Brukarar

Olaff nemnd åleine 1519 og 1522. Joen åleine 1563.

Mogens og Albrit nemnde fyrste gong 1603. Mogens er nemnd siste gong 1617 og Enchen styrer bruket til 1628. Albrit held fram på sin part til 1633. Frå 1612 og utyver var der ein tridje brukar, Erich. Han hev havt ein mindre jordepart, for han svarar Hus­mands og Ødejordskat. Kår lenge denne Erich hev vore på bruket er uråd å seia, for det kjem ein Erich til, so der er Erik i eit til 1668 og k. h. lenger. Denne siste Erich var etter alderen som var uppgjeven på han 1666, f. 1618, og han var bondelensmann saman med Klaus Molde 1649 til 1651, og heitte Erik Mogenson.

Frå 1635 kjem Oluff Olsen etter Albrit, og Anders Rasmusen er same året komen, truleg ettermannen til Erieh, som hadde ein liten part 1612. Anders nemnd siste gong 1662 og Oluff 1668. Då ein 1691 atter finn rekneskap som hev namn på brukarane, heiter dei: Mons, Jon og Gudmund. 1701 er det Mons Eriksen 72 år, Jon Eriksen 38 år, og so ein ny: Einar Larsen.

Det var 3 bruk på Risnes frå 1612 til 1832. Då vart garden delt i 2 jamstore bruk. Men 1878 vart det eine av dei 2 bruki delt i 2, og sidan hev det vore 3 hovedbruk.
Her vert no fyrst førd brukarane på eit av dei 3 gamle bruki, og frå 1878 vert det halde fram med brukarane på b.nr. 1.

Erik hev ein mindre jordepart 1612 og utyver. Kår lenge kan ein ikkje seia.

Anders Rasmusson nemnd fyrste gong 1625, siste gong 1662. Ved kvegskattmanntalet 1657 hev han berre 2 kyr, so då må han lete mesteparten av bruket til nr. 3, som då hadde 4 kyr, ei kvige og 2 geit.

Mons, nemnd fyrste gang ved kvegskattmanntalet 1657. Han kan for alderen sin part vera son til nr. 1, men det veit ein ikkje. Han hev året 1666 sonen Hemming 6 år gamal.

Mons Monsson. Han er 1701 sagd vera 38 år. Han er truleg son til nr. 3.
Born: 
a.   Lars f. 1698. Nr. 5 her på bruket.
b.  Margreta f. 1700.
Dagsett 16/3 1687 og tingl. på Remme, Alversund, 1/7 1687 bygselsetel frå Anders Morch til Mons Monsson på 1/2 l.s. 1/2 t. malt.

Lars Monsson Risnes f. 1698, d. kr. 1733. 1718 g.m. Synneva Olsdtr. Søre Høyvik (etter Ivar Hole).
Born: 
a.   Mons f. 1719.
b.  Ola f. 1724, g.m. e. Kari Jakobsdtr. Fjellsende, Lindås, 1754.
c.   Dordi f. ?, g.m. e.m. Sjur Hausson Hosteland 1741, b.nr. 5.
d.   Mons f. 1727, g.m. Magdeli Sjursdtr. Hosteland 1744. Bu­stad Hosteland, b.nr. 3.
e.   Jetmund f. 1728
f.    Jetmund f. 1730. Nr. 8 her på bruket.
g.   Inger f. 1732.
Dagsett 6/11 og tingl. 22/11 1717 bygselbrev frå Johan Matsen til Lars Monsson Risnes 18 mk. s.1 mele malt og dagsett 17/12 1724 bygselbrev frå Kristen Krag til Lars Risnes på 18 mk. s.1 mele malt.

Ola Hansson Dale frå Gulen. 1734 g.m. e. Synneva Olsdtr. Risnes.
Born: 
a.   Kari f. 1734.
b.  Kristi f. 1737.
Dagsett Stavanger 16/3 1737 og tingl. 25/8 1737 bygselbrev frå amtmann lagmann Henning Frimann til Ola Hansson Dale ½ 1. s. ½ mele malt i Risnes.

