Brukarar. Bruk 1 (og 2)

Iffuer. Nemnd herre skatteåret 1624/25.

Mogens Johannesen, nemnd fyrste gong 1645, siste gong 1662. Kona heitte Ragnilde 1645.

Anders. Nemnd som brukar fyrste gong 1664. Fødd 1632. Hev vel havt bruket til sonen fær det ei tid fyrr 1690. Heimaverande søner 1666: Johans (Johannes) 13 år. Iffur 10 år. Han er nr. 4 her på bruket.

Iffuer Andersson, f. 1656. Hev bruket 1691. Sit med det til 1729.
Born: 
a.  Anders f. 1688.
b.  Mons f. 1692.
c.   Daniel f. 1699. Nr. 5 her på bruket.
14/12 1720 uppattnying av bygsli frå Anders Bing 1 pd. s.

Daniel Ivarson Reknes, f. 1699, a. 1771.l. g.m. Marta f. 1676, d. 1756. 2. 1756 g.m. Anna Hansdtr. Kvamme. Ho må vera frå Kvammen i Myking, for på Kvamme i Masfjorden var der ingen Hans som ho kunde vera dotter til.
Born: 
a.  Marite f. 1722.
b.  Siri f. 1726, d. 1805. Legdslem. Hev ikkje funne bygselsetel til Daniel.

Mikkel. Må vera innflyttar, for ein finn ikkje noko um giftarmålet.
Born: 
a.  Brita f. og d. 1754.
b.  Ivar f. 1755.
Hev ikkje funne bygselsetel til Mikkel.

Johannes Johannesson, f. 1746. Fødestad ukjend, d. 1827. 1771 g.m. Anna Bessesdtr. Molland f. 1742 på b.nr. 2, d. 1815. 1817 g.m. Ingeborg Johannesdtr. Odnekvamme f. b.nr. 2.
Born: 
a.  Johannes f. 1772. Nr. 8 her på bruket.
b.  Brita f. 1774. Fekk barnet med u.k. Søren Hansson Kvams­dal og barnet Gunvor med gift mann Gutorm Lasseson Lauvvik (Selvågneset).
c.   Nils f. 1755.
d.   Kari f. 1777, g.m. Mons Knutson Odnekvamme 1799.
e.   Anna f…?, .fekk dotri Anna med «afdød u.k. Ivar Mikkelsen Kikald. NB. Sjå ovanfor under nr. 6. Der er ein Ivar Mikkelson. Mikkel kan flytt til Kikald.
1798 bygselbrev frå stiftsprost Brun til Johannes Johannesson.

Johannes Johannesson Reknes, f. 1772, d. 10/8 1848. 1798 g.m. Anna Torgeirsdtr. Totlandsdal f. 1775, d. 1/2 1852.
Born: 
a.  Lars f. 1799, d. 1803.
b.  Torgeir f. 1801, d. 1803.
c.   Lars f. 1803.
d.   Torgeir f. 1806. Nr. 1 på b.nr. 2.
e.   Randi f. 1809, g.m. Brynhild (Brynjulv) Rasmusson Sol­heim frå plasset Knappen. Dei budde som inderstar på Haukeland ei tid, men kom seinare til Selvågen under Reknes.
f.    Fuse f. 1811. Nr. 9 her på bruket.
g.   Johanna f. 1813. Fekk dotri Brita med gift mann Truls Hansson Knarvik 1836. «U.K. ved factum begaaelse». 1842 vart Anna g.m. e.m. Ola Anderson frå S. Kvinge: Sjå Mollandseidet.
h.   Erik f. 1817, g.m. Herborg Torgeirsdtr. Molland. Bustad Mollandseid.
1837 kongeleg skøyte til Johannes Johannesson på «denne Gaard» for 180 spdl. og jordavgift 1 t. bygg.

Fuse Johannesson Reknes, f. 1811, d. 9/8 1855.1840 g.m. Gunhild Torgeirsdtr. Molland f. 1820 på b.nr. 1 og 2.
Born: 
a.  Erik f. 21/1 1841, d. 24/9 1848.
b.  Anna f. 23/9 1842, d. som barn.
c.   Ingeborg f. 20/11 1844. Sjå under nr. 11 her på bruket.
d.   Johanna f. 8/4 1847. Sjå under nr. 2 på b.nr. 2.
e.   Lisbet f. 15/8 1849, g.m. Lasse Monsson I Haugsdal b.nr. 1.
f.    Anna f. 1/5 1851, g.m. Johannes Knutson Otterstad. Bustad Selvåg under Lauvvik og Reknes.
1837 skøyte frå Johannes Johannesson til sonen Fuse for 180 spdl. og jordavgift: 1 t. bygg og kår, 8 v. korn, 24 skj. potetor, 2 kyr og 6 smale.

10  Mons Fuseson Kvamme, f. 1822 på b.nr. 1, d. 27/11 1915. 15/6 1856 g.m. e. Gunhild Torgeirsdtr. Reknes.
Born: 
a.  Fuse f. 18/10 1856, g.m. Marta Torkjellsdtr. Kalhovda frå b.nr. 1. Budde på Kalhovda ei tid, men selde bruket og flytte til Bergen.
b.  Sina f. og d. 1864.
Garden må ha vorte utl. på e. Gunhild Torgeirsdtr. ved skifte etter Fuse.

