Bruk 3. Stølsneset

Utskilt frå b.nr. 2, 10/5 1898.


1  Bertil Jørgenson Austgulen frå Gulen, g.m. Brita Jensdtr..
Born: 
a.  Guri f. 1820.
b.  Johanna f. 1823.
c.   Andrea f. 1826, g.m. e.m. Klaus Erikson I. Haugsdal, b.nr. 1.
1819 festesetel hjå major Brügger på å rydja seg ein plass.

2  Jakob Åmundson Stegalvik f. 1803 på plasset Lurkhau­gen, d. 24/7 1881. 5/7 1867 g.m. Ingeborg Larsdtr. Andvik f. på b.nr. 6, 1829.
Born: Ludvig Severin f. 11/4 1868. Nr. 4 her på bruket.
Jakob hadde vore gift fyrr han vart g.m. Ingeborg. Då budde han på Rognøy. Sjå der. Festesetel til Jakob er ikkje tinglesen.

3  Halstein Pederson Knapskog frå Fjell f. 1836, d. 25/2 1910. 20/11 1883 g.m. e. Ingeborg Larsdtr. Torsvik, d. 12/1 1907.
Festesetel til Halstein er ikkje tinglesen.

4  Ludvig Severin Jakobson Torsvik f. 11/4 1868. 10/1 1890 g.m. Ingeborg Jakobsdtr. Bø, f. i Manger 1868, dotter til Jakob Knutson.
Born:
a.  Johanna Elida f. 26/3 1890.
b.  Andrea f. 30/8 1891, d. 18/9 1892.
c.   Jakob Bernhard f. 15/9 1892. Nr. 5 her på bruket.
d.   Hans Andreas f. 25/9 1895.
e.   Arne f. 16/9 1898.
f.    Julie Amanda f. 26/3 1901.
g.   Lyder Ingvald f. 11/7 1904, d. 20/2 1928. Lettmatros.
1898 skøyte frå Jonas Brügger til Ludvig Jakobson for 975 kr.

5  Jakob Bernhard Ludvigson Torsvik f. 15/9 1892, d. 12/11 1965. 10/6 1926 g.m. Gurine Johannesdtr. Holsøy f. 30/6 1903 på plasset Rotevik.
Born: 
a.)  Gerda Johanna f. 5/1 1928, d. 1945.
b.)  Ludvig f. 18/2 1930. Nr. 6 på bruket.
c.)   Aslaug Helene f. 29/5 1933, g.m. Svein Kaland, Fonnes i Austrheim. Bur der.
Deira born:
a.    Arvid Henning f. 1956.
b.    Jan Sigmnnd f. 1958.
c.    Anne Grethe f. 1959.
d.    Gerd Jorunn f. 1960.
e.    Irene f. 1962.
f.    Åse f. 1964.
———————————————-
d.)  Gunnar Leif f. 1948.
Gurine vart attgift med ein e.m. på Fedje og bur der. 16/3 1944 grbf. skøyte frå Ludvig Jakobson Torsvik til sonen Jakob for 2000 kr. og kår.

6  Ludvig Jakobson Torsvik, f. 18/2 1930, g. 31/12 1963 m. Agnes Melve f. 23/6 1931 på Voss.
Born:
a.  Torleif f. 28/4 1965, g. 28/5 1994 m. Ann Kristin Oen.
b.  Jostein f. 1/6 1967
c.   Geir Kåre f. 11/4 1972
Skøyte 11/10 1967 frå Gurine Torsvik til sonen Ludvig for 3000 kr og husrett.