Um namnet seier O. Rygh at det kjem av ris, krattskog og nes.
Gamle skrivemåtar: Namnet hev for det meste vore skreve Risnes. 1519, 1608 og mest alle år frå 1608 til 1636. Undantak: I Hartvik Krummediks “Fortegnelse over Jordegods i Norge” som tek til 1456 er namnet skreve Riisnes. 1522 Rijsnes. 1612/13 ein gong Risunes. 1645 og 1657 atter Risnes. 1666 ein gong Riisnes og ein gong Rijsnæs. I matriklane: 1665 Risnes. 1718 og 1723 Risnæs. 1838 og sidan Risnes.
Grensor: I sud til Hosteland, i vest til fjorden, i nord til Frøy- setstraumen og i aust til Austevågen millom Frøyset og Risnesmarki.
Eigedomstilhøvi: Kring år 1500 var Hartvik Krummedike eigar av garden. I jordeboki hans heiter det: Item halse oc riisnes renter j tynne s…… (selspek). 1624 høyrde garden til Bildegodset. 1648 heiter eigaren Christoffer Gøe. 1664/68. Bispen (Schieldrup) eier og bøxler. 1668
Tomas Sehieldrups arvinger. Ein mann som på arvingane sine vegne bygslar garden burt, heiter Anders Morch.
Han bygslar burt bruk på Risnes 1687, 1690 og 1694. I 1691 stend Korskyrkja i Bergen som eigar, so det kan hende at Morch er forvaltar for kyrkja. Frå 1696 til 1718 er sokneprest til Lindås, Johan Matsen, eigar. E. etter Matsen vert attgift med amtmann Henning Frimann, og soleis vert han eigar. So er det ein Christen Krag eller Krog som steller med burtbygslingi 1720, 1725 og 1729, men det må vera på vegne av Frimann, for 1734/35 bygslar Frimann sjølv burt bruk på Risnes. 1742, 1760 og 1763 bygslar e. etter Frimann, Anna Margretha Krag burt bruk på Risnes. 1764 og 1769 bygslar Frimann burt bruk. Det må vera ein son av Henning F., dagsett 3/1 1771 og tingl. 27/5 auksjonsskøyte ved sorenskrivar Garmann til Jørgen Morsing 1½ l. s., 1½ t. malt for 429 rdl. Men same året vert sokneprest til Lindås, magister Ludvig Daae, eigar. 1788 tingl. skiftebrev etter Daae og fru Chatrine. Garden vert då utl. på sonen, fenrik, seinare løytnant Gerhard Daae. Han budde på Frøyset. 1832 fekk han den eine av dei tre brukarane til å gjeva frå seg bygselretten og svara han kår. So vart Risnes delt i tvo like bruk. 2 sd. 6 mk. s.3 melar malt kvar, og selde det eine til dottermannen, Arne Hogneson Risnes og det andre til sonen, Ludvik Daae, kvart for 300 spdl. og kår.
Sjå nedanfor under dei einskilde brukarar.
Gamle matriklar og teljingar
Kopskattmanntal 1645. Risnes: Erich Mogensen. Ko: Anne. 2 Th. Thøser. Oele Oelsen. Ko: Morte. Anders Rasmusen. Ko: Ingeborg. Dat: Giertrud. Husmand Magne. Ko: Berete.
Kvegskattmanntal 1657. Risnes: Erich, 1 Hest, 1 Oxe, 8 Kiør, 1 Quie, 4 Gieder, 6 Faaer. Olluff: 1 Hest, 5 Kiør, 1 Quie, 4 Gieder, 6 Faaer. Anders: 2 Kiør. Mogens: 4 Kiør, 1 Quie, 2 Gieder.
Skattemanntal 1666. Rijsnæs. Skylder Smør 1½ Løb. Malt 1½ Td. 3 Mand. Bruger lige meget (kvar) ½ L. S. 1/2. Td. Malt. Opsiddere: Erich 48 Aar g. Søn Erich 6 Aar g. Tienestedreng Baard 28 Aar g. Mogns 41 Aar g. Søn Hemming 6 Aar g. Tjenestedreng, gammel soldat, Nids 30 Aar g. Ole 60 Aar g. Søn Lawritz 12 Aar g. Tienestedreng Mogns Mogass: 20 Aar g. Under Huusmænd og Strandsiddere Christen 80 Aar g.
Matrikel etter reskript frå 1665. Risnes giver Landsk. S. 1½ L. Malt 1½ Td. Saar 6 Td., afler 15 Td. Føder 27 Nøed, 2 Heste. Kan tiende 2½ Td. Smaaskatter 1 Rdl. 1 Mk. 10 Sk. Smaatiend 1 Mk. Kan skatte af 2 Løber Smør. Brendefang och noget til husbehoef.
Manntal 1701. Risnes: Mons Erichsen 72 Aar. Einer Larsen 58 Aar. Sønner hjemme, Iver Emersen 20 Aar, Mons Einersen 16 Aar, Olle Einersen 9 Aar. Joen Erichsen 38 Aar. Søn hiemme Erich Joensen 3 Aar. Tienestekarle eller Drenge: Soldat Lars Erichsen Sandnes 30 Aar, Erich Monsen Frøeseter 12 Aar. Mons Monsen, 38 Aar. Søn Hiemme Lars Monsen 3 Aar. Tienestedreng Niels Andersen Totlandszvig 17 Aar.
Prøvematrikel 1721. Riisnæs Mons Monsen, Jetmund Olsen, Ole Erichsen. Skal vera Einarson. – Sår 10½ Td., høster 33 Td. Føder 33 Nøed, 32 Faaer, 3 Heste. Proprietærgods, ligger ved Søen, ei meget tungvunden, maadelig jordart. Bierke- og Furebrendefang samt husfornødenhed, men ei af nogen betydning. 1 liden flomqvern, 1 flomsag, som staar til nedfals. Ellers ingen herlighed. Aarl. skat 18 Rdl. 3 Mk. 11 2/20 sk.Matrikeltaksten 1723. Risnæs: 3 Mand: Mons, Lars og Gietmund. Landsk. 1½ 1 s. 1½ Td. Malt. Amptmand Frimann med bøxel tilhørende. Intet Hnsmandsplads. Intet Sætter. Brendeved og furuskoug til husfornødenhed. Ingen herlighed uden en ringe flomqvern. Intet fiske angivet. Ligger ved Søen 6 Mil fra Bergen. God kornart og ringe til Høe, schels letvunden. Saar Hafre 10½ Td., afler 37 Td. Føder 24 Kiør, 12 Ungnød, 32 Faar, 3 Heste. Lever af Qvegets afling og lit brændefang at sælge. Taksten efter matrikulen 2 L. Smør. Forhøiet 18 Mk.
Foto: Gjert-Rune Daae