Um namnet seier O. Rygh at det kjem av ei «rund bugt» og det stemmer med skapet på strandlina. I vanleg tale vert namnet sagt Bugjen. På Haugsdalsstrandi i Masfjorden er ein stad som heiter Lysebugjen. Bug er ei eldre form enn bog. I andre bygder i Nordhordland er namnet vorte til Boge. Formi Bogen som no vert nytta i matrikelen, seier ingen i bygdi. Folk som er fødde på garden i seinare tid, skriv seg for Bauge.
Ymse gamle skrivemåtar: 1611 Bougen. 1617 Boge. 1624 Boug. 1645 Boegen. Elles kan ein finna fleire former. Soleis Bugen, Boje og fl. I matriklane: 1665 Bouge. 1718 Bouge. 1723 Boge. 1838 Bauge. No Bogen. Formi bauge hev ein ogso i Nordhordland: Soleis i gardsnamnet Baugstø i Manger. Matrikelen kunde difor godt ta formi Bauge. Vil ein helst koma nær seiemåten, måtte ein skriva Bugen.
Grensor: I sud til fjellmarki på S. Hope og Sandnes, i vest til Sandnes, i nord til fjorden og i aust til Andvik.
Eigedomstilhøvi: Fyrste gongen ein finn noko um eigedomstilhøvi er 1624, og då høyrde garden til Lindås prestebol. Og benefisert Lindås prestebol var garden heilt til leiglendingen fekk skøyte. 1834 kongeleg skøyte til Sygni Matiasdtr. ½ l. s. for 240 spdl. og jordavgift til Lindås prestebol: 1 Skj. 2 fjdk. bygg «der bliver at betale som renter af 87 Spdl.»
Gamle matriklar og teljingar
Køpskattmanntal 1645: Boegen. Iffuer Joensen. Ko: Unne.
Kvegskattmanntal 1657: Bouge. 1 Hest, 1 Oxe, 5 Kiør, 6 Faaer. Saar 1½ Td. Afler 2½ Td., føder 10 Nøed, 1 Hest. Lindans Prestebol allernaadigst beneficeret, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden og aldeles uvis til Korn. Bierke- og Furuskoug til brendefang, 1 Flomquern, ellers ingen herlighed. Udgifter 2 Rdl. 2 Mk. 12 Sk.
Matrikel etter reskript frå 1665: Bauge. Landsk. Smør ½ Løb. Saar 1 ½ Td. Afler 2½ Td. Føder 10 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 1 Mele. Smaaskat 1 Mk. 15 Sk. Smaatiend 4 Sk. Kan skatte af ½ Løb Smør. Brendefang til.
Skattemanntal 1666. Bogen. Skylder Smør ½ Løb. Opsidder: Rasmus bruger, 38 Aar g. Fostersøn Thommes Fusess, 5 Aar g.
Manntal 1701: Bauge. Rasmus Larsen, 79 Aar g. Sønner Lars Rasmusen hiemme, 25 Aar g. Aamund Rasmusen, hiemme, 9 Aar g. Erik Rasmusen, hiemme, 7 Aar g. Fuse Rasmusen, hiemme, 4 Aar g.
Prøvematrikel 1721: Bouge. Ole Nielsen. Saar 1 Td., høster 3 Td. Føder 9 Nød, 9 Faar, 1 Hest. Lindaas Prestebol allernaadigst beneficeret, ligger ved Søen, maadelig jordart, men tungvunden og tildels uvis til korn. Bierke- og Furuskoug til brendefang, 1 flomqvern, ellers ingen herlighed. Skat 4 Rdl. 2 Mk. 12 Sk.
Matrikeltaksten 1723: Boge 1 Mand. Landsk. ½ Løb. Smør. Lindaas prestebol med bøxel beneficeret. Brendeskoug. 1 flomqvern. Ligger ved Søen 6½ Mil fra Bergen. God kornart. Sehiels letvunden. Saar 2 Td. Afler 7 ½ Td. Føder 7 Kiør, 4 Ungnød, 9 Faar, 1 Gied. Lever af qvegets afling og brendeved at sælge. Skyldi vart uppsett med 6 mk. s.
Foto: Svein D. Viken