1 Lars Hansson Kjetland, f. 1773 på b.nr. 1, d. 8/7 1867. g.m. Ingeborg Eriksdtr. Askeland frå Myking. Far hennar var frå Totlandsdal og mori frå Odnekvam.
Born:
a. Marta f. ?, g.m. Knut Basteson Odnekvam. Bustad Selvågneset, Lauvvik.
b. Hans f. 1786.
Lars bygsla ei tid ei jord på Bakka i Austrheim hjå Sellichen, men han fekk narra bygsli frå han, og so kom han til Dalsleite. Han hadde gjerne fleire born.
2 Endre Gregoriusson Byrkjeland, f. på b.nr. 3, 1825, d. 20/7 1908. 3/7 1860 g.m. Sygni Larsdtr. Andvik f. 1829 på b.nr. 6, d. 13/1 1893.
Born:
a. Ola f. 9/12 1864. Nr. 3 her på plasset.
b. Lars f. 27/4 1867. Bustad Solheimsøy.
10/5 1868 festesetel frå Lars Monsson til Endre Gregoriusson på Leitet.
3 Ola Endreson Totlandsdal, f. 9/12 1864, d. i Hallingdal hjå ein son, som bur der. 30/6 1893 g.m. Marta Eriksdtr. I. Haugsdal f. 6/11 1861 på b.nr. 1, d. 19/1 1901. 4/10 1901 g.m. Marta Andersdtr. Solheimøy f. 8/11 1875, d. 18/4 1925.
Born:
a. Sigurd f. 5/12 1894. Trikkeførar i Bergen.
b. Edvard Martin f. 17/11 1896. Bustad Hallingdal.
c. Elina f. og d. 1898.
d. Elina f. 28/8 1899.
e. Laurits Malmfred f. 2/1 1902. Drosjeeigar i Bergen.
f. Ragnhild Alfhild f. 18/8 1904. Fekk sonen Odd Monrad 20/4 1925 med Hjalmar Hansen frå Bergen.
g. Lisa Bertina f. 17/8 1906, d. 17/4 1919.
h. Oliva Maria f. og d. 1907.
i. Oliva Maria f. 10/3 1909, d. 6/4 1919.
j. Andrea Johanna f. 27/9 1911, d. 22/4 1919.
k. Margit Kristina f. 31/3 1914, d. 6/4 1919.
1. Klara Malena f. 18/2 1917, d. 25/3 1919.
m. Klara Margit Amanda f. 16/4 1920. Gift. Bur på Geilo.
Desse 5 borni døydde i Spanskesykja og 3 av dei vart gravlagde på ein dag. Nokon festesetel til Ola Endreson er ikkje tinglesen. Plasset er no nedlagd.