Brukarar på bruk 1

Joen, nemnd 1563.

Anders, nemnd fyrste gong 1608, siste gong 1615.

Johannes Andersson, son til nr. 2, 1617 til 1645. Johannes var 1612 utskreven som soldat til R. T. (Rør Tieneste. Rør er anten Gevær eller kanon). – 1645 heiter kona hans Herborg og han hev sonen Herløe, som han svara kopskatt for. Skattåret 1648/49 styrer e. etter Johannes.

Laurs (Lars),  truleg Johannesson og son til nr. 3, nemnd fyrste gong 1645, siste gong 1691. Søner ved manntalet 1666. Iffuer 12 år, Herluff 10 år, Johans 8 år og Ole 6 år.

Johannes Larsson Holsøy, f. 1657, d. 1713. Skifte då. Han sat med bruket 1691. g.m. Gunhild Torgeirsdtr. Det ser ein ved skifte etter Johannes.
Born ved skifte:
a.  Torgeir, g.m. e. Lisbet Knutsdtr. Osmundsbotten.
b.  Ola f. 1681, g.m. e. Kari Knutsdtr. Nordland på b.nr. 1
c.  Nils var ugift ved skifte etter faren 1713 og «udi Kongens tieneste».
d.  Anders, 20 år og ugift ved nemnde skifte.
e.  Magdeli.
f.   Marite.
Buet ved dette skifte vart taksert til 118 Rdl.
Johannes Larsson fekk skøyte 1701, og bruket hev sidan vore i ætti.

Anders Johannesson Holsøy, f. 1693, d. 1766. g.m. Kari Rasmusdtr. Hosteland frå b.nr. 2, d. 1743. (Eit skifte etter Rasmus Jonson Hosteland er det som syner at Kari var derifrå) – 1743 g.m. Brita Hansdtr. Byrkjeland.
Born: 
a.  Ragnhild f. 1717, g.m. Knut Knutson N. Kvinge på b.nr. 1.
b.  Johannes f. ?, g.m. e. Kari Hansdtr. Bauge 1742.
c.   Lars f. 1724. Lever ved skifte etter mon 1743.
d.   Jon f. 1727.
e.   Bertil, tvilling med d. D. båe med dei var små.
f.    Rasmus f. 1730, g.m. e. Brita Andvik på b.nr. 7.
g.   Gunhild f. 1731, d. liti.
h.   Lisabet f. 1732. Lever ved skifte etter mori.
i.    Gunhild f. 1735. Lever ved skifte etter mori.
j.    Jon f. 1738. Nr. 7 her på bruket.
k.   Torgeir f. 1741. Lever ved skifte etter mori.
1.   Ein son f. og d. 1745.

14/11 1713 tingl. bygselsetel frå Gunhild Torgeirsdtr. til Anders Johannesson på 2 pd. 6 mk. s., og 23/11 1715 tingl. skøyte frå Gunhild Torgeirsdtr., Torgeir Botten (Åmundsbotten), Ola Nordland og Åmund Rasmusson Duesund til Anders Johannesson på 33 7/8 mk. s. og 22 ½ k. malt i Holsøy, og 24/7 1716 skøyte frå Rognald Odnekvamme til Anders Johanesson Holsøen på 21 1/8 mk. s.1 ½ k. malt i Holsøy. Disse skøyti syner at ei av døtrene til Johannes Holsøy hev vorte gift i Duesund og ei på Odnekvamme.

Ved skifte etter Kari Rasmusdtr. vart bruket utl. på Anders Johannesson for 27 rdl.

Jon Andersson Holsøy, f. 1738, d. 1785. 1760 g.m. Synneva Matiasdtr.. f. 1732, d. 1812. Fødestad ukjend. Ho kan vera syster til Anders Matiasson Nappen som kom til Hosteland.
Born: 
a.  Anders f. 1761. Nr. 8 her på bruket.
b.  Marta f. 1763, d. fyrr skifte etter faren 1785.
c.   Mattis f. 1764, g.m. Marta Eriksdtr. Hosteland på b.nr. 2, 1791.
d.   Rasmus f. 1767, d. 1785.
e.   Kari f. 1769, d. 1785.

