Utskilt frå b.nr. 5, 5/11 1913. Skyld 4 ø.
Skøyte frå Baste Bertin Erikson Rambjørg til Martin Andersson og lagd inn under b.nr. 8.
Rambjørgviki og Hamnen.
1 Hans Monsson Rambjørg, f. 1807 på b.nr. 3 og 4, d. 18/7 1885. 1831 g.m. Brita Knutsdtr. Leikvoll frå Seim, f. 1807, d. 3/11 1877. 20/8 1880 g.m. Marta Gregoriusdtr. Rambjørg f. 23/3 1844, sjå nedanfor.
Born:
a. Synneva f. 1832, g.m. Lars Pederson Langedal, Fedje 18/7 1860.
b. Mons f. 15/8 1834, d. 11/3 1872.
c. Kari f. 9/6 1840. Det må vera ho som er g.m. Hans Trulsson Knarvik. Hev ikkje funne noko um kva tid dei var gifte.
d. Knut f. 20/12 1844, d. 2/7 1863.
Hans Monsson åtte b.nr. 3 og 4, men dei bygsla han fyrst burt, og 27/5 1880 er tingl. skøyte frå Hans Monsson på b.nr. 3 til dottermannen Hans Trulsson Knarvik, og på b.nr. 4 til dottermannen Lars Pederson Langedal. Han fekk 400 kr. for kvart bruk. Hans tok undan at han skulde disponera Hamnen og Rambjørgsviki.
2 Gregorius Larsson Tangedal, f. 1822 på b.nr. 4, d. 14/8 1885. 28/6 1846 g.m. Henrikka Hansdtr. Rambjørg f. 1821 på b.nr. 6, d.5/2 1901.
Born:
a. Marta f. 23/3 1844 fyrr foreldri var gifte. Marta g.m. Hans Monsson 20/8 1888. Sjå ovanfor.
b. Lars f. 6/6 1847.
c. Kristen f. 7/1 1851, g.m. e. Rakel Vilhelmsdtr., e. etter bror hans, sjå nedanfor. Kristen og Rakel budde i Solheimsneset under g.nr. 44.
d. Martinus f. 4/8 1853.
e. Anna f. 20/2 1857, g.m. e.m. Jakob Hansson Hatlevik 2/9 1921.
f. Ola f. 3/5 1859. Sjå nedanfor.
g. Hans f. og d. 1862.
h. Hans f. 13/3 1864.
Gregorius kallast fyrst inderst og seinare plassmann. Han hadde ingen ting å gjera med plasset Hamnen, men hev truleg fenge budd i Rambjørgsviki hjå Hans Monsson, fyrst som inderst og sidan fenge rådd over det plasset. Nokon festesetel er ikkje tinglesen.
3 Ola Gregoriusson Rambjørgsviki, f. 3/5 1859, d. 2/1 1887. 1/9 1882 g.m. Rakel Vilhelmsdtr. Grindheim frå Manger, f. 1856.
Born:
a. Vilhelm f. og d. 1882.
b. Gabriel f. 13/4 1884. Til Amerika 1902. Ola budde som inderst på Rambjørgsviki. Dette bruket er 16/12 1918 lagd til b.nr. 8.