Ola Andersson Hosteland f. 1711 på b.nr. 3, d. 1764. 1742 g.m. e. Synnevar Olsdtr. Risnes, d. 1761. Skifte då.
26/4 1742 bygselbrev frå Anna Margretha Sal. Krag på justits­råd Frimanns vegne til soldat Ole Anderson Hosteland ½ l. s. ½ t. malt i Risnes.

Jetmund Larsson Risnes f. 1730 her på bruket, d. 1763 på “Hospitalet i Bergen”. 1760 g.m. Lisbet Hognesdtr. Haugsver, f. 1733 på b.nr. 4.
10/10 1760 tingl. bygselsetel frå “Anna Sal. justitsraad Frimann” til Jetmund Larsson på 18 mk. s. Stykfaren Ola Andersson sit endå med hin halvparten av bruket.

Matias Larsson Totlandsdal f. 1732, d. 1772? 1763 g.m. e. Lisbet Hognesdtr. Risnes.
Born: 
a.   Lars f. 1765, d. 1766.
b.  Jetmund f. 1767, g.m. Gjertrud Ivarsdtr. Ynnesdal frå Brekke. Bustad Andvik, b.nr. 5.
14/11 1763 tingl. bygselbrev frå e. etter Frimann til Matias Larsson 18 mk. s., i mele malt, og 25/4 1764 tingl. bygselsetel frå Frimann til Matias Larsson 18 mk. s.1 mele malt.

10  Klaus Sjurson Frøyset f. 1747, d. 1786. 1773 g.m. e. Lisbet Hognesdtr. Risnes.
Born: 
a.   Malena f. 1773, d. 1792.
b.  Matias f. 1777, d. 1785.
1840 1773 bygselbrev frå magister Ludvik Daae til Klaus Sjur­son 2 pd. 6 mk. s.

11  Ola Rasmusson Nordland f. 1762 på b.nr. 5, d. 14/4 1850. 1786 g.m. e. Lisbet Hognesdtr. Risnes, d. 1812. 1814 g.m. Dordi Johannesdtr. Stegalvik f. 1783. Ho flutte til Sunnfjord med sonen Rasmus og døydde der 1863.
Born: 
a.   Olia f. 1798. Avla med gj. Anna Gjetmundsdtr. Risnes.
b.  Elisabet f. og d. 1815. Presten hev no teke til å skriva Elisabet istadenfor Lisbet.
c.   Rasmus f. 1896, g.m. Marta Hansdtr. Haugsøen 1/7 1849. Reiste fyrst til Sunnfjord og sidan til Amerika. Sjå Haugsøen.
d.   Siri f. 1819, g.m. Magne Haldorson Tvibornes, Lindås 1840. Bustad der.
1786 bygsel frå madam Daae til Ola Rasmusson 2 pd. 6 mk. s. Ola gav 1832 upp bygsli og fekk kår.
1832 vart dette bruket slege saman med dei tvo andre bruki på Risnes og garden vart delt i 2 like bruk, og nr. 12 her fekk det eine av dei tvo nye bruki. Det bruket vart 1878 delt i 2, dei noverande b.nr. 1 og 2.

12  Ludvik Gerhardson Daae, Frøyset f. 1797, d. 2/10 1836. Drukna på rotur frå Fonnebust. 1825 g.m. Lisbet Jonsdtr. Austgulen. f. i Gulen, dotter til Jon Ottesen.
Born: 
a.   Marta Maria f. 1826. Sjå under nr. 14 her på bruket.
b.  Johanna f. 1829, g.m. Kristen Hansson Byrknes frå Haugsøen.
c.   Karen Andrea f. 1832, g.m. Jakob Ivarson Areklett, bustad Haugsvær b.nr. 6 og 8.
d.   Hans Andreas f. 1835, d. 1836.
1832 skøyte frå Gerhard Daae til sonen Ludvig for 300 spdl. og kår som Arne Hogneson på b.nr. 3.

