1 Rasmus Lasseson, truleg frå St. Sleire, frå 1620 til 1662. Tvo gonger er nemnd Lasse. Innimillom Rasmus, men det må ha seg so at faren hev møtt på tinget og betalt skatten for sonen.
Rasmus hadde 1645 kona Marite, sonen Lasse og dotri Berete.
2 Nils Mogenson, nemnd fyrste gongen 1664, siste 1696. Etter den alderen som er uppgjeven på Nils 1666, skulde han vera fødd 1636.
3 Halvard Olson frå kring 1696 til 1711. Han hev ingen søner heime ved manntalet 1701. Var då 42 år g.
4 Ola Andersson hev fenge bruket kring 1712, g.m. Kari Jonsdtr.., d. 1743. Skifte då.
Born:
a. Dordi f. 1703, g.m. Anders Sebjørnson Hellestveit, Lindås.
b. Kari f. 1707.
c. Niels f. 1711.
d. Jon f. 1711.
e. Inger f. 1713, g.m. Jakob Risa, Lindås.
f. Kari f. 1717. Sjå under nr. 5 her på bruket.
1720 fær Ola Anderssen uppattnying på bygsli hjå Hans Peter Veivitsen og 4/8 1722 tingl. skøyte frå Hans Veivitsen og Ester Busch.
Ved skifte etter Kari Jonsdtr., dagsett 27/5 1743 og tingl. 8/8 1744, er desse arvingar: Barneborn: Johannes Andersson 12 år og Synneva Andersdtr. 9 år. Formyndar for dei er faren Anders Sebjørnson Hellestveit. Dei andre arvingane er døtrene Inger og Kari Olsdøtre.
5 Ola Larsson Solheim f. 1717 på b.nr. 1, d. 1784. 1742 g.m. Kari Olsdtr. Lauveidet f. 1717.
Kari var fyrst trulova med Ivar Gregroriusson Halland frå Gulen, og brudlaupet skulde stade 1741. Men Ivar kom burt på sjøen då han var og skulde kjøpa til brudlaups. Med han fekk Kari sonen Ivar, døypt i Eivindvik kyrkja. Ho vart introdusert som ei kona etter barnefødslen.
Born:
a. Anna f. 1743, g.m. e.m. Jon Hogneson Sanda, Gulen 1766.
b. Kari f. og d. 1745.
c. Mons f. 1749. Nr. 6 her på bruket.
d. Ola f. 1752, g.m. Femie Olsdtr. Lauvås, Lindås, 1789.
e. Sjur f. 1754, g.m. Elisabet Olsdtr. Tangedal 1784. Bustad L. Sleire, b.nr. 4.
f. Anders f. 1757, d. 1765.
g. Dordi f. 1760, g.m. Hans Andersson St. Sleire, b.nr. 1.
h. Kari f.kr. 1747, g.m. Ola Larsson Tangedal, b.nr. 4.
NB. Ved skifte etter Kari Jonsdtr. vart halve bruket utl. på e.m. Ola Andersson for 4 rdl. Altso var heile bruket sett til 8 rdl. 8/8 1744 skøyte frå Ola Andersson til dottermannen Ola Larsson 10 mk. s. Anders Hellestveit og Jakob Risa var med på det skøyte. 2 mk. fekk Ola Larsson med kona.
Ola Andersson vart 1746 g.m. e. Ingeborg Olsdtr. Kvamsdal og flytte dit. Sjå b.nr. 1. der.
6 Mons Olson Lauveidet f. 1749, d. 1821. 1780 g.m. Ragnhild Olsdtr. Tangedal f. 1758 på b.nr. 1, d. 1821.
Born:
a. Anna f. 1781, d. 1785.
b. Kari f. 1784, g.m. e.m. Lars Torgeirson Totlandsdal 1812.
c. Ola f. 1787. Nr. 7 her på bruket.
d. Erik f. 1791, d. 1800.
e. Rasmus f. 1793, g.m. e. Magdeli Hansdtr. St. Sleire 1823, b.nr. s.
f. Anders f. 1795, g.m. e. Guri Olsdtr. Sanda, Gulen.
14/10 1778 skøyte frå Ola Larsson til sonen Mons for 30 rdl.
