27 Nørland

Nørland
Nørland

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av gudenamnet Njordr, og at den eldste formi var Njardarland, som seinare er vorte til Njordland. Den midtre d’en, som var ein stungen d, hev falle burt, og namnet vart sagd Norland med open o som i ordi borg, sorg, torg, Noreg og f.eire. Tonetrykket vert lagd på fyrste stavingi, og endekonsonanten er vorten til nn, Norlann.

Ymse skrivemåtar: 1519 Norland. 1522 Nerederlandt. 1535 Nordherdland. 1563 Nørland. 1611 Nørreland. 1624 Norre-Land. Ein gong Nørdland. 1628 Nordland. Elles finn ein ogso andre former. I matriklane: 1665, 1718 Nørdland. 1838 Nordland, 1886 og sidan Nørland.

Grensor: I nord til Totland, i aust til I. Haugsdal fjellmark, i sud til Andvik og i vest til sjøen.

Eigedomstilhøvi: 1535 høyrer garden til Vinsents Lunges Jordegods. So kjem han i Galdeætti si eiga. 1624 Hans Drestleberg. 1664 er garden komen i Bildeætti si eiga. 1691 Daniel Volqmann. 1700 Volqmans arvingar. So eig Justisråd Hjort. 3/8 1708 skøyte frå enkja etter Hjort – Anne Marie Heidemann – «til væledle assessor Wilhelm Hanssøn». 1738 er buet til Wilhelm Haussøn kome under «bestyrelse» og 11/3 1739 fær leiglendingane kjøpa bruki på offentleg auksjon. Garden er då uppførd med ei skyld på 1 laup, 1 pund smør, og 3 jamstore bruk vert selde for 5 mk. 4 sk. for kvar skyldmark. Det svarar til 35 dalar for kvart bruk, 12-14 kuverd etter den tids prisar. Skøyti fekk dei nye eigarane året etter, dagsette på Fredricbergs Slot 13/4 1740. Dei som fekk skøyti, var Ola Johannesson (no b.nr. 1 og 2), Lars Einarson (no b.nr. 3 og 4), og Ola Herlovson (no b.nr. 5).

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Norrland. Anders Olsen. Ko: Helga. Th. Thøs. Niels Andersen. Ko: Britte. Th. Thøs. Lauritz Erichsen. Ko: Agnis. Th. Thøs. Joen Andersen. Ko: Mari. Th. Thøs Anne.

Kvegskattmanntal 1657: Nøreland. Anders 4 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 2 Faaer. Niels 1 Hest, 4 Kiør, i Quie, 3 Gieder, 2 Faaer. Niels 1 Hest, 4 Kiør, 1 Quie, 1 Gied, 5 Faaer. Laurs 3 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 2 Faaer. Johans (det er vel han som 1645 vart skreven Joen) 2 Kiør, 1 Quie, 2 Faaer. Ein skulde mest tru at den siste er son til Anders Olsen.

Matrikel etter reskript frå 1665: Nørland. Landsk. Smør 1 Løb, Malt 1 Td. Saar 4½ Td., afler 15 Td. Føder 24 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 1½ Td. Kan skatte af 1½ Løb. Brendeskoug og noget til Huusbehoef.

Skattemanntal 1666: Nørreland. Skylder Smør 1 Løb, Malt 1 Td. Niels bruger 1 Pd. Smør. 1 Mele 8 Kd. Malt, 64 Aar g. Ole bruger 1 Pd. Smør, 1 Mele, 4 Kd. Malt, 40 Aar g. Johans bruger i Sp. Smør, 1 Mele Malt, 44 Aar g. Under Huusmænd og Strand­siddere: Ole Mognsen, 48 Aar g.

Manntal 1701: Nørland. Baste Monson, 40 Aar g. Søn: Niels Bastesen, hiemme, 3 Aar, g. Magne Monsen. Søn: Knut Magnesen, hiemme, 4 Aar g. Nils Joensen, 70 Aar g. Søn: Lars Aamundsen, hiemme, 20 Aar g. Herløf Joensen, 40 Aar g.

Prøvematrikel 1721: Norland. Lars Einersen, Herløf Joensen, Ole Johannesen. Saar 6 Td., høster 21 Td. Føder 28 Nød, 18 Faar, 2 Heste. Proprietærgods, ligger ved Søvn, god jord, men noget tung­vunden. Ingen herlighed undtagen lidt Bierke- og lidt smaa Furuskoug til fornøden Brendefang. En flomqvern. Utgifter 12 Rdl. 4 Mk. 14 Sk.

Matrikeltaksten 1723: Nørlang. (Feilskrift). Tre Mand. Landskyld 1 Løb Smør, 1 Td. Malt. Assessor Hansen med bøxel tilhør­ende. Intet Sætter. Intet Husmandssæde. Brendeskoug og Fure-skoug til husfornødenhed. 2de Qverner. Ligger ved Søen 7½ Mil fra Bergen. Maadelig kornart og schiels letvunden, fattis Udmark. Korn saaes 6 Td., afles 21 Td. Føder 21 Kiør, 12 Ungnød, 18 Faar, 2 Heste.

Brukarar: Nordland hev sovidt ein kan skyna, havt 3 jamnstore bruk gjenom 17. og 18. hundra-året. Når det til ymse tider hev vore 4 brukarar, so hev det seg temmeleg sikkert slik at far og son hev havt kvar sin lut av bruket. Det er difor uråd å finna ut kva bruk den og den brukar hev site med i eldre tider, då ein ikkje hev anna enn skattelistor og rekneskap å retta seg etter.

Knud, nemnd 1519 og 1522. Siste året ogso Lauritz, husmann. Bertel 1563 og 1567. Knud og Anders 1600 til 1611.

Enchen frå 1612 til 1614. NB. Eit vedlag til rekneskapi for 1610/11 syner at Knut vart dødsdømd. «Peder Østgulen og Knud Nørreland som efter Kongel. Maijst. Befalling for deris Misgiernin­ger bleff Reffsit och straffit ved sverdit, deris halfue Boe bleff Registeritt och opschreffuen efter hoesliggende Registers Lydelse, och iche reche til Laugligh Schyld och Gield at betale.» Bruket vart då som ein ser styrd av ekkja. Mogens er 1617 komen på bruket etter ekkja.

Anders held fram saman med Mogens, og frå 1620 er Oluff ko­men til. Anders, Oluff og Mogens nemnde saman til 1632. Anders kjem att til 1662. Men um det er same Anders, kan ein ikkje seia. 1645 er nemnd: Anders Olsen, Niels Anderson, Lauritz Erichsen og Joen Andersen. Dei 4 er nemnde saman til 1662. Niels Laurs (Lau­ritz) og Johans 1664. Året 1666 er Olle komen i staden for Laurs. Niels, Ole og Johans 1668. So finn ein ikkje namn på brukararane fyrr 1691. Då er det Magne, Olle, Baste og Ifer.

Foto: Svein D. Viken