13  Erik Erikson Tangedal f. på b.nr. 1, 1812, d. 11/10 1860. 1837 g.m. e. Lisbet Jonsdtr. Risnes, d. 26/4 1854, 52 år gamal

14  Martinus Hansson Daae frå Frøyset f. 1830 på b.nr. 4, d. 14/11 1874. 27/6 1854 g.m. Marta Maria Daae, Risnes f. 1826, d. 19/3 1916.
Born: Elisabet f. og d. 1867.
Ved skifte etter Ludvig Daae vart bruket utl. på dotri Marta Maria for 600 spdl.

15  Torgeir Rasmusson Haugsvær f. 1833 på b.nr. 6 og 8, d. 14/8 1899. 3/7 1860 g.m. Dortea Hansdtr. Daae, frå Frøyset.
Born: 
a.   Rasmus Gjertin f. 25/9 1860. Nr. 16 her på bruket.
b.  Hansina Sofia f. 3/4 1866, g.m. Henrik Larsson Børnes. Sjå b.nr. 2 her på Risnes.
5/2 1878 vart denne halvparten av Risnes delt i 2 bruk – no b.nr. 1 og 2. b.nr. 1 vart 1878 fyrst bygsla til Torgeir Haugsvær, og sidan same året seld til sonen Rasmus Torgeirson for 4000 kr. 6/7 1878 makeskifte med Jakob Ivarson Areklett slik at Torgeir fær b.nr. 2 på Risnes, og Jakob Areklett fekk b.nr. 6 og 8 på Haugsvær.

16  Rasmus Torgeirson Risnes f. på Haugsvær 25/9 1860. 9/7 1886 g.m. Helena Rognaldsdtr. Y. Haugsdal f. 5/10 1864 på b.nr. 6.
Born:
a.   Torgeir Martinus Daae f. 19/3 1887. Reiste til Amerika.
b.  Ragvald 24/10 1889, d. 13/11 1890.
c.   Ragna f. 29/2 1891. Reiste til England.
d.   Lovisa Dorthea Rasmusdtr. f. 27/9 1893, g.m. Andreas Jonson Askeland, bonde på Totland i Fana.
e.   Alfred f. 17/12 1895. Reiste til Amerika. Kom burt i ein snøstorm.
f.    Henrik f. 22/2 1897, d. “antagelig” 9/11 1919. Omkom på D/S Polar Land i Amerika.
g.   Sverre f. 20/6 1900, d. på Hosteland 1/7 1921. Var sjømann.
h.   Marta Maria f. i Haus 9/11 1905.
Rasmus selde bruket og kjøpte gard i Fyllingsdalen i Fana. Selde den og pakta eit bruk på Haukeland i Haus. Der d. han. Kona d. i Y. Haugsdal.

17  Hans Henrikson Wergeland frå Brekke. 25/6 1898 g.m. Ida Martina Gjertsdtr. Hosteland f. 26/6 1876 på b.nr. 2.
Born f. på Risnes: Gerhard f. 23/8 1904.
8/6 1903 skøyte frå Rasmus Torgeirson Haugsvær, Risnes, til Hans Henrikson Wergeland for 6000kr.

