Bruk 2

Utskilt frå b.nr. 1, 1832.

Holsnøen, B.nr. 2
Holsnøen, B.nr. 2

Då det fyrr garden vart delt i tvo bruk, sume tider hadde vore tvo brukarar på garden, vert brukar nr. 2 førd her.

Oluff, frå 1611 til 1675. Ved kopskattmanntalet 1645 syner det seg at han heiter Oluff Andersson, og han er truleg son til nr. 2 og bror til nr. 3 på b.nr. 1 Kona heitte Marite (1645).

Erik, nemnd fyrste gong 1662, siste 1668, men han kan godt havt bruket lenger. 1666 hev han sonen Gudmund, 2 år, og i sitt brød hev han ogso husmannssonen Herluff Olson, 6 år.

Johannes Larssonbrukar ein part medan faren framleis brukar hovudluten av garden. Johannes er nr. 5 på b.nr. 1.

Anders Johannesson(nr. 6 på bruk nr. 1), styrer ein part medan mori framleis sit med ein lut. Brukar nr. 7 på b.nr. 1 styrde heile garden. Det gjorde ogso nr. 8 på b.nr. 1 Men nr. 9 på b.nr. 1 bygsla fyrst b.nr. 2 og skøytte det sidan til nr. 5 her.

Matias Erikson Hosteland, f. 1785 på b.nr. 3, d. 29/3 1857. 1817 g.m. Synneva Andersdtr. Holsøy f. 1794 på b.nr. 1, d. 6/5 1862.
Born: 
a.  Kari f. 1817. Flytte til Søre Huglen, Fjellberg, 1850.
b.  Anders f. 1818. Sjå under plassmenn.
c.   Erik fl 1820. Nr. 6 her på bruket.
d.   Johanna f. 1825, g.m. inderst Ola Andersson Fonnebust 14/5 1875.
e.   Sigrid f. 1827, g.m. Ivar Nilsson Fausdal ¼ 1861. Sjå inderster.
f.    Johannes f. 1833, d. 13/1 1902.
g.   Kari f. 1836, d. 1/10 1845.
h.   Andria f. og d. 1837.
1823 bygsel og 1832 skøyte frå Ola Andersson til Matias Erikson.

Erik Matiasson Holsøy, f. 1820, d. 2/12 1867. 25/6 1848 g.m. Gjertrud Hansdtr. Haugsøy f. 1816, d. 1741 1890.
Born: 
a.  Sina Maria f. 14/6 1850. Sjå under nr. 7 her på bruket
b.  Henrikka f. 10/5 1853. Sjå b.nr. 1
c.   Kristina f. 1855, d. 11/12 1864.
1847 skøyte frå Matias Erikson til sonen Erik ¼ 1. s. ¼ t malt for 200 spdl. og kår: 2 kyr, 6 smale, 2 geit, 3 t. korn, 2 t. potetor.

Ivar Olson Øvre Opdal, f. 1847 i Gulen, d. 25/11 1932. Gift 21/10 1870 m. Sina Maria Eriksdtr. Holsøy, f. 14/6 1850 her på bruket (6a), d. 26/1 1935.
Born:
a.  Kristiana f. 1871. Sjå b.nr. 3, Vikedal.
b.  Erik f. 24/12 1873, d. 3/3 1900.
c.   Eilert Olai f. 2/9 1876, d. 22/4 1899
d.   Gjertina f. 20/3 1879, g. 21/5 1902 m. Erik Ivarson Areklett. Bustad der på b.nr. 1.
e.   Ida f. 18/9 1881, g. 22/6 1903 m. Halvard Olson Duesund. Budde der på b.nr. 4.
f.    Johanna Matilde f. 3/9 1884, g. 22/4 1904 m. em. Johannes Torgeirson Holsøy på plasset Rotevik. Budde der.
g.   Karen Andrea f. 19/7 1887, d. 29/7 1979.
h.   Magnus f. 27/7 1892. Nr. 8 her på bruket.

Magnus Ivarson Halsøy, f. 27/7 1892, d. 22/11 1977. Gift 30/12 1920 m. Lovisa Monsdtr. Kalhovde f. 21/1 1898 på b.nr. 2, d. 17/3 1984.
Born: 
a.  Solveig f. 21/12 1924, g. 26/8 1949 m. Trygve Bauge. Nr. 9 her.
b.  Gerda f. 27/5 1930. Bur i Bergen.
Skøyte 5/7 1916 frå Ivar Olson til sonen Magnus for 2300 kr og kår.

Trygve Bertinson Bauge, f. 18/11 1921 på b.nr. 1 (13f), g. 26/8 1949 m. Solveig Halsøy f. 21/12 1924 her på bruket. (8a).
Born: 
a.  Willy f. 21/10 1955. Bur i Moss.
b.  Svein f. 28/4 1957, g.m. Lena Løkke. Bur i Moss.
Deira born:
a.    Andreas f. 3/7 1984
b.    Christopher f. 20/2 1990
Skøyte 9/4 1954 frå Magnus Halsøy og kona til Trygve Bauge og kona for 7000 kr og kår.
Huslyden flytta til Moss 1961.

10  Jan Otto Daae, f. 8/2 1959 på Frøyset b.nr. 4 (6e).
Skøyte 29/9 1981 til Jan Otto Daae for kr. 80000.

Inderst under bruk 2

Ivar Nilsson Fausdal, f. 1836, d. 1862. 11/5 1861 g.m. Siri Matias­dtr. Holsøy f. 1827.
Born: 
a.  Brita f. 1861, g.m. Henrik Rognaldson Byrkjeland. Bustad Haugen, no b.nr. 6, Byrkjeland.
b.  Synneva f. 12/12 1862, d. 8/10 1933. Ugift.
Siri vart attgift med Mons Olson Raunøy b.nr. 1

Foto: Gjert Rune Daae