Bruk 2. Eikebotten

Utskilt frå b.nr. 1, 4 og 5, 17/10 1887.


Knut Gregoriusson Grinde frå Gulen f. 1773, d. 12/9 1859. Legdslem. g.m. Marta Eriksdtr., d. 17/4 1857.
Festesetel til Knut er ikkje tinglesen, men nr. 2 svarar kår til Knut og kona.

Ola Jonson Hosteland f. 1815 på b.nr. 8, d. 21/5 1897. g.m. Inga (Inger) Johanesdtr. Haugsdal 1835. Dette stend i kyrkjeboki, men i Haugsdal var det ingen Johannes som ho kunde vera dotter til. Ho må vera dotter til plassmann Knut Sjurson Y. Haugsdal. Ho d. 9/12 1911.
Born:
a. Tor f. 9/1 1841. Lagnad ukjend.
b. Gjertrud f. 2/7 1843, d. 12/10 1922.
c. Jon f. 18/1 1846. Nr. 3 i Eikebotten.
d. Karen f. 9/4 1849, g.m. Peder Pederson Kolås, Lindås, 16/7 1889.
e. Ragnhild f. 12/3 1856, g.m. Johan Lasseson Vågset. Bustad Areklett på eit plass under b.nr. 1.
f. Johan f. 19/7 1859, g.m. Askjer Bertine Bergesen, f. i Hammer 1858. Gifte 10/10 1881. Ho dotter av steinarbeidar Erik Bergesen.
1842 festesetel frå Erik Kristenson Mjanger og Kristen Arneson Fosse til Ola Jonson Hosteland på plasset Eikebotten og kårebrev frå Ola Jonson til Knut Gregoriusson og Marta Eriksdtr. 2 kyr, 6 smale, 7 1/2 v. korn, 3 t. potetor.

Jon Olson Tangedal f. 18/1 1846. 22/6 1877 g.m. Elisabet Jetmundsdtr. Hosteland frå b.nr. 8. Då ho vart e., vart ho attgift med e.m. Kolbein Trondson Reknes, b.nr. 2.
Born: 
a. Ida Johanna f. 6/9 1877, g.m. Ananias Jonson Kalhovda 19/4 1900. Han son til Jon Rognaldson frå plasset Hola. Bustad Bergen.
Nr. 3 hadde ikkje fenge festesetel.

Hans Erikson Mjanger f. 1850 på b.nr. 2, d. 11/9 1885. g.m. Margreta Hansdtr. Hosteland f. 1853 på b.nr. 5, d. 7/1 1934.
Born:
a. Anna f. 20/1 1879. Ugift. Bur som inderst i Areklett.
b. Erik f. 5/12 1879. Reiste til Amerika 1900.
c. Dortea f. 24/12 1880. Reiste til Amerika 1900, g.m. Ola J. Kjellevoll. Dei hadde 8 søner og 3 døtre. Ein son er pro­fessor.
d. Ingeborg f. 6/3 1885, d. som barn.
e. Ida Hillina f. 6/3 1885. Ugift. Bustad Masfjorden.
29/5 1878 festesetel frå Andrea Larsdtr. m. fl. til Hans Erikson og eventuell kona på plasse Eikebotten med påhefte av kår til Ola Jonson og kona.

Mons Ivarson Kvamme f. 1854 på b.nr. 5, d. 27/8 1929. 15/4 1880 g.m. Erikka Guttormsdtr. Totland f. 25/6 1848 på b.nr. 1, d.16/1 1916.
Born: 
a. Helga f. 1882, d. 31/10 1918.
b. Sigrid f. 1884, d. 1/9 1912.
c. Ivar reiste til Amerika.
d. Guttorm f. 1889, d. 1890.
e. Gabriel f. og d. 1890.
2/6 1890 skøyte frå eigarane av b.nr. 1, 4 og 5 til Mons Ivarson Kvamme for 1300 kr. og kår til Ola Jonson og kona. Nr. 5 budde ei tid i Tyssebotten, Hosanger fyrr han kom til Eikebotten. 2/6 1890 skøyte frå eigarane av b.nr. 1, 4 og 5 til Mons Ivarson.