11  Ola Olson Fonnebust, frå Lindås. 5/10 1867, g.m. Ingeborg Fusesdtr. Reknes f. 20/10 1844.
Born: 
a.  Georgina f. 10/1 1868.
b.  Marta f. 12/3 1870. Sjå b.nr. 8, Andvik.
c.   Malena f. 30/1 1872.
d.   Oluffina f. 18/6 1873.
e.   Helena f. 5/4 1875.
f.    Herlaug f. 29/8 1876.
g.   Andreas Gjertin f. 3/8 1878, d. 27/1 1879.
20/5 1870 skøyte frå Mons Fuseson til Ola Olson for 150 spdl. og kår (135 spdl.).

12  Hans Andreas Ivarson Hosteland, f. 6/1l 1850 på b.nr. 2, d. 16/10 1921. 18/6 1878 g.m. Brita Jetmundsdtr. Hosteland f. 29/10 1850 på b.nr. 8, d. 8/1 1929.
20/5 1879 tingl. skøyte frå Ola Olson til Hans Ivarson Hosteland for 3200 kr. Ola Olson kjøpte garden Rivedal i Sunnfjord.

13  Lars Erikson Totlandsdal, f. 30/10 1880, d. 1/7 1961. Gift 14/4 1903 m. Oluffina Bergitta Berntsdtr. Lauvik f. 27/3 1880, d. 2/5 1962, fosterdotter til nr. 12 her.
Born: 
a. Borghild, f. 19/1 1908, g. 3/7 1928 m. Arne Gjertson Reknes, f. 24/8 1900 på b.nr. 2. Sjå Amundsbotn festenr. 8.
b. Hans Andreas, f. 6/4 1910. Nr. 14 her.
c. Erik, f. 22/1 1912. Sjå b.nr. 6.
d. Konrad Gabriel, f. 14/1 1915. Sjå b.nr. 7
e. Bernt Ingolf, f. 31/1 1919. Sjå Duesund b.nr. 11.
f. Olav Reknes, f. 15/12-1921
Skøyte 12/9 1908 frå Hans Ivarson til Lars Erikson og kona for 1000 kr og kår.

14  Hans Andreas Larsson Reknes, f. 6/4 1910 (13b), d. 17/7 1994. Gift 1/2 1937 m. Ester Severinsdtr. N. Kvinge f. 9/12 1916 på b.nr. 14 (3f).
Born: 
a.)  Marta f. 4/8 1937, g. 17/5 1958 m. Ansgar Birkeland. Nr. 15 her.
b.)  Olufina f. og d. 3/5 1940
c.)   Klara Olga f. 17/12 1942, g. 15/9 1962 m. Ivar Magnus Nesbø frå Lindås. Bur i Åsane.
Deira born:
a.    Ester Anita f. 16/6 1964, g. 11/3 1988 m. Lars Gjøsæter f. 14/4 1966 i Bømlo. Bur i Åsane.
b.    Gunn Helga f. 28/6 1965, g. 11/9 1967 m. Odd Selvik f. 30/3 1958 i Åsane. Bur der. 2 born.
c.    Øyvind f. 19/11 1966, g. 10/6 1988 m. Trude Andersen f. 5/3 1969 i Bergen. Bur i Åsane. 2 born.
d.    Rune f. 6/4 1970
e.    Hilda Irene f. 29/8 1972
f.    Linn f. 18/8 1982
———————————————-
d.)  Sollaug f. 21/2 1947, g. 12/6 1965 m. Erling Bjarne Hansen frå Bergen. Bur der. Ekteskapet oppløyst.
Deira born:
a.    Bjørn Erik f. 22/10 1965
b.    Ronny f. 4/3 1967
———————————————–
e.)  Lars f. 1/12 1948, g. 28/8 1976 m. Kirsten Seljen. Sjå bruk 4.

15  Ansgar Birkeland,  f. 15/6 1934 på b.nr. 6 (3c), g. 17/5 1958 m. Marta Hansdtr. Reknes f. 4/8 1937 på d.b. (14a).
Born: 
a.  Helge f. 9/11 1958, g. 31/7 1976 m. Evelyn Bøe. Sjå b.nr. 27.
b.  Hogne f. 26/5 1960, d. 6/5 1969 ved drukning
c.   Borghild f. 21/6 1961, g. 23/6 1979 m. Svein Ove Molland. Sjå bruk 30.
d.   Eilif f. 8/12 1962, g. 20/10 1984 m. Mette Johnsen. Sjå bruk 46.
e.   Anne Marit f. 20/4 1965, g. 22/6 1985 m. Henning Fredriksen. Sjå St. Sleire b.nr. 27.
f.    Laila Olaug f. 19/5 1967, g. 10/2 1990 m. Sverre Nesse, Seim. Bur der.
Deira born:
a.    Johannes f. 22/6 1990
b.    Marthe f. 19/6 1992
Skøyte 31/5 1958 til Ansgar Birkeland og kona for 8000 kr og kår.
Skøyte 20/9 1991 til Helge og Evelyn Birkeland på b.nr. 1, 5 og 43 for kr 100000.