Utskilt frå b.nr. 2, 13/5 1871. Hadde fyrr vore plass.
1 Anders Sjurson L. Sleire f. 1790 på b.nr. 4, d. 1869. 1819 g.m. Lisbet Monsdtr. L. Sleire f. 1800 på b.nr. 2, d. 17/1 1839. 1840 g.m. Brita Bendiksdtr. I Hope f. 1804 på b.nr. 2, d. 7/11 1841.1843 g.m. Brita Nilsdtr. Kalhovda f. 1812 på b.nr. 4.
Born:
a. Lisbet f. 1819. Flytte til Bergen 1859.
b. Hans f. 1822, g.m. Lisbet Hansdtr. St. Sleire 7/7 1854, frå b.nr. 7.
c. Margreta f. 1825, g.m. Lars Larsson Kalhovda 7/10 1847. Sjå b.nr. 5. Dei fekk 2 born på Kalhovda:
Deira born:
a. Lisa f. 29/12 1847.
b. Sjur f. 19/8 1849.
Lars og Margreta flytte 1850 til Røyrbotten i Holmedal. Sonen Sjur vart fargar i Hausvik, Haus.
d. Marta f. 1827.
e. Marta f. 1829, g.m. Knut Jørgenson Kalhovda 9/3 1855. Bustad Furebotten b.nr. 2.
f. Kari f. 1831, g.m. e.m. Sjur Klausson Kvamsdal, b.nr. 3.
g. Anna f. 1833, g.m. ein Skilbred. Bustad i Bergen.
h. Sygni f. 1836, g.m. Lasse Johannesson Kringlen, Brekke, 2/10 1868.
i. Lars f. 1844, d. 1845.
j. Nils f. 11/1 1849.
k. Lisbet f. 10/2 1846, g.m. Jon Rasmusson Y. Haugsdal 2/11 1870. Bustad plasset Træet, Hosteland.
l. Brita f. 23/7 1854. Tenar. Ugift. Budde seinast på Kaihovde.
m. Anders f. 24/6 1855. Bustad St. Sleire b.nr. 2.
n. Margreta f. 26/12 1857, g.m. Martin Nilsson Kalhovda 16/11 1880. Martin frå b.nr. 4 på Kalhovda. Budde ei tid som inderst der, men flytte so til Bergen og arbeidde i A/S K. Toftegaard.
18/10 1821 tingl. festesetel frå Truls Monsson (b.nr. 2) til Anders Sjurson og kona på plasset Bjørkehaugen.
2 Lars Hansson L. Sleiref. 23/2 1848 på b.nr. 2, d. 31/3 1934. 21/10 1870 g.m. Guri Jonsdtr. Knarvik, f. i Gulen 1840.
Born:
a). Hansina Josefina f. 12/4 1871. Ugift Reinhaldskvinne. Bustad Bergen. D. kr. 1945.Hansina Sleire hadde 2 born:
a. Gudrun, g. bur i Oslo.
b. Harald, kajarbeidar, bustad Bergen.
b). Ragnhild f. 22/12 1873. Sjå under nr. 3 her på bruket.
c). Matilda Sofia f. 15/7 1876. Ugift. Reinhldskvinne. Bustad Bergen. 1 dotter.
d). Johan f. 11/3 1879. Flytte til Mandalskanten.
e). Andrina Martina f. 8/4 1882. Utvandra til U.S.A.
Då Lars Hansson 13/5 1871 selde b.nr. 2, heldt han att Bjørkehaugen for seg sjølv. Bjørkehaugen vart matrikalert med ei skyld 1, 11 sk. Attåt det han åtte av Bjørkehaugen, fekk han festesetel på det av Bjørkehaugen som høyrde til b.nr. 4.
3 Hans Martinusson Kvamsdalf. 1/12 1869 på plasset Boshaugen, d. 1942. 24/4 1896 g.m. Ragnhild Larsdtr. L. Sleire f. 23/12 1873. Han hadde ei tid b.nr. 3 på Rambjørg, men selde det og flytte til Sleire.
Born:
a. Ludvig Martin f. 22/6 1896, d. 1910.
b. Ingeborg f. 5/2 1898 g.m. Johannes Martin Johannesson L. Sleire. Sjå b.nr. 6.
c. Gerhard Leonard f. 31/5 1900, g.m. Emilie Jonsdtr. Kjellevoll frå Gulen. Bur i Fana.
d. Magnus f. 14/9 1901. 15/10 1926 g.m. Jenny Mathilde Hansdtr. Tveit f. 1905 i Gulen. Bur i Fana.
Deira born:
a. Håkon.
b. Solveig.
c. Ludvig.
d. Magda.
e. Gunna Emil.
e. Arne f. 29/6 1906.6/4 1928 g.m. Margit Kasparsdtr. Virkesdal f. 27/2 1905 i Gulen. Kaspar er bror til nr. 3 her.
Deira born:
a. Kåre f. 1928.
b. Reidun f. 1935.
c. Magnus f. 1940.
d. Liv f. 1949.
f. Harald Ragnvald f. 26/7 1909. Nr. 4 på bruket.
g. Laura f. 27/2 1916, d. 18/1 1918.
12/5 1906 skøyte frå Lars Hansson til dottermannen Hans Martinusson Kvamsdal for 1 800 kr. og kår.
4 Harald Ragnvald Hansson Kvamsdal f. 26/7 1909 på d.b.(3f), d. 8/6 1989. Gift 25/3 1938 m. Johanna Ludvigsdtr. L. Sleire f. 17/7 1904 på b.nr. 2. (11c), d. 5/5 1988. Dei hadde ikkje born.
Skøyte 19/2 1952 frå Ragnhild Larsdtr. til sonen Harald og kona for 3000 kr og kår.