1 Sæbjørn hadde heile garden og er nemnd fyrste gong 1590 og siste gong 1615. E. etter han let ein Oluff Jakobsen få bygsla halve garden, og Tomas Sæbjørnson måtte svara 5 dl. i mulkt fordi han utan løyve frå mori hadde «fest og sted» den parten. Oluff Jakobson er nr. i på b.nr. 1
2 Oluff Sæbjørnsen frå 1615 til 1660. 1645 heitte kona hans Gjertrud, og han svara kopskatt for sonen Lauritz og dotri Kari. (Det var born yver ein viss alder det måtte svarast for).
3 Ola Olson, truleg son til nr. 2. 60 år 1701 og då ingen son heima.
4 Ommund (Åmund) Rasmusson Bauge, f. 1682, d. 1762. Hev truleg fyrst vore g.m. e. etter eller dotter til nr. 3. So hev han vore g.m. dotter til Johannes Larsson Holsøy. Namnet veit ein ikkje.
Born:
a. Siri f. 1715.
b. Siri f. 1718, g.m. Ola Herlogson Nordland, b.nr. 3.
c. Anna f. 1723, g.m. Rasmus Olson Hope i Lindås 1754.
d. Kari f. 1726.
e. Rasmus f. 1727. Nr. 5 her på bruket.
f. Gunhild f. 1731.
5/11 1712 tingl. bygselsetel frå Giertrud de Fine til «Åmund Rasmussen Boe» (Bauge) på 16 mk. s.4 k. malt i Duesund.
5 Rasmus Åmundson Duesund, f. 1727, d. 1804. 1759 g.m. Marta Olsdtr. Bauge f. 1740, d. 1812.
Born:
a. Åmund f. 1762, d. 1765.
b. Ragnhild f. 1764.
c. Kari f. 1765, d. 1766.
d. Siri f. 1767, g.m. Rasmus Hansson Åmundsbotten.
e. Ola f. 1769, d. 1778.
f. Åmund f. 1772. Nr. 6 her på bruket.
9/5 1759 tingl. bygselsetel frå e. etter sorenskrivar de Fine til Rasmus Åmundson.
6 Åmund Rasmusson Duesund, f. 1772, d. 11/8 1845. 1800 g.m. Kari Hansdtr. Åmundsbotten f. 1772, d. 26/11 1850.
Born:
a. Rasmus f. 1801, d. 1831.
b. Engel f. 1803, g.m. Ola Rasmusson Åmundsbotten 1826.
c. Marta f. 1812, d. 1832.
d. Hans f. 1815. Fekk bruket etter faren, men bygsla det burt og budde sjølv i Nesjane under Duesund.
e. Siri f. 1818. Sjå under nr. 7 her på bruket.
7 Per Johannesson Leikvoll frå Lindås, d. 25/5 1855. Drukna i Storefjorden. g.m. Siri Åmundsdtr. Duesund f. 1818.
Barn:
a. Åmund f. 18/12 1854. Nr. 9 her.
Per var lærar og budde nok berre som inderst i Duesund. Men då sonen kjem her på bruket, fører ein Per under nr. 7 her.
8 Mons Olson Kvamsdal, f. på Sundsbø i Lindås 1830. Uppalen hjå faren i Kvamdalslidi, d. 27/1 1912. 5/6 1856 g.m. e. Siri Åmundsdtr. Duesund, d. 13/4 1866. 1/7 1867 g.m. Brita Kristoffersdtr. Odnekvamme f. på b.nr. 3, 1847.
25/10 1856 bygselsetel frå Hans Åmnudson Duesund (sjå Nesjane) til Mons Olson og Siri Åmundsdtr. Mons vart tredje gong g.m. Elisabet Halvardsdtr. Duesund frå b.nr. 1, 30/12 1903, f. 7/1 1853, d. 28/3 1933.
Born:
a. Pernilla f. 11/12 1858, g.m. e.m. Johannes Nilsson på b.nr. 1.
b. Sjur f. 26/9 1872. Sjå skulen på Tverbjørg.
Mons Duesund var lærar ei tid. Han var lenge prestens medhjelpar.
9 Åmmund Person Duesund, f. 18/12 1854, d. 30/5 1935, 25/6 1889 g.m. Ingeberta Eriksdtr. Areklett f. 14/8 1861 på b.nr. 1.