Ved skifte etter Anders Johannesson 1766 vart bruket utl. på e. Birta Hansdtr. og på borni til Anders for 22 rdl. 3 mk. 22/5 1768 skøyte frå Johannes Andersson Bauge og dei andre arvingane til Jon Andersson Holsøy 18 s.12 k. malt for 19 rdl. 4 mk. 2 sk.
16/10 1769 tingl. Kårebrev frå Jon Andersson til stykmori Brita Hansdtr. 1 ku og 2 smale.

Anders Jonson Holsøy, f. 1761, d. 1833. 1789 g.m. Kari Olsdtr. Trodal f. på b.nr. 1, 1760, d. 1830.
Born: 
a.  Jon f. 1790, d. 1810.
b.  Kari f. 1792, d. 21/5 1846.
c.   Synneva f. 1794. Sjå under nr. 5 på b.nr. 2, Holsøy.
d.   Dordi f. 1796, g.m. Ola Monsson Raunøy 1828.
e.   Ola f. 1798. Nr. 9 her på bruket.
f.    Marta f. 1804, d. 5/5 1884.
1785 skifte etter Jon Andersson: Bruket utl. på e. Synneva Matiasdtr. og Anders og Matias for 72 Rdl. Matias skøyter sin part til Anders same året, og 1796 fær Anders skøyte hjå mori på 18 mk. s.12 k. malt for 40 rdl og kår: 2 t. korn, 2 kyr og 6 smale.

Ola Andersson Holsøy, f. 1798, d. 9/5 1861. 1828 g.m. Engel Monsdtr. Raunøy f. 1793, d. 22/9 1876.
1822 skøyte frå Anders Jonson til sonen Ola på heile bruket.
1823 bygsla Ola halve bruket til systermannen Matias Erikson Hosteland. Sjå b.nr. 2.1723 kårebrev frå Ola Anderson og Matias Erikson til Anders Jonsen og Kari Olsdtr.: 4 t. korn, 2 t. potetor, 3 kyr og 8 smale.

10  Martinus Erikson L. Matre, f. 1824 på b.nr. 3, d. 18/3 1896. 1851 g.m. Marta Jørgensdtr. Areklett f. 1818 på b.nr. 2, d. 24/10 1888 1848 bygsel på levetidi frå Ola Andersson til Martinus Erikson, og kår frå Martinus til Ola og Engel 3 kyr, 6 smale, 4 geit, 2 v. korn og 4 t potetor.

11  Jakob Olson Vågset, f. 8/6 1846 på b.nr. 1(2b), d. 23/8 1918. Drukna ved D/S Masfjords forlis ved Solensjøen i Austrheim. Gift 8/6 1878 m. Henrikka Eriksdtr. Holsøy f. 10/5 1853 på b.nr. 2 (6b), d. 6/4 1895.
Born: 
a.)  Dortea f. og d. 1879
b.)  Erik Olai f. 25/5 1880. Nr. 12 her.
c.)   Aletta Dortea f. 16/2 1883, d. 17/9 1920
d.)   Gjert Martin f. 29/9 1885, d. 26/8 1965. G. m. Anna Halsøy, f. Gaarden, født i Hafslo 28.12.1884, død 12.08.1982. Budde i Bergen. Ingen barn.
e.)   Mathilda Kristina f. 6/5 1888, d. 4/3 1960. G. 9/5 1918 m. Elon Valdemar Åstrøm f. 28/6 1886 i Vesterbotten, Sverige. Budde ei tid i Masfjorden, men flytta sidan til Sverige.
Deira born:
a.   Gustav Emil f. 3/9 1918, d. 2/11 1990. G.m. Marta Lisa Nordberg f. 15/3 1929. Budde i Sundsvall. 2 born.
b.   Artur f. 1922, d. 1984
c.   Leif f. 1928, d. 1992, g.m. Ingrid. 1 barn.
f. ) Gjertrud Maria f. 19/11 1890, d. Budde i Oslo.
Hennar son:
a.    Karl Bentsrud f. 31/1 1915, g. 13/12 1943 m. Reidun Pedersen f. 3/8 1919. Bur i Drammen. 2 born.
Skøyte 6/11 1871 frå enkja etter Erik Matiasson til dottera Henrikka for 350 Spdl. og kår til Martinus Erikson.

