Um namnet seier O. Rygli at det hev samanheng med fuglenamnet and. Ei onnor tyding kan liggja like nær. Fyrste stavingi i namnet kan tyda mot som i ordi and-føttes, andror, andøva og fleire. Ut frå Andvik kjem jamt strid vind både austleg og sudleg vind, so at den som vil der inn, jamt hev vinden mot seg. Garden ligg ogso imot Nordland og Totland, og dersom Andvik er yngre enn dei tvo andre, so kan garden fenge namn etter dette tilhøve.
Gamle skrivemåtar: 1519, 1563 og 1567 Anduig. 1611 Anduigen. 1603 Anuigen. 1620 Anduigh. Ofte Andviig eller Andvig. I Matriklane: 1665 Andvig. 1718 Andviig. 1723 Anvig. 1838 og sidan Andvik.
Grensor: I nord til Nordland, i aust til Nordlands, I. Haugsdals og Kjetlands fjellmark, i sud til Odnekvamras sætermark og i vest til Kvingedals, Mjangers, Sandnes og Bauges utmark, i nord ogso til sjøen.
Eigedomstilhøvi: Heilt frå 1563 hev kring halvparten av b.nr. 3 vore bondegods og brukt av eigarane utan brot ned til våre dagar.
1624 hadde presten i Lindås inntekti av noko av Andvik. 1648 er 1 laup 2 pd. s., 4 får, kalla krongods, og H. Lyche (prest i Lindås) eig 1 pd. s.1664 heiter det: «Kongen hidintil eiet og bøxlet i løb 2 pd. s., 4 får, som nu er solgt til Abel Munthe. Hr. Lyche eier 1 pd. s. med bøxcl». 1686 eig Ludvig Lem 2½ l. s. 1691: «Ludvig Lems Enke 1 ½ L. Smør, 3 Faar. Knud Andvig eier og bebor 18 Mk. 5. Lindaas Prestebol 18 Mk. S.1 Faar». Same året vert Giertrud de Fine cigar av 1½ i s., 2/3 får. Lindås prestebol hev framleis 18 mk. S. 1 får. 1732: «Opsidderen Johannes 12 Mk. s., 1/3 Faar. Lindaas Prestebol 12 Mk. S., ¼ Faar. Resten Giertrud de Fine og hendes Børn». 1773 arvingane etter futen Lem og Niels Schøtt. 1744 bygsla Anna Helena Torupp til Jon Monsson. 1764 heiter ho Anna Helena Sal. Lem, og ho er eigar ogso 1754. 1771 tingl. auksjonsskøyte ved sorenskrivar Henrik Garmann, og då kjøper magister Ludvig Daae (prest i Lindås), 1 laup 1 pd. 18 mk. s., 2 2/3 får for 175 rd. 3 sk. Skøyte var dagsett 18/12 1770.
1787 er det skifte etter Ludvig Daae og frua Drude Cathrina. Då vert 1 laup 18 mk. s.2 2/3 får utl. på sonen Ivar Munthe Daae, og 1791 skøyter han til Sevat Olson Haugsver ½ l. S. for 130 rdl., det er no b.nr. 6 og 7.1794 skøyter Daae til Jetmund Matiasson Risnes 1 pd. s.2/3 får for 141 rd., no b.nr. 5 og 1797 til Mons Bårdson 1 pd. s.1/3 får for 190 rdl., no. b.nr. 2. 1838 kongeleg skøyte til Erik Johannessson 9 mk. s.1/2 får for 100 spdl. og jordavgift. 1844 skøyte frå Ivar Munthe Daae til Ivar Erikson 1 pd. 9 mk. s.4/6 får for 260 spdl., no b.nr. 3 saman med det som hadde vore eige gods. 7/5 1846 kongel. skøyte til Ola Monsson 9 mk. s. ½ får for 100 spdl. og jordavgift 5 skj. 1 ¼ fjdk. bygg, no b.nr. 2 saman med det som far til Ola fekk kjøpa hjå Daae 1797. 10/1l 1866 skøyte frå «Aadel Kristi Fritzner Daae til Ole Nilsen og hans forlovede, b.nr. 4 for 580 spdl.»
Gamle matriklar og teljingar
Kopskattmanntal 1645: Anduig. Mathis Omundsen, Ko. Britte, Th. Thøs. Lauritz Omundsen, Ko. Sigri, Th. Thøs. Poffuel, Ko. Ingeborg, Th. dreng Ciemmet, Th. Thøs. Mogens Herløesen, Konen, Th. dreng Herløe. Lauritz Odsen, Ko. Aasse. Ode Erichsen, Konen. Ode Mogensen, Ko. Marite.
Huusfolk: Erich Hansen, Ko. Britte. Baste Erichsen, Konen.
