Bruk 5

Ola Olson. 1701 var han 51 år, d. 1703. Skifte då. g.m. Inger Nilsdtr.
Born: 
a.  Nils f. 1799. Nr. 3 her på bruket.
b.  Dordi f. 1801.
27/6 1696 tingl. bygselbrev frå Peder Busch til Ola Olsen ½ l. 2 mk. s.

Ola Olson. Truleg g.m. e. etter nr. 1.
Frå 1701 til kring 1730 er det 5 mann på St. Sleire, og 4 av desse bruki er i dette tidsrom upptekne av namngjevne menn, so Ola Olson må havt dette bruket, endå ein ikkje hev funne bygsel til han. 1720 fær han som hine uppattnying på bygsli, men då på ½ 1. s. Kallast då Ole Frøysetter, truleg til brigde frå 2 andre Ola’er.

Nils Olson St. Sleiref. 1699, d. 1771. Namnet på kona veit ein ikkje.
Born: 
Ragnhild f. 1722. Sjå under nr. 4 her på bruket.
24/4 1741 tingl. bygselbrev frå Ingeborg Busch til Nils Olson på ½ l. s. At Nils ikkje fær bygsel fyrr han er over 40 år, tyder på at han hev havt stykfar som hev sete med bruket.

Hans Olson Hostelandf. kring 1720, truleg på b.nr. 5, d. 1783.1748 g.m. Ragnhild Nilsdtr. St. Sleire, f. 1722.
Born: 
a. Kari f. 1748.
c.  Ola f. 1751, g.m. Guri Hansdtr. Rambjørg. Bustad Ram­bjørg b.nr. 7.
d.   Anders f. 1753.
e.   Sjur f. 1755, g.m. Sygni Danielsdtr. Rambjørg 1779. Bustad der, b.nr. 1.
f.    Ragnhild f. 1758.
g.   Gunhild f. 1761.
h.   Inga f. 1765. Kring 1786 g.m. Johannes Danielson Ram­bjørg. Bustad Y. Haugsdal, b.nr. 3.
i.    Magdeli f. 1773. Sjå under nr. 6 her på bruket.

30/5 1749 fekk Nils Olson auksjonsskøyte på bruket, men selde same året til lensmann Oddekalv i Solund, men han hev sidan kjøpt bruket att, for ved skifte etter Nils Olson 1776 er bruket utl. på dottermannen, Hans Olson.

E.m. Anders Hansson Torsvikf. 1752, d. 1836. Hadde fyrr vore gift og budd i Areklett, b.nr. 2. 1783 g.m. e. Ragnhild Nils­dtr. Bakke (tunsnamn), d. 1805.
Ved skifte etter Hans Olson 1783 vart bruket utl. på e. og borni og same året fær Anders Hansson skøyte hjå stykborni for 30 rdl. Eig då alt.

Henrik Halvardson Duesundf. 1766 på b.nr. 1, d. 1822. 1797 g.m. Magdeli Hansdtr. St. Sleire f. 1773 her på bruket.
1797 skøyte frå Anders Hanssonn til Henrik Halvardson Due­sund og kona Magdeli Hansdtr. halve bruket, 18 mk. s. for 40 rdl.

Rasmus Monsson Lauveidetf. 1793, d. 16/5 1845. 1823 g.m. e. Magdeli Hansdtr. St. Sleire, d. 1873.
1823 skifte etter Henrik Halvardson ½ l. s. utl. på e. Magdeli Hansdtr. for 360 rdl. mot at ho svara pengar til Henrik sine sysken og til borni av hennar eigne sysken.

Halvard Bergsvikfrå Austrheim, systerson til Henrik Halvardson f. 1817, d. 21/2 1882. 1/7 1846 g.m. Ragnhild Olsdtr. Lauveidet f. 1823, d. 8/4 1896.
Born: 
a.  Rasmus f. 6/10 1847, d. 31/7 1859.
b.  Margreta f. 9/12 1849, d. 6/1 1862.
c.   Siri f. 13/10 1851, g.m. Elias Hansson L. Sleire. Sjå b.nr. 6 på St. Sleire.
d.   Olina f. 21/6 1853. Var i Amerika ei tid, d. i Norig.
e.   Erika f. 1856, d. 1857.
f.    Henrik Andreas f. 6/8 1860. Nr. 9 her på bruket.
g.   Margreta f. 26/1 1863. Bur i Oslo, ugift.
h.   Lovisa f. 23/4 1866. Lærarinne i Trøndelag.

6/8 1845 skøyte frå Magdeli Hansdtr. på d.b. m