Um namnet seier O. Rygh at det truleg heng saman med mold. Namnet hev jamnaste vore skreve Molland. Soleis fyrste gongen ein finn garden nemnd, 1519. Ein gong finn ein formi Mollum, 1522. Elles alltid Molland. Bygdeuttalen er Modland. Folket i bygdi seier ogso jamnaste modl i staden for mold.
Grensor: Garden ligg i ein stutt dal ovanum Mollandsvatnet og grensar med utmarki til sjøen i sud, vidare til Duesund, i vest til Hosteland og Lauveidet, i nord til Sleire og Kvamsdal og i aust til Bergsvik, Lauvik og Reknes.
Eigedomstilhøvi: Fyrste gongen ein finn noko um eigedomstilhøvi er 1624, og då høyrde garden til Korskirkens prestebol (Bergen), og det heldt fram til leiglendingane fekk kjøpa.
1840 kongel. skøyte til Erik Larsson ½ 1. s. ½ t malt for 450 spdl. Det er no b.nr. 6 og 7. 1845 kongl. skøyte til Torgeir Larsen på ½ 1. s. ¼ t. malt for 960 spdl. og jordavgift: 1 t. 7 skj. 1½ fjdk. bygg. Det er no b.nr. 1 og 2.
Gamle matriklar og teljingar
Kopskattmanntal 1645: Molland: Siffuer Joensen. Ko: Marite. Th. Dreng. Ole Joensen. Ko: Kari. Th. Dreng Laris. Th. Thøs.
Kvegskattmanntal 1657: Molland. Siffuer 5 Kiør, 2 Gieder, 4 Faaer. Olle 1 Oxe, 6 Kiør, 1 Gied.
Skattemanntal 1666: Molland. Skylder Smør 1 Løb, Malt ¼ Td. Siur bruger ½ Løb Smør, 1 Mele Malt. Ole bruger lige meget. Ola var 70 år og Sjur 65 år, og Sjur hadde sonen Bertel 14 år gamal og tenestedreng: «En gammel Soldat Joen Siursen 30 Aar g. – vanfør». Under titelen Knechte hadde han Mogens Siursen 24 Aar g. Ola hadde sonen Joen 12 Aar og Hans 10 Aar g. Under «Huusmænd og Strandsiddere» budde på Molland Thommes 40 Aar g.
Matrikel etter reskript frå 1665. Molland. Landsk. Smør 1 Løb, Malt ½ Td. Saar 4 Td., afler 10 Td., føder 20 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 1 Td. Smaaskat 4 Mk. 13 Sk. Smaatiend 10 Sk. Brendefang til. Kan skatte af i L. 18 Mk. 5.
Manntal 1701. Molland. Ole Sifrsen 60 Aar. Søn Niels Olsen hiemme 13 Aar g. Mons Ottesen 50 Aar g. Sønner: Mons Sifrsen 16 Aar g., hiemme, Otte Monsen hiemme 8 Aar g.
Prøvematrikel 1721: Molland. Mons Ottesen (Skal truleg vera Mons Sifrsen, Stykson til Mons Ottesen) Ole Siuersen (Sifrsen). Saar 6 Td., høster 20 Td. Føder 22 Nød, 24 Faar. Korskirkens Prestebol, Bergen, allernådigst beneficeret. Ligger ved Søen (det er feil), maadelig jordart, men tungvunden, ligger lenge indefrossen om vinteren, som saaledes forbyder baade ind- og udfart. Ei nogen herlighed, men lidt Bierke- og Furuskov til Brende og husfornødenhed samt en liden flomqvern hvermed Gaarden ikke mer end selfhjulpen er. Udgifter 10 Rdl., 4 Mk. 8 4/5 Sk.
Matrikeltaksten 1723. Molland. 2 Mand. Landsk. 1 L. S. ½ Td. Malt. Korskirkens Prestebol beneficeret med bøxel. Intet Sætter. Intet Husmandssede. Brendeskoug og Furuskong til husfornødenhed. Ligger ved Søen (framleis feil), 7 Mil fra Bergen. Maadelig kornart dog noget tungvunden til Høe. Saar Havre 6 Td., afler 21 Td. Føder 20 Kiør, 4 Ungnød, 24 Faar. Taksten efter gammel Matrikel 1 L. 18 Mk. S. Forhøiet med 12 Mk. S.
Brukarar: Fyrr 1600 kan ein ikkje seia kven som budde på det eine eller det andre bruket.
1519 nemnd Dagfind og Tosten.
1522 Niels.
1563 Ingualdt.
Foto: Gjert-Rune Daae