Utskilt frå b.nr. 1, 29/10 1855.
Då det sume tider fyrr skylddelingi var 2 mann i Areklett, vert dei som var millombils eigarar eller leiglendingar førde her.
1 Anders Hansson Torsvik, f. 1752. 1779 g.m. Kari Rasmusdtr. Areklett f. 1747 på b.nr. 1, d. 1780.
1779 skøyte frå Hans Einarson Areklett på 12 mk. s. for 16 rdl. 1780 skifte etter Kari Rasmusdtr. Då vart bruket utl. på e.m. Anders Hansson og mor til Kari, Marta Olsdtr., og bror til Kari, Erik Rasmusson. 1783 kjøpte Hans Einarson dei partane som var utl. på Anders Hansson og Erik Rasmusson. Erik Rasmusson fekk kjøpa heile bruket 1804. So då vart det samla att. Anders Hansson Torsvik vart 1783 g.m. e. Ragnhild Nilsdtr. St Sleire, b.nr. 5.
2 Jørgen Sjurson Saltnes frå Lindås, f. 1782, d. 11/12 1838. – Jørgen er son til Sjur Jørgenson L. Matre som 1781 var g.m. Herborg Henriksdtr. St. Matre. Sjå skifte i Bjørneklett 1835 etter Ingeborg, syster til Herborg. –
1813 g.m. Marta Eriksdtr. Areklett frå b.nr. 1, f. 1781, d. 1826. 1826 g.m. Marta Olsdtr. Rambjørg f. 1775 på b.nr. 6, d. 19/5 1855.
Born:
a. Ingeborg f. 1717, g.m. e.m. los Ola Rasmusson Husa, Fedje 1849.
b. Marta f. 1818, g.m. Martinus Erikson L. Matre 1851. Sjå Holsøy.
1817 bygselbrev frå Erik Rasmusson til Jørgen Sjurson 6 mk. s.
3 Sjur Larsson Furebotten, f. 1826 på b.nr. 1, d. 18/3 1911. 1849 g.m. Anna Ivarsdtr. Lauvås i Lindås, dotter til Ivar Larsson frå Fosse i Masfjorden So var han g.m. Olina Ivarsdtr. Lauvås. 1858 g.m. Dordi Rasmusdtr. Andvik frå b.nr. 7, f. 1819, d. 9/4 1883.
Born som ein veit um:
a. Ivar f. 1853. Nr. 5 her på bruket.
b. Guri f. 15/9 1850, 1874 g.m. Hans Olsen Risa. Bustad Budal, Austrheim.
Sjur budde nok ei tid på Lauvås, der fyrste kona d. og sonen Ivar må vera fødd der. Bruket i Areklett hev han truleg pakta, då ein ikkje finn tingl. bygselsetel. Han og kona fær kår då sonen fær bruket.
4 Jakob Ivarson Areklett, f. 1829 på b.nr. 1, d. 5/3 1907. 1855 g.m. Karen Ludvigsdtr. Daae, Risnes, f. 1832 på b.nr. 1, d. 5/9 1912.
29/10 1855 skøyte frå Ivar Erikson til sonen Jakob. Jakob skøytte bruket å eldste dotri og dottermannen og flytte til Haugsvær. Sjå b.nr. 6 der. Borna hans er førde under dette b.nr.
5 Ivar Sjurson Areklett, f. 1853, son til nr. 3, d. 5/8 1908. 26/6 1877 g.m. Ida Maria Jakobsdtr. Areklett f. 1856, d. 4/10 1889. 7/7 1891 g.m. Marta Eriksdtr. Areklett frå b.nr. 1, f. 12/5 1864.
Born:
a. Anna f. 17/12 1877, g.m. lærar Sjur Monsson Duesund. Sjå skulen på Tverbjørg.
b. Jakob f. 24/10 1878. Nr. 6 her på bruket.
c. Bernt Severin f. 17/11 1879.
d. Severin f. 27/12 1880. For til Amerika 1902. Bur no på b.nr. 4, Solstrand, Areklett.
e. Karen Andrina f. 9/2 1884, g.m. Rasmus Arneson Haugsvær. Sjå b.nr. 3 under utflytte der (på Haugsvær).
f. Dortea f. 29/4 1886, g.m. Arne Arneson Haugsvær. Sjå Haugevær, b.nr. 3 utflytte.
g. Ivar Martin f. 27/9 1889. Ugift. Bur i Areklett.
h. Erik f. 28/11 1893, d. 13/9 1916.
i. Ida Kristina f. 29/7 1896, g.m. Kaspar Gjertson Reknes, b.nr. 2.
j. Emma f. 27/5 1899, g.m. Lars Erikson Tangedal, Frøyset, b.nr. 5.
k. Olav Harald f. 10/6 1903, g.m. Inga Johannessen. Sjå b.nr. 3, Areklett.
23/5 1876 skøyte frå Jakob Ivarson Areklett til Ivar Sjurson og hans «trolovede» Ida Maria Jakobsdtr. for 500 spdl. og kår (110 spdl.). 5/10 1877 kårebrev frå Ivar Sjurson til Sjur Larsson og Dordi Rasmusdtr.
6 Jakob Ivarson Areklett, f. 24/10 1878, d. 24/6 1948. 7/6 1904 g.m. Karolina Arnesdtr. Haugsvær f. ¼ 1878 på b.nr. 3, d. 1939.
Born:
a. Ivar f. 24/8 1905. Nr. 7 på bruket.
b. Arne f. 9/2 1907. Sjå b.nr. 5.
c. Ingvald f. 24/11 1908. Sjå b.nr. 12.
d. Johannes f. 9/9 1910. Ugift.
e. Malvin 12/11 1912.10/11 1942 g.m. Elsa Kasparsdtr. Mongstad. Bustad: Mongstad. Han er mekanikar.
Deira born:
a. Jostein Kåre f. 6/2 1945.
b. Kjell Åge f. 31/5 1949.
f. Johanna f. 8/5 1915. 18/6 1947 g.m. Øystein Ynnesdal. Bur der.
Deira born:
a. Kjartan f. 13/3 1948.
b. Jostein f. 30/5 1951.
c. Anne Karin f. 22/4 1955.
g. Erling f. 2/8 1917, d. 28/9 1968. Ugift.
h. Olga f. 11/9 1919.5/10 1941 g.m. Ivar Hansson Ynnesdal, Gulen.
Deira born:
a. Hilmar f. 10/7 1943.
b. John f. 26/10 1946.
c. Elna f. 6/6 1948.
d. Reidun f. 16/5 1951.
e. Atle f. 13/7 1954.
f. Olaug f. 1/1 1958.
i. Agnar f. 30/6 1922. Ugift.
31/5 1913 skøyte frå Ivar Sjurson Areklett til sonen Jakob for 3200 kr. og kår.
7 Ivar Jakobson Areklett, f. 24/8 1905, (6a), d. 14/6 1993. Gift 30/3 1951 m. Helga Elisabet Olsdtr. Bustnes f. 15/5 1910.
Born:
a. Kari f. 21/9 1951. Nr.8 her.
b. Kirsti Olaug f. 23/5 1953, g. 1/6 1979 m. Rune Garmann. Sjå b.nr. 23.
Skøyte 18/9 1952 til Ivar Areklett for kr 7000.
8 Kari Areklett, f. 21/9 1951 (7a), g. 6/6 1980 m. Tor Stensrud f. 15/6 1954 i Hamarøy.
Skøyte 23/12 1974 til Kari og Kirsti Areklett, utan vederlag.