07 Frøisæter (Frøyset)

Frøisæter
Frøisæter

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av gudenamnet Frøy eller gudinnenamnet Frøya og setr n. “opholdssted”.

Gamle skrivemåtar. Frøsetter 1519, 1590, 1597, 1608, 1611, 1613, 1615, 1617, 1618, 1619, 1621, 1622, 1624, 1625, 1626, 1627, 1629 og mange fleire gonger ut etter åri. Eit og anna brigde finn ein: Soleis 1522 Frøsetther, 1615 Frøissette, 1603 og 1612 Frøisetter, 1616 Frøesetter, 1620/21 ein gong Frøyset. Ellest Frøiesetter jamt ut etter åri. I matriklane: 1665 Frøesetter, 1718 Frøsætter, 1723 Frøsetter, 1838 Frøsæter, 1886 og no Frøisæter. Burde skrivast Frøyset. Det er sete for Frøy eller Frøya.

Grensor: I vest til Torsvik, i nord til Tangedal og Sleire, i aust til Lauveidet og i sud til Hosteland og Austevågen.

Frøisæter, B.nr. 2 og 5
Frøisæter, B.nr. 2 og 5

Eigedomstilhøvi

Fyrst ein finn noko um eigedomstilhøvet, høyrde garden til Stigtens gods, det er inndrege bispegods. 1664 heiter det: Kongen hidindtil eiet og bøxlet. Det tyder på at det då er seld. 1668: Abel Munthe eier og bøxler. 1686 Lodvig Lemb. 1691: Lodvig Lembs Enche. 1696: Giertrud de Fine. Den same 1717. Ho skøyter garden til sonen, sorenskrivar Arnoldus de Fine 12/11 1717. Han brukar noko av garden sjølv 1721, og 1723 brukar han garden åleina. Etter at skrivaren er død, eig e. Magdalena de Fine. 26/5 1763 tingl. auksjonsskøyte ved sorenskrivar Garmann til Madame Christine Sal. Haars på våningshuset på Frøyset og sers skøyte på jor­degodset same dag: 1 l. s. 1/2 t. malt og 1 hud. Frå Chrisine Haar kjem garden yver til versonen magister Ludvig Daae og hev sidan vore i Daae-ætti si eiga.

Frøisæter. B.nr. 7 og 8
Frøisæter. B.nr. 7 og 8

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Frøsetter: Joseph Arneson. Ko: Anne, 2 døtre. Hans Odsen. Ko: Anne, Sønnen. Datter. Hendrich Thordgiersen. Ko: Ragnhilde, Husmand Elend. Ko: Berete. Hanns Ko: Anne. Iffuer. Ko: Berete.

Kvegskattmanntal 1657: Frøesetter. Hendrich 1 Hest, 4 Kiør, 1 Quie, 2 Gieder, 4 Faaer. Hans 1 Hest, 2 Kiør, 1 Quie, 2 Gieder, 1 Faaer. Josep 2 Kiør, 2 Gieder, 3 Faaer. Olluff 2 kiør, 2 Gieder,
4 Faaer. Claus 2 Kiør, 3 Faaer Brithe 1 Koe, 1 Gied, 2 Faaer. Olluff 1 Koe.

Matrikel etter reskript frå 1665. Frøesetter: Gifer aarlig Landsk. Smør 1 Løb, Malt 1/2 Td. Huud 1 Føder 28 Nøed, 1 Hest. Kan tiende 2 Td. Smaaskatter 11 sk. Smaatiend 14 sk. Kand schatte af 1½ Løber 18 Mk. Smør. Brcndeschouf och husbehoef.

Skattemanntal 1666. Frøysetter: Smør i Løb, Malt ½ Td. Hans br. 1 Pd. Smør, 8 Kd. Malt, 1/3 Hud. 90 Aar g. Ole Olss: br. 1/2 Pd. Smør, 6 kd. Malt, 1/6 Hud. 30 Aar g. Tienestedreng: Niels Jonss: 18 Aar g. Ole Mognss: 12 Aar g. Henrich br. 1 Sp. Smør, 6 Kd. Malt, 1/4 Hud. 50 Aar g. Ole Ellingss: br. 1 Sp. Smør, 6 Kd. Malt, 1/4 Hud. 36 Aar g. Sønner: Mogns 7, Ole 5, Jon 2 ½ Aar g. Husmænd og Strandsiddere: Knud Hauss: 40 Aar g. Ole 50 Aar g. Herloff 40 Aar g.

Manntal 1701. Frøesetter: Olle Ellingsen 68 Aar. Søn: Elling Olsen hiemme 25 Aar. Josep Olsen 28 Aar. Søn hiemme Peder Josepsen 4 Aar. Peder Danielsen 58 Aar. Sønner: Hans Pedersen hiemme 25 Aar, Daniel Pedersen Hiemme 4 Aar. Anders Einersen 28 Aar. Sønner: Iver Monsen Hiemme 24 Aar, Henning Monsen hiemme 16 Aar (Merknad: Mons var ein av fira brukarar 1691).

Frøisæter. B.nr. 3, 12 og 26
Frøisæter. B.nr. 3, 12 og 26

Prøvematrikel 1721. Frøseter: Opsiddere: Sorenskriver Arnol­dus de Fine og Peder Danielsen. Saar 1/2 Td., høster 25 Td., Føder 32 Nød, 24 Faar, 2 Heste. Proprietærgods, ligger ved Søen, tungvunden, har ei saadan udmark som til fædrift tienlig er. Lidt bierkebrendefang og furuskoug til Gaardens fornødenhed, elles ingen herlighed uden en flomqvern hvorpaa ei mere males en til egen fornødenhed. En liden Laxeplads under, en mindre aarl. skat til Kongen. Aarl. skat 15 Rdl. 4 1/2 Mk. 10 3/10 sk.

Matrikeltaksten 1723. Frøsetter: 1 Mand, Sorenskriver de Fine. Landsk. 1 L. S., 1/2 Td. Malt, 1 Hud. Sorenskriver de Fine med bøxel tilhørende, som selfsamme bebor. Ingen Husmandsplads. Intet Sæt­ter. Brendeskoug og Fureskoug til Spær og Treug (Til sperr og tro eller traug?). En flomqvern. Et ringe Laxekast, ringe og uvis im-portanee, ei kand skatte (mer enn) 1 Rdl. Ligger ved Søen 6 Mil fra Bergen. Maadelig Kornart, og meget tungvunden. Samle 1/3 Høe med stor besværlighed af udmarken. Saar Havre 9 Td., Afler 32 Td. Føder 28 Kiør, 8 Ungnød, 12 Faar, 2 Heste. Takst efter matrikulen i Løb 2 Pd. 6 Mk. Smør. Forhøies 18 Mk. s. Under denne Gaard ligger et ringe Laxekast, som formedelst sin ringe importance kand skatte til Kongen 1 Rdl. (under dei andre gardane stend til slutt kva dei lever av, men det er ikkje medteke på Frøyset).

Brukarar. Då det sume tider hev vore 1, sume tider 2, andre tider 4 eller fleire osb., er det uråd å setja nr. på bruki fyrr i seinare tid.
1519 Troels åleina.
1522 Troels og Torgils.
1563, 1590 og 1600 Olluff åleina.
1603 Hans og Jaeob.
1615 Hans og Enchen (etter Jakob). Jakob hadde forbrote seg og vart dømd til døden.
1615 kjem Jetmund Knudsen på Enchen sitt bruk. Han svara 16 dl. i fyrstebygsel for 1/2 l.1. mele malt og ½ hud. “det Enchen ibedem brugt tilforn haver”.
1620 er komen ein Josep i Jetmund sin stad. Josep Andersen heiter han 1645, og er nemnd sisste gong 1657.
1645 sjå Kopskattmanntalet. Hans Olsen nemnd sisste gong 1668, og Henrich Torgilsen siste gong 1691.
1657 er det komen ein 4. jordbrukar, Olluff – Ole Ellingsen 1666. Han bur der ogso 1701.
1691 er det kome Peder Danielsen.
NB. 1648/49 er nemnd ein Hagen, nemnd berre den gongen. 1691 heiter den eine av dei 4 brukarar Mons. I hans stad er 1701 kome Anders Einarson, og i Henrik sin stad Josep Olson. På eit bruk. Me kallar det her: Bruk 1.

Foto: Gjert-Rune Daae