Bruk 8 og 9

Bruk 8. Ytrebø.

Utskilt frå b.nr. 3 14/8, tingl. 19/8 1929.


Skøyte grbf. 30/6 1949 frå Peder Kristoffer Duesund til Alfred Nordli for 1000 kr. Dette bruket er samanslege med b.nr. 3 den 24/3 1959.

Bruk 9. Duesundøy.

Utskilt frå b.nr. 1-3 22/10, tinglyst 16/12 1929.


Peder Sjurson Andvik frå b.nr. 4, f. 1789, d. 29/11 1843. 1821 g.m. Ingeborg Halvardsdtr. Duesund f. 1788 på b.nr. 1.
Born: 
a.  Marta. Lever ved skifte etter faren 1844.

1840 tingl. festesetel frå Ola Halvardson, Jon Jakobson og Hans Åmundson til Peder Sjurson Andvig «paa en anpart af udmarken af Duesundøen, hvilket anpart udgjør en indgjærdet Plads». Beiting til 2 kyr, 4 smale og 2 geit. Svara årleg 3 ort i pengar og 3 arbeids­dagar til «enhver af os. Husene er af ham selv opførte og selv tilhørende».

Bård Monsson Andvik frå b.nr. 2, f. 1802, d. 4/6 1845. 30/6 1844 g.m. e. Ingeborg Halvardsdtr. Duesund, d. 11/8 1845. «Et uheldig fald fra en liden Bakke».
1844 tingl. festesetel frå Ola Halvardson og dei to andre eigarane til Bård Monsson Andvik på «en part af Duesundøen». Husi høyrde no plasset til, og Bård fekk rett til å hogga seg avfallsved og ta torv.

Nils Aslaksen, visstnok innfl. frå Bergen, d. 19/5 1859. 1843 g.m. Ingeborg Larsdtr. Andvik frå b.nr. 5, d. 4/6 1877.
Born:
a.  Johanna f. 16/6 1843, d. 3/6 1922. Ugift.
b.  Marta f. 2/8 1846, g.m. Ola Olson Vestervik frå Gulen 3/5 1882. Bustad St. Sleire b.nr. 10.
1846 festesetel frå jordeigarane i Duesund til Nils Aslakson Frøyset på plasset i Duesundøyi.

Johannes Olson Duesund, f. 1824 på b.nr. 1, d. 8/2 1908. 22/6 1858 g.m. Madeli Larsdtr. L. Sleire frå b.nr. 4, f. 1825, d. 31/3 1888. 23/10 1891 g.m. e. Massi Andersdtr. Risnes (Kidøy) f. på Hjartås i Austrheim 1839. Då mannen døydde, flytte Massi til Lindås til ei dotter, og levde til ho var yver 100 år.
Born: 
a.  Ola f. 27/7 1860. Nr. 5 her på øyi.
b.  Marta f. 5/9 1862, g.m. Johannes Olson L. Sleire b.nr. 4.
c.   Hans f. 23/10 1865. Lærar. Sjå Vikedal under Holsøy.
d.   Larsina f. og d. 1868.
e.   Lars f. 25/10 1869, g.m. Elisabet Olsdtr. N. Kvinge 23/6 1893. Dei budde fyrst på Vabu i Lindås, men kom sidan til N. Kvinge b.nr. 1.
Hev ikkje funne festesetel til Johannes Olson.

Ola Johannesson, f. 27/7 1860. 19/6 1891 g.m. Marta Mar­tinusdtr. f. i Lauvik 1864, d. 17/5 1893. Ho var dotter til Martinus Larsson frå N. Kvinge b.nr. 1 Sjå der. 26/6 1894 g.m. Bertina Monsdtr. N. Kvinge f. 27/3 1874 på b.nr. 6.
9/5 1892 festesetel frå Halvard Olson m. f. til Ola Johannesson. Med i feste var skogteigen Litlebotten.

Elias Bergeson Duesund, f. 5/2 1907 frå b.nr. 1 Raunøen (Rognøy) d. 17/5 1966 g.m. Nelly f. 31/8 1906.
Skøyte frå enkja Bertina Monsdtr. Duesund til Elias Bergeson Duesund på dette bruk og tilhøyrande skogteig Litlebotn for 1500 kr. og kår.Skøyte grbf. 29/5 1973 frå skifteforvaltaren til Masfjorden kommune for kr. 100.