12  Erik Olai Jakobson Holsøy, f. 25/5 1880, d. januar 1959. 26/6 1907 g.m. Sygni Larsdtr. Andvik f. 4/2 1880 på b.nr. 6. d. september 1942.
Born: 
a.  Harald f. 28/9 1908. Nr. 13 på bruket.
b.  Bjarne f. 27/4 1911. Ugift, d. 9/10 1967.
c.   Laura f. 10/7 1914. Ugift, d. 13/1 1965.
d.   Johanna Henrikka f. 29/10 1916, g.m. Malvin S. Kjetland. Sjå b.nr. 5.
e.   Sofia f. 2/3 1919. Ugift. Bur i Bergen.
f.    Anna f. 21/5 1921. Sjukesyster i Oslo.
7/9 1904 skøyte frå Jakob Olson Holsøy til sonen Erik Olai for 2750 kr. og kår.

13  Harald Halsøy, f. 28/9 1908, d. 28/3 1980.
Skøyte 1/7 1958 til Harald Holsøy for 8000 kr.
Skøyte 15/9 1977 til Sigurd Kjetland utan vederlag.

Plasset Rotevikdalen under bruk 1

Johannes Torgeirson Odnekvamme, f. 21/8 1873 på plasset Hauane, d. 21/1 1953. 26/10 1897 g.m. Gurina Johannesdtr. St. Matre f. 20/3 1874 på b.nr. 4, d. 10/7 1903. 22/4 1904 g.m. Johanna Matilde Ivarsdtr. Holsøy f. 3/9 1884 på b.nr. 2.
Born: 
a.)  Johannes f. 17/6 1898. Pylsemakar. Budde i Bergen. Er død.
b.)  Torgeir f. 8/8 1899, g.m. Ragna Rognved frå Haus. Bur i Indre Arna. Han er snikkar.
c.)   Olai f. 19/1 1901. Lastebileigar. Bur i Bergen.
d.)   Gurina Kristina f. 30/6 1903, g.m. Jakob Torsvik. Sjå g.nr. 6 b.nr. 3.
e.)   Jenny f. 6/12 1904, g.m. Knut Mæhle frå Haus. Bur i Indre Arna.
f.)    Ivar f. 9/10 1908, g.m. Borghild Rønhovde frå g.nr. 38 b.nr. 2. Bur i Bergen.
Deira born:
a.    Bjørn Ivar, bur i Bergen.
b.    Helena, gift, bur i Trondheim.
g.)  Sina Maria f. 19/4 1910, g.m. Mikal Johannessen Rønhovde frå Valestrand. Bur der. Dei fekk dottera Mona Sylvi f. 16/4 1932 i Holsøy.
h.)   Agnes Teodora f. 6/10 1911, g.m. Olav Åsheim, Haus. Bustad Indre Arna.
i.)    Ragna Kristina f. 19/7 1913, g.m. Nils Fjæreide frå Fjell. Han var fange i Tyskland. Gift andre gong med Taule frå Radøy. Dei bur i Bergen.
1897 festesetel frå Jakob Olson Holsøy til Johannes Torgeirson Odnekvamme og kona Gurina Johannesdtr. Bygselplassen er fråflytt og husa nedrevne.