Kvegskattmanntal 1657: Auduig. Mathis 1 Hest, 8 Kiør, 6 Gieder, 6 Faaer. Laurs 1 Hest, 5 Kiør, 1 Oxe, 3 Gieder, 6 Faaen Knud 2 Kiør, 2 Faaer, 2 Gieder. Mogens 6 Kiør, 1 Oxe, 3 Giedere, 6 Faaer. Olluff 2 Kiør, 2 Gieder. Mogens 1 Hest, 4 Kiør, 1 Oxe, 3 Faaer. Olluff 1 Hest, 4 Kiør, 1 Oxe, 3 Gieder.
Manntal 1666: Andwigh. Skylder Smør 2 Løber. Faar 4. Opsiddere: Matthis b.nr. 1 Pd. Smør 2/3 Faaer, 60 Aar g. Knud br. lige meget, 32 Aar g. Mogens Anderss lige meget, 62 Aar g. Tjenestedreng Hans Halffwordsen, 8 Aar g. Mogns Herluffs br. 1 sp. Smør ½ Faar, 66 Aar g. Søn Johans, 11 Aar g. Joen Mognss br. 6 Mk. Smør 1/6 Faar, 30 Aar g. Søn Herluff, 11 Aar g. Ole Olss br. 1 Pd. Smør 2/3 Faar, 36 Aar g. Huusmands Sønne Søn Jørgen, 6 Aar g. Anders br. 1 Pd. Smør 2/3 Faar, 36 Aar g.
Matrikel etter reskript frå 1665: Anvig. Landsk. Smør 2 Løber, 4 Faar. Saar 9 td., afler 20 Td., føder 42 Nød, 2 Hester. Kan tiende 2 Td. Kan skatte af 2½ Løb. Brendeskoug til.
Manntal 1701: Andvig. Mons Siffuorsen, 61 Aar. Søn Haagen Erichen, hiemme, 26 Aar. Olle Tostensen, 48 Aar. Søn hienime, 2 Aar. Tieneste Karl, Olle Andersen Andvik, 30 Aar. Knud Larsen, 2 Aar. Søn hiemme Johanis Knudsen, 6 Aar. Mons Monsen, 54 Aar. Sønner hjemme Mons Monsen, 24 Aar, Bertel Monsen, 10 Aar, Mons Monsen, 4 Aar. Joen Monsen, 64 Aar. Søn hiemme Mons Joensen, 26 Aar. Troels Clausen, 44 Aar. Søn hiemme Joen Andersen, 9 Aar.
Prøvematrikel 1721: Andvigen. Skylder 2 ½ Løb Smør. Hogne Erichsen, Mons Monsen og Mons Monsen jun. Mons Joensen, Guttorm Andfindsen, Truls Clausen, Johannes Knudsen. Saar 9 td., høster 29. Føder 42 Nød, 17 Faar, 6 Hester. En del hører til Lindaas Prestebol, resten er proprietærgods af diverse eiere, som hver faar sin part af Løben. Maadelig jordart, men særdeles tungvunden, tager skade af fieldskred, som aar for aar Gaarden beskadiger. Bierkebrendefang og en flomquern til fornødenhed. Ellers ingen herlighed. Udgifter 19 Rdl. 5½ Mk. 7 1/6 Sk.
Martikeltaksten 1723: Andvig. Landsk. 2 L. S.4 Faar. 6 Mand. (Haagen, Gl. Mons, Guttorm, Troels, Mons, Johannes). Opsidderen Johannes eier 12 Mk. S.1/3 Faar. Lindaas Prestebol 12 Mk. S. ¼ Faar, resten Giertrud de Fine og hendes Børn( og enhver med bøxel. Intet Sætter. Brendeskoug, 1 flomqvern. Ligger ved Søen 7½ Mil fra Bergen. Ringe kornart og tungvunden. Staar stor fare for fieldschred. Saar 9 Td., afler 27. Føder 25 Kiør, 24 Ungnød, 36 Faar, 6 Hester. Lever af Quegets afling og brendeved at sælge.
Brukarar
Tosten, nemnd 1519 og 1522.
Rasmus og Joen 1563.
Omund, Enchen, Herløe og Thomes 1603.
Erich er komen i staden for Enchen 1611. Elles dei same, og ein ny mann, Anders.
1618 er komen ein ny mann, Siffuer, 80 då er det 6 mann.
1620 er det komen endå ein ny, Olluff, 80 då er det 7.
1626 kjem det ogso ein Mogens til, 80 då er det 8. Mogens kjem nok på bruket etter Herlog, som er nemnd siste gong 1628.
1628 gjeng Siffuer ut og i hans stad kjem Knud. Knud er nemnd berre 1628, 1629 kjem Lauritz i hans stad.
1630 kjem Pofful til, so då er det 7 mann på garden. Omund er nemnd siste gongen 1636. 1645: Mathis Omundsen, Lauritz Omundsen, Poffuel, Mogens Herløesen, Lauritz Oelsen, Oele Erichen, Oelle Mogensen. Desse 7 hadde gard, og so var der 2 husmenn: Erich Hansen og Baste Erichen.
Foto: Svein D. Viken