina.
6 Paul Olaf Sundsbø, f. 19/1 1920 i Lindås, g. 26/6 1948 m. Aslaug Daae, f. 16/6 1922 på Frøyset b.nr. 3 (2e).
Born:
a. Kari f. 2/9 1949
b. Randi f. 22/12 1950, g.m. Geir Kvinge frå Bergen. Sjå b.nr. 4, Kvinge S.
c. Margot f. 14/3 1955
d. Solveig f. 7/11 1957
e. Paul Agnar f. 12/8 1964. Sjå Sandnes b.nr. 50.
Skøyte 1950 gjev Paul Sundsbø og kona Aslaug grunnbokheimel for 3000 kr og kår.
Huslyden flytta sidan til Lindås.
Bogsviki – Eit plass under Bauge. No nedlagt.
Lars Erikson Nordland, frå b.nr. 1, f. 1801, d. 29/5 1887. 1827 g.m. Brita Sjursdtr. Andvik frå b.nr. 4, f. 1802, d. 29/3 1888.
Lars var paktar på Kvalvågnest i Lindås, og der er nokon av borni fødde.
Born:
a. Brita f. 1826 fyrr foreldri var gifte.
b. Marta f. 1828, d. 16/11 1904. Fekk sonen Nils med ein utbygdgut Nils Nilsen. Nils vart buande på St. Sleire, b.nr. 8.
c. Erikka f. på Kvalvågneset. Vart gift i Børholmen i Gulen.
d. Ragnhild f. på Kvalvågneset, g.m. Bertel Trondson Kvingedal, b.nr. 4.
e. Sjur f. 1834.
f. Sygni f. 1837, g.m. Kristen Olson Stegalvik. Bustad Lurkhaugen der.
g. Johannes f. 1839, g.m. Sygni Nilsdtr. Lauvås frå Lindås 19/7 1868. Bustad Vestleitet under Frøyset.
Utflytte frå b.nr. 2
Nr. 1 f. Henrik Martinusson Bauge f. 8/1 1857. 16/7 1884 g.m. Sigrid Bergesdtr. Wergeland frå Lauveidet f. 25/3 1857. g.m. Ragna Utne, dotter til klokkar Utne i Bergen.
Born:
a. Solveig Konstanse f. 6/6 1887. Skulekjøkeninspektrise i Oslo.
b. Hans f. 28/6 1889. Sjå nedanfor.
c. Borghild f. 9/9 1891, d. 1918. Var då lærarinne i Aker.
d. Helga Johanna f. 1893, d. som barn.
e. Alfhild f. 14/9 1895. Sjå nedanfor.
f. Trygve f. 9/11 1896. Sjå nedanfor.
g. Ågot av andre ekteskap f. 18/5 1905. Kand. mag.
h. Erling f. 1907. Kand. jur.
Henrik Bauge var lærar i Oslo.
Borni til Henrik Bauge:
Hans Henrikson Bauge f. 28/6 1889. Res. kap. til Sandviki, Bergen. g.m. Ester Egede Nissen f. 9/4 1894, dotter til prest Egede Nissen.
Born:
a. Kirsten f. 26/6 1915, g.m. Odd Hasselgern, tollmann i Bergen. Born: a. Svein f. 28/4 1941, b. Helge f. 2/12 1944.
b. Sigrid f. 29/4 1917 g.m. Kåre Gule frå Bud. Born: Terje, Kåre, Brand og Brit.
c. Henrik f. 17/6 1919. Stud. med.
d. Eva f. 3/1 1921. Kand. filol., 16/8 1944 g.m. kand. filol. Odd Nordland.
e. Alfhild f. 21/3 1923. Ferdig i handelsgymnaset. (1950).
f. Ester f. 18/1 1930.
Alfhild Bauge f. 14/9 1895. g.m. kand. jur. Simon Høye, lensmann i Elverum. Born: Jens Henrik, Truls, Sigrid og Alf Simon.