Born:
a. Mons f. 13/4 1890. Nr. 10 her på bruket.
b. Elisabet f. 20/8 1892. Diakonisse i Bergen.
c. Sigrid f. 16/3 1894. Ugift.
d. Erik f. 26/9 1897, d. 15/1 1901.
e. Peder Kristoffer f. 14/11 1900. Lærar i Lyngdal, g.m. Jessy Bergsaker f. 2/8 1901, dotter til bonde Johan Bergsaker og Georgine Madsen.
f. Erik Olai f. 1/11 1903, d. 22/2 1917.
27/10 1884 skøyte frå Hans Åmundson Duesund til systersonen Åmund Person for 1200 kr. og kår. Han svara seinare kåret til stykfaren.
10 Mons Åmundson Duesund, f. 13/4 1890, d. 29/12 1963.1/2 1921 g.m. e. Maria Gjertsdtr.. f. Byrkjeland på b.nr. 3 f. 1/1 1889, d. 23/10 1970.
Born:
a.) Else Ingvarda f. 25/2 1922, g.m. Kåre Jonson Birkeland. Sjå Birkeland b.nr. 2.
Deira born:
a. Marit f. 21/5 1947.
b. Kari f. 4/31949.
c. Reidun f. 27/4 1955.
d. Arvid f. 12/11 1957.
b.) Aslaug Elisabeth f. 29/5 1925, d. 11/5 1926.
c.) Agmund Per f. 17/2 1927 g.m. Alvhild Friborg frå Austrheim. Bur i Bergen.
Deira born:
a. Turid f. 24/5 1955.
b. Jan f. oktober 1956.
c. Odd Rune f. 24/11959.
d. Kjersti Marie f. mai 1968.
d.) Sigrid f. 17/5 1929 g.m. Alfred Norli. Nr. 11 på bruket.
7/10 1929 skøyte frå Åmund Person Duesund til sonen Mons for 3000 kr. og kår. Skøyte gjeld både b.nr. 2 og 3.
11 Alfred Kasparson Nordli, f. 11/5 1922 i Kvamsdal b.nr. 5 (4a) g. 19/6 1948 m. Sigrid Aslaug Monsdtr. Duesund f. 17/5 1929 på dette bruk. (10d).
Born:
a. Astrid Karin f. 12/3 1949, d. 26/6 1976.
b. Olaug Maria f. 23/6 1951. Bur i Drammen.
c. Magnar f. 6/1 1953. Nr. 12 på bruket.
d. Kåre Bård f. 5/8 1954. Bur i Bergen.
e. Siri f. 24/4 1965, g. 9/7 1988 m. Steinar Leirvik f. 24/7 1965 i Trondheim. Bur i Oslo.
f. Randi f. 26/6 1967, g. 26/10 1991 m. Ingebrigt Kvendset, f. 11/10 1962. Bur i Bærum.
g. Idun Agate f. 23/2 1970.
Skøyte 25/11 1949 frå Mons Duesund til dottermann Alfred Nordli og kona for 9000 kr og kår.
Skøyte 30/6 1949 frå Peder Kristoffer Duesund til Alfred Nordli på eigedomen Ytterbø.
12 Magnar Nordli, f. 6/1 1953 (11c), g. 10/11 1984 m. Margrete Møllerup Skaten f. 11/11 1956.
Born:
a. Maria f. 17/5 1985
b. Amund f. 1/4 1987
c. Karianna f. 23/1 1992
Skøyte 15/12 1991 frå Alfred og Sigrid Nordli til son Magnar Nordli for kr 100 000 og kår.
Stølsmyri, eit plass under bruk 3
Johannes Sjurson Molland, f. 1856 på b.nr. 2, d. 5/5 1928. g.m. Johanna Pedersdtr. Storneset frå Gulen f. 22/11 1852, d. 18/5 1933.
Born:
a. Ingeborg f. 11/3 1886, d. 7/11 1918.
b. Gjert f. 23/3 1888. Reiste til Amerika.
c. Gjertrud f. 17/5 1890. Bur på plasset. Ugift.
d. Sjur f. 16/9 1892, d. 8/3 1929.
e. Rasmus f. 19/1 1895. Lagnad ukjent.
f. Lars Martin f. 31/3 1896. Fyrbøter i Hardanger Sunnhordlandske D/S. Bur i Bergen.
2/4 1919 tinglese husmannssetel, dagsett 26/4 1916 på Stølsmyren under b.nr. 3 til Johannes Sjursson Molland og kona Johanna Pedersdtr. 15/10 1923 tingl. festesetel frå Åmund Pederson til Johannes Sjurson og kona på plasset Stølsmyren.