7 Ola Monsson Lauveidet f. 1787, d. 4/11 1860.1820 g.m. Sigrid Olsdtr. Skjeggedal f. 1796, d. 27/12 1850.
Born:
a. Mons f. 1821, d. 20/4 1846. Vådeskot. Fekk skotet i brystet av si eigi rifla, då han skulde stiga ned av vedfarmen på ei jakt og ned til vengen.
b. Ragnhild f. 1823, g.m. Halvard Olson Bergsvik, St. Sleire, b.nr. 5.
c. Siri f. 21/6 1827. Sjå under nr. 8 her på bruket.
d. Olina f. 1830. Sjå Hosteland b.nr. 6.
e. Erikka f. 1833, d. 19/2 1856. Drukna i Ostavatnet.
21/10 1809 skøyte frå Mons Olson til sonen for 40 rdl. og kår: t. korn, 2 kyr, 4 smale.
8 Berge Alias Hansson Wergeland frå Brekke f. 1834, d. 10/12 1866. Drukna på ei byferd. 25/6 1855 g.m. Siri Olsdtr. Lauveidet f. 21/6 1827, d. 9/7 1913.
Born:
a. Siri f. 25/3 1857, g.m. lærar Henrik Martinusson Bauge 16/7 1884. Sjå Bauge, b.nr. 2.
b. Ola f. og d. 1858.
c. Henrikka f. 6/10 1859, g.m. skulestyrar Olav Areklett. Sjå Areklett, b.nr. 1.
d. Hans f. 23/7 1861. Nr. 9 her på bruket.
e. Monsina f. 26/5 1863. I meir enn 30 år husstyrar hjå dr. Rømche.
f. Ola f. 5/6 1865. Sjå utflytte.
29/10 1855 skøyte frå Ola Monsson til dottermannen Berge Alias Hansson.
9 Hans Bergeson Wergeland f. 23/7 1861, d. 8/7 1931. 9/6 1885 g.m. Johanna Larsdtr. Tangedal f. 17/3 1862 på b.nr. 4, d. 23/9 1904.1906 g.m. Sigrid Johannesdtr. Byrkjeland frå b.nr. 2, f. 17/5 1877.
Born:
a. Larsina f. 13/7 1885, g.m. skulestyrar Lars Nordland. Sjå Nordland, b.nr. 5.
b. Bergljot f. 28/7 1886, g.m. Hans Erikson Bauge. Sjå Bauge, b.nr. 2.
c. Sigrid f. 17/7 1887, d. 20/5 1903.
d. Berge Alias f. 17/8 1888. Nr. 10 her på bruket.
e. Solveig f. 28/1 1890. Sjå utflytte.
f. Harald Johan f. 19/5 1891. Sjå utflytte.
g. Einar Martin f. 20/11 1892. Sjå utflytte.
h. Asbjørn f. 24/2 1894. Farmar i Canada.
i. Magnus Emil f. 1/7 1895. Sjå utflytte.
10/4 1885 tingl. skøyte frå e. Sigrid Olsdtr. til sonen Hans for 2000 kr. og kår (400 kr.).
Hans B. Wergeland gjekk artilleri-underoffiserskulen, var fleire år ordførar i Masfjorden, mange år fyrste direktør i Lindås-Masfjorden D/L og 2 periodar stortingsmann (1906-1912).
10 Berge Alias Hansson Wergeland f. 17/8 1888, d. i tysk fangeleir 28/5 1943. 5/6 1922 g.m. Jenny Nikolina Henriksdtr. L. Matre frå b.nr. 3, f. 16/7 1899 d. 17/10 1961.
Born:
Hans f. 25/6 1927.
16/2 1920 tingl. skøyte frå Hans B. Wergeland til sonen Berge for 3500 kr. og kår (800 kr.).
Berger H. Wergeland var agronom, underoffiser med løytnants grad og direktør i Lindås-Masfjorden D/L.
11 Hans Birgerson Wergeland f. 28/6 1927 (10a), d. 25/7 1992. Gift m. Klara Olavsdtr. Birkeland f. 8/7 1932 på St. Sleire b.nr. 4 og 13 (3b).
Born:
a. Birger f. 2/1 1953, g. 18/10 1975 m. Lillian Marie Asheim.Sjå festenr.1.
b. Olav Terje f. 27/12 1954, g. 15/4 1978 m. Gudveig Engeseter f. 5/10 1956 i Gulen.
Deira born:
a. Ørjan f. 23/11 1980
b. Karina f. 23/7 1985
c. Jenny Norunn f. 15/12 1957, g. 29/3 1980 m. Kjell Henrik Nordal f. 10/12 1956 i Gulen.
Deira born:
a. Hogne f. 7/2 1981
b. Kine f. 18/4 1985
c. Stine f. 21/12 1990
d. Gunn Eiren f. 9/7 1964, g. 29/5 1993 m. Geir Mæland f. 10/5 1957 i Bergen.
e. Torbjørn Henning f. 21/4 1966. Nr.12 her.
Heimelsovergang grb. f. 28/11 1961 til Hans B. Wergeland.
Hans Birgerson Wergeland har også overteke b.nr. 2, Solstad, som var utskild frå b.nr. 1. 1/7 1935.
12 Torbjørn Henning Wergeland f. 21/4 1966 (11e), g. 13/8 1994 m. Grethe Haugsvær, f. 12/1 1968 på Hope b.nr. 18 (1c).
Born:
a. Connie f. 19/7 1993.
Feste nr 1
1 Birger Wergeland f. 2/1 1953 (11a), g. 18/10 1975 m. Lillian Marie Asheim f. 7/9 1955 i Gulen. (Sjå og Furebotn b.nr. 2, 10d.)
Born:
a. May Lisbeth f. 9/5 1976
b. Hans-Karsten f. 9/8 1980.
Nordre Neset
– Plass under Lauveidet.
1 Rasmus Johannesson I. Haugsdal f. 1831 på plasset “Med garden”, d. 9/3 1908. 28/6 1858 g.m. Kristi Hansdtr. Syslok frå Lindås, f. 1831, d. 23/12 1906.
Born:
a. Hans f. 26/7 1858. Arbeidar i Bergen.
b. Martinus f. 27/12 1860. Arbeidar i Bergen.
c. Brita f.og d. 1864.
d. Brita f. 3/10 1865, d. 28/12 1877.
e. Bergitta Sofia f. 26/1 1868, g.m. Otto Heggen. Forvaltar på Reknes Sanatorium, Molde.
f. Johanna f. 16/10 1870, g.m. ein mann frå Fosse i Alversund. Bustad Bergen.
g. Ragnhild f. 13/7 1873, d. ung.
21/10 1867 tingl. festesetel frå Berge Hansson til Rasmus Johannesson og kona Kristi Hansdtr.
2 Johannes Olson Molland frå Gunnarbuøyri f. 12/1 1861, d. 7/7 1931. 28/6 1889 g.m. Brita Sjursdtr. Kvamsdal frå b.nr. 3, f. 1/2 1844, d. 7/12 1918. g.m. Katinka Bergitta Olsdtr. Frøyset frå plasset Vesteleitet, f. 9/2 1881.
28/5 1889 festesetel frå Hans B. Wergeland til Johannes Olson Molland.
Plasset er no nedlagt.
Utflytte
Nr. 8 f. Ola Bergeson Wergeland f. 5/6 1865. Åskandidat. Vandra ut til Amerika. g.m. Anna Jenssen frå Langesund. Born. a. Irving, b. Henry. Ein er forstmann og ein er bankmann. Ola d. 1938.
Nr. 9 e. Solveig Hansdtr. Wergeland f. 28/1 1890, g.m. Andreas Johannesson Hopland i Seim, Alversund. Born: a. Aslaug, b. Sigve.
Nr. 9 f. Harald Johan Hansson Wergeland f. 19/5 1891, g.m. Gunhild Johnsen frå Mosby ved Kristiansand. Born: a. Hans f. 17/7 1923, b. Gunnar f. 17/3 1930, c. Harald f. 9/8 1931.
Harald Johan reiste fleire år til sjøs, sist som skibsførar og vart so skipsinspektør: Bustad Mosby um Kristiansand, der han ogso eig gard. Bur meste i Oslo.
Nr. 9 g. Einar Martin Hansson Wergeland f. 20/11 1892, g.m. Gudrun Sagård, dotter til lærar Sagård frå Ryfylke. Einar er no postfullmekt i Bergen.
Nr. 9 i. Magnus Emil Hansson Wergeland f. 1/7 1895, g.m. Berta Nilsdtr. Stene, dotter til handelsmann Stene på Lindås. Born: a. Johanna Maria, b. Nora. Magnus Emil er no postekspeditør i Bergen.