Gamalt bruk 3

Mons brukar 1691 – 1 pd. 6 mk. s.

Anders Einarson, 28 år 1701. g.m. e. etter Mons.
1701 hev han desse styksøner: Ivar Monsson 24 år, Henning Monsson 16 år.
28/1 1701 bygselsetel på 1 pd. 3 1/2 mk. s. i Frøyset. Ikkje sagt kven som utsteidde det.
Mons hev ogso havt sonen Erik, som 5/11 1713 fekk bygsel på 1 pd. 3 mk. s. 9 mk. fisk i Lid, Gulen. Han var g.m. Kari Olsdtr. Lid 1713 (etter Ivar Hole).

Henning Monsson Frøyset f. 1685. 1. gong g.m. ?. 1718 g.m. Ingeborg Olsdtr. Randal frå Gulen (etter I. Hole).
Born: 
a.  Ingeborg f. 1712.
b.  Mons f. 1714.
c.   Nils f. 1716.
Noko bygselbrev hev ein ikkje funne, men Henning er førd som brukar 1717/18. Han må ha flytt frå Frøyset kring 1720, for 1721 er det berre 2 brukarar, Arnoldus de Fine og Peder Danielson.

Arnoldus de Fine. g.m. Magdalena a Møinichen.
Dagsett 3/11 og tingl. 12/11 1717 skøyte frå Giertrud de Fine (mor til skrivaren), til sorenskrivar Arnoldus de Fine på Frøyset. Årleg landsk. 1 l. s., ½ t malt, 1 hud. Skrivaren må no ei tid styrt Frøyset sjølv, men late Peder Danielson brukt ein lut av garden – soleis 1721. Kva tid skrivaren d., hev ein ikkje funne, men han er d. fyrr 1738, for det året er det e. som bygslar eit bruk burt.
10/8 1762 er det skifte etter “sorenskriver Arnoldus de Fines Efterleverske, Madame Magdalena a Møinichen de Fine, hvis dødsfald var Skifteretten comuniceret ved Arvingen, Klokkeren til Hosanger Præstegjeld, Monsieur Jens Møinichen de Fine.

Arvingar:

1.  Første og ældste S. Ludvig de Fine, Klokker til Hamre Præ­stegjeld.
2.  Anden S. Jens a Møinichen de Fine, Klokker til Hosanger Præstegjeld.
3.  Tredje S. Heneich Wilhelm de Fine, Barbersvend i Kristiansand.
4.  Ældste Datter Magdalena Bredal de Fine, forhen gift med Siur Clausen Frøsetter, men no død og efterlat sig 4 Sønner og 2de Døtre. (Sjå under nr. 5 her på bruket).
5.  Anden Datter Abel Maria de Fine 46 Aar.
6.  Tredje Datter Johanne Margrete de Fine 45 Aar.
7.  Fierde Datter Helene Vilhelmine de Fine 44 Aar.
8.  Femte Datter Anne Sophie de Fine 36 Aar.

Ved dette skifte åtte buet desse Jordeigedomar:
Frøysett, – verdsett til 147  rdl.
Rognøy – verdsett til 12  rdl.
Ein part i Lauvås, Lindås – verdsett til 60  rdl.
1 hud, 12 m. s., 3 m. malt i Hosteland, sett – verdsett til 63 rdl.
Ein part i Duesund, sett – verdsett til 20 rdl.
I garden Myhre, Gulen ? – verdsett til 60 rdl.
I Berge, Gulen, som er øde – verdsett til 1 rdl.
Samanlagd: 363  rdl.

Løsøre og kreaturer: 262 Rdl. 3 Mk. 6 Sk.
Broderlod: 128 Rdl. 5 Mk. 4 Sk.
Søsterlod: 64 Rdl. 2 Mk. 1/2 Sk.”

Sjur Klausson Midttun frå Gulen f. 1696, d. 1782. 1737 g.m. Malena Bredal de Fine f. 1715, d. 1755. 1755 g.m. Marta Monsdtr. Y. Haugsdal f. 1726 på b.nr. 1, d. 1787.
Born: 
a.  Guri Bergitta f. 1737.
b.  Arnoldus f. 1739, g.m. Synneva Monsdtr. Hosteland, f. på b.nr. 3 1745. Arnoldus budde ei tid i Y. Haugsdal, b.nr. 3. Han flytte derifrå. Kvar hen han reiste til, er ukjend.
c.   Gjertrud Lovisa f. 1741, g.m. Sjur Monsson Knarvik, Lindås.
d.   Brita f. 1742. Avla med gj. Marita Ellingsdtr. Byrkjeland.
e.   Lasse f. 1745. Bur på ein part av Frøyset.
f.    Klaus f. 1747, g.m. Lisbet Hognesdtr. Risnes. Bustad der.
g.   Magdalena f. og d. 1750.
h.   Jens f. 1752, d. 1783.
i.    Mons f. 1755.
j.    Malena f. 1758, g.m. Åmund Olson Nordland. Bustad fyrst her og so Kvamsdal.
12/8 1738 tingl. bygsel frå Magdalena de Fine til Sjur Klausson Midttun på 1/2 l.s. i Frøyset.

Åmund Olson Nordland f. 1752.1782 g.m. Malena Sjursdtr. Frøyset. 1782 bygsel frå Ludvig Daae til Åmund Olson på ½ l. s. “som forhen var brukt af Sjur Clausen”. 1791 fekk Åmund bygsel på eit bruk i Kvamsdal og budde sidan der.