18  Henrik Andreas Larsson Børnes f. 1856 i Sund, d. 23/3 1917. 10/10 1890 g.m. Hansine Sofie Torgeirsdtr. Haugsvær f. ¾ 1866 d. 25/8 1929.
Born: 
a.   Dortea Maria f. 26/9 1891, g.m. Bernt Martin Andreasson Strøm f. på I. Hope b.nr. 1. Sjå om han under utflytte der.
b.  Laura Teodora f. 14/10 1892, d. 17/1 1896.
c.   Solveig Ragnhild f. 28/5 1894, d. 13/12 1922.
d.   Lars f. 27/3 1896, d. 22/12 1922.
e.   Laura Sofia f. 25/12 1897, g.m. Vilheim Mikal Tørreson Børnes, Sund, 24/5 1925. Son til Tørris Knutson. Bur der. Død august 1969.
f.    Tora Andrea f. 25/12 1897. Budde i Sund. Død desember 1957.
g.   Torgeir Magnus Daae, f. 28/9 1899. Sjå b.nr. 2.
h.   Rasmus Bertin f. 17/10 1901, d. 11/11 1901.
i.    Ragnvald Bertin f. 3/9 1902, d. 10/5 1930. Han var lærar.
j.    Marta Maria f. 3/9 1902. G. i Sund.
k.   Martinus Daae f. 27/6 1905. Nr. 19 på bruket.
l.    Henrik f. 27/6 1905, 4/2 1961 g.m. Signe Larsdtr. Hustad frå Sunnmøre. Dei bur i Amerika.
m.  Hansina Ragnhild f. 17/1 1908. Sjå b.nr. 2.
n.   Magnus Olav f. 16/7 1910, 14/9 1940 g.m. Agnes Kristine Kaastein, cand.philol. f. 30/5 1911 i Lunde i Telemark. Han er direktør i livstrygdelaget Andvake.
Deira born:
a.    Halldis, adjunkt f. 28/7 1941, 3/7 1965 g.m. Bernardo Fulentes f. 11/3 1919 i Madrid i Spania.
Born:
Alexander f. 14/6 1969.
b.  Ingunn Kjersti, lektor f. 11/5 1944. 19/8 1967 g.m. lektor Kolbjørn Hellevik f. 8/10 1942 frå Brattvåg på Sunnmøre.
Born:
a.  Magnus f. 22/12 1968.
b.  Maria f. 4/8 1972.
c.  Toril, stud. pbilol. f. 23/10 1946.
d.  Aune Elisabet, stud. philol. f. 5/3 1951.
—————————————————–
o.   Signy Elisabet f. 19/10 1912. Tilsynslærar i Oslo.
16/9 1905 skøyte frå Hans Henrikson Wergeland etter odelslysning til Hansine Sofie Torgeirsdtr. og mann Henrik Andreas Larsson Børnes for 6700 kr. Børnes åtte ogso b.nr. 2, og Wergeland flytte då til Vestfold, der han kjøpte garden Robak i Våle.

19  Martinus Daae Henrikson Børnes f. 27/6 1905, d. 29/3 1989. Gift 2/10 1934 m. Agnes Gerhardsdtr. Daae, f. 7/7 1914 på Frøyset b.nr.4 (5d), d. 20/12 1989
Born: 
a.)   Harald Daae f. 17/2 1935, g. 7/4 1962 m. Aud Bjarnedtr. Lohne frå Askøy. Sjå b.nr.13.
b.)  Gerhard Hans Daae f. 20/4 1938
c.)   Lars Daae f. 2/2 1943, g. 10/7 1971 m. Wally Leifsdtr. Furnes frå Gulen. Dei bur i Bergen.
Deira born:
a.    Kjetil Daae f. 30/8 1972
———————————————-
d.)   Torgeir Henrik Daae f. 21/2 1955, g. 4/6 1983 m. Marta Midtbø. Nr. 20 her.
Skøyte 16/9 1921 frå Hansina Sofia Børnes til sonen Martinus for 3500 kr og kår.

20  Torgeir Henrik Daae Børnes f. 21/2 1955 (19d), g. 4/6 1983 m. Marta Midtbø f. 22/5 1956 på Hosteland b.nr.7 (13c)
Born: 
a.   Morten f. 15/9 1985
b.  Agnete f. 18/9 1989
Skøyte 30/12 1974 til Gerhard Daae Børnes og Torgeir Daae Børnes på b.nr. 1 og 4 for 30000 kr.