09 Slindre, lille

Sleire, Lille
Sleire, Lille

Um namnet seier O. Rygh: “Ser ut til å være flertal av slidr.” Han meiner at dei tvo dalane som gjeng frå garden, er dei tvo slidrane.

Gamle skrivemåtar: 1519 Sliren. 1522 Slære. I ein pk. som gjeld frå 1577 tli 1590 finn ein formi Sliire. 1608/09 Slire. 1610/11 er det skild millom dei tvo Sleiregardane. Storeslide i eit ord og Lille Slire i tvo ord. 1611 Slir 1615/16 Lidtleslire, og same året finn ein formi Sliere og Storeslier. 1616/17 Slirre. 1617/18 Lille Slire, Store Slire. 1645 L. Sliere, Stor Sliere. 1666 Lille Sléére, Store Sléére.

I matriklane 1665: Lille Sleire, Store Sleire. 1718 Lille Slire, Store Slire. 1723 L. Slire, St. Slire. 1838 Slidre Lille, Slidre Store.Det same 1886. No Slidre lille, Slidre store. Bygdeuttalen er Sleire. Folk som er fødde på garden, skriv seg Sleire.

Grensor: I sud til Frøyset, i vest til Tangedal, i nord til gardar i Gulen og i aust til St. Sleire.

Eigedomstilhøvi: Garden høyrde etter reformasjonen til Stig­tens gods (inndrege bispegods). Men frå kring 1664 var garden komen yver i privat manns eiga, for då heiter det: “Kongen Hid­indtil eit og bøxlet”. 1686 er Abel Munthe eigar. 1686 Lodvig Lem. 1696 Giertrud de Fine. Ho er eigar ogso 1702. Men 1710 eig Erich a Møinichen 1½ pd. og Søren Lem 2½ pd. s. Dei same 1718. Men 1720 er sorenskrivar Arnoldus de Fine vorten eigar av 2½ pd. og rektor Erich a Møinichen 1½ pd. Erich Møinichens part gjekk ved panteforskrivelse yver til assessor Vilhelm Hanssøn, og 12/8 1739 vart V. Hanssøens part seld på auksjon til Ivar Josefson Frøyset. På eine parten av dette jordegodset budde Nils Andersson. Bruket hadde skyldi 1 pd. smør. Det fekk Ivar Josefson tilslaget på for 1 rdl. 1 mk. 4 sk. for marken. At han fekk det so billeg, kom av det at det ikkje var hus på bruket. Leiglendingen, Ola Rasmusson, budde i hus som høyrde Arnoldus de Fine til. 30/10 1740 fekk Ola Rasmusson auksjonsskøyte på 1 pd. s. Skøyte var utst. av Michael Tønder, og 14/10 1746 fekk han skøyte hjå Ivar Josefson Frøyset på dei 12 mk. s. som hadde høyrt til det bruket, fyrr høyrt til buet etter Vilhelm Hanssøn. So no vart bruket til Ola Rasmusson på 1 pd. 12 mk. s. Det er no b.nr. 1.

30/10 1740 skøyte frå e. etter sorenskrivar de Fine til Ola Olson og Madli Rasmusdtr. Det er no b.nr. 2.
11/9 1743 skøyte frå Ivar Josefson Frøyset til Ola Andersson 1 pd. s. for 24 rdl. 4 mk. Det var det bruket Nils Andersson fyrr hadde brukt. Det er no b.nr. 4. Dei mindre bruki er seinare utsk. frå dei 3 her nemnde hovudbruki.

Gamle martiklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645. L. Sliere. Elling Andersen. Ko. Anne. Sønnen, Datter. Olle Jonson. Ko. Berete. 2 Døtre.

Kvegskattmanntal 1666: Lille Sléére. Skylder Smør 4 Pd. Hans bruger 2 Pd. S.40 Aar g. Sønner: Ole 8 Aar g. Mogens bruger 2 Pd. S. 50 Aar g. Sønner Mons, 2 Aar g. Under “Huusmænd og Strandsid­dere”: Elling, 90 Aar g.

Martikel etter reskript frå 1665: Lille Slire. Gifer Landsk. Smør 1Løb, 1 Pd. Saar 4 Td., afler 10 Td. Føder 20 Nøed, Hest. Kan tiende 1 Td. Smaaskattar: Leding, Fredtold, Giengier, Vedpenge: 5 Mk., 2 Sk. Smaatiend: 10 Sk. 2 Hvid. Kan skatte af 1 Løb, 1 Pnd. Smør. Brendefang och noget til Husbehoef.

Manntal 1701: L. Slire. Pe der Bendixen 66 Aar. Søn: Anders Pedersen hiemme 4 Aar. Rasmus Monsen 36 Aar. Søn: Olle Rasmussen hiemme 3 Aar. Tienestekari: Olle Olsen Halland 20 Aar. Mons Olsen: 69 Aar.

Prøvematrikel 1721: Lille Slire. Rasmus Monsen, Ole Rasmu­sen, Nils Andersen. Saar 5 ¾ Td., høster 18 Td., føder 25 Nød, 32 Faar, 3 Heste. Proprietærgods, ligger tilfields, maadelig jordart, men meget tungvunden – i særdeleshed ved Høest indsamling som høit tilfjelds i fieldskaarer (og) Urer maa samles og bæres på Ryg­gen. Ingen herlighed af nogen betydning. Lidt Bierkebrendefang og en liden flomqvern nødvendig fornødenhed. Aarl. Skat: 11 Rdl. 13 Sk.

Martikeltaksten 1723: L. Slire. 3 Mand. Landsk. i L. 1 Pd. Smør. Sorenskriver de Fine 2 1/2 Pd. s. og Rektor a Møinichen resten og hver med sit bøxel. Intet Husmandssæde, Intet Sætter. Brendeved­skoug til Gaard og Grund. 2 flomqverner. Ligger ¼ Mil fra Søen, 6¼ Mil fra Bergen. Maadelig Kornart og meget tungvunden og salmes meste Høet af Udmarken. Saar Korn 5 Td., afler 15 Td. Føder 16 Kiør, 8 Ungnød, 24 Faar, 2 Heste. Takst efter Matrikulen 1 Løb. Forhøiet 9 Mk. s. Lever af Quegets afling og brendeved at sælge.

Brukarar (busitjarar) på garden

Frå 1590 til 1615 er nemnd berre ein mann, Anders, og han betalar skatt av 1 l. smør. Skatteåret 1617/18 heiter det: Enchen Slire. 1608, men berre det året, er nemnd Lasse attåt Anders. Skat­teåret 1615/16 er nemnd 3 mann: Anders, Ellend og Oluff Slire af 1 L. 1 Sp. Smør. Ellend – vert stundom skreven Elling – vert frå 1615/16 some tider ein av 2 – andre år ein av 3 – brukarar – like til 1657. Det siste året hev han etter kreaturhaldet å døma kring 1/3 av garden. Han lever ogso ved skattemanntalet 1666, men er då førd under husmenn og strandsitjarar og var 90 år gamal 1657 og 1666 er han skreven Elling Andersen, so truleg er han son til den her fyrst nemnde Anders.

Frå 1615 kjem ein brukar nr. 2 attåt Elling. Han heiter Oluff eller Ole Jonsen. Han bruker 1657 kring 1/3 av garden. Men sist­nemnde år er attåt Elling og Ole komen ein tridje mann som heiter Hans. Det ser ut til at han brukar kring 1/3 av garden. Attåt dei 3 kjem Mons med 1 ku. Han må vera kåremann.

1666 er det berre 2 mann på garden, og dei brukar kvar sin halvpart. Det er Hans og Mons.

NB. Skatteåret 1620/21 er det ein Johans attåt Ellend, men då Johans er nemnd berre det året, må det vera ei feilskrift, for Olluff og Elling kjem både åri fyrr og åri etter. Like-eins er skatteåri 1630/31 og 1632/33 nemnd Jon og Elling, men med Jon er det på same vis som med Johans at Elling og Olluff er nemnde både åri fyrr og åri etter, og året 1645 er det berre 2 mann: Elling Andersen og Olle Jonsen.

1648/49 heiter brukarane Anders og Nils. Dei brukar 2 sp. smør kvar. Kor det heng ihop med dette, er uråd å seia, for 1757 kjem og Hans. So finn ein ikkje namn på skattytarane fyrr att i 1691. Då er Mons framleis brukar av 2 pd. smør, og so kjem Peder og Rasmus med 1 pd. kvar. Ved manntalet

1701 er fulle namni og alderen uppgjeven: Peder Bendixen 66 år, Rasmus Monsen 36 år og Mons Olsen 69 år.

1712 finn ein at brukarane heiter Rasmus og Nils. Dei same 1718. I 1723 er det sagt at det skal vera 3 mann, men ein finn namn berre på 2: Ola og Nils.

Foto: Gjert-Rune Daae