Kvamsdal Soldal bruk 6
Lidi under bruk 1 og 2 – Utskilt 10/2 1959
1 Ola Rasmusson Kvamsdal f. 1815 på plasset Teigane under Kvamsdal, d. 5/3 1906. 7/2 1843 g.m. Marta Andersdtr. St. Sleire f. 1819 på b.nr. 12, d. 3/3 1884.
Born:
a. Synneva f. 1844. Sjå under nr. 2 her på plasset.
b. Gjertrud f. 1846. Fekk sonen Hans med Bernt Rognaldson Lindebotten 9/12 1873. Guten d. 1874, og Gjertrud d. 8/1 1904. Fatiglem.
c. Ragnhild f. 22/5 1853. Bustad plasset Balen, Hosteland.
15/10 1842 tingl. festesetel frå Søren Hansson Kvamsdal (b.nr. 1) til Ola Rasmusson.
2 Nils Rognaldson Byrkjeland frå plasset Lindebotten f. 1841, d. 8/1 1907. 20/6 1875 g.m. Synneva Olsdtr. Kvamsdal f. 1846.
Born:
a. Marta f. 31/12 1876. G. og budde i Bergen.
b. Rasmus f. 8/3 1877, g.m. Hilda Petrina Oliva Hansen, f. i Bergen 1876, dotter til sjømann Hans Olson. Dei var gifte 28/10 1901.
c. Ola f. 23/5 1881, d. 15/6 1900. Heilebrand.
Nils Rognaldson budde i Ola Rasmusson si bygsel.
3 Erik Johannesson Kvamsdal f. 6/12 1881 på b.nr. 1, d. 20/4 1971. 8/5 1908 g.m. Sygni Sjursdtr. Byrkjeland f. 14/11 1876 på plasset Lindebotten.
Born:
a. Olava f. 6/6 1909. Sjå utflytte.
b. Sigurd f. 28/7 1911.
c. Johanna f. 27/8 1915. Sjå utflytte.
d. Karstein f. 25/9 1920.
23/5 1908 tingl. bygsel frå eigarane av b.nr. 1 og 2 mot å svara kår til e. etter Nils Rognaldson.
Kvamsdal Soldal bruk 6
– Dette er tidlegare Lidi under b.nr. 1 og 2.
4 Olav Kvamsdal f. 18/7 1929 på bruk 1 (15b), g. 1956 m. Ragnhild Kvamsdal f. 27/12 1931 på bruk 2 (4c), d. 18/4 1968.
Born:
a. Kirsten Helen f. 26/12 1956, g.m. Magne Hvidsten frå Bergen. Bur i Bergen. Ekteskapet oppløyst.
Deira born:
a. Nina f. 21/2 1979
b. Tore f. 4/3 1982
b. Oddvar Rune f. 19/9 1960. Bur i Bergen.
Skøyte 10/2 1959 frå Erling og Botolf Kvamsdal til Olav Kvamsdal og kona for 2000 kr.