Og kalla Sprakane – ein plass under b.nr. 1
Mons Andersson Haugsøy f. 1844 på plasset Stigen, Haugsøy, d. 20/10 1912. 17/10 1869 g.m. Gjertrud Larsdtr. L. Sleire, f. 1839, d. 9/2 1914. Sjå Gunnarbuøyri under Molland, der far til Gjertrud var plassmann.
Born:
a. Andreas f. 16/3 1870, d. 2/10 1872.
b. Lovisa f. 5/8 1871.
c. Andrea f. 17/12 1873, d. 27/11 1876.
d. Anna f. og d. 1875,
e. Marta f. 26/1 1877, g.m. murar Bemt Olson Glosvik frå Gulen. Dotri Olina Bertina f. 29/5 1902.
f. Mikal f. 27/11 1884, g.m. Elisabet Gurina Martinsdtr. Lauvvik. Sjå paktarar Åsmundsbotten.
4/11 1872 festesetel frå Botolf Rasmusson til Mons Andersson Haugsøy på utmarksstykket Træet.
Plasset er no teke inn under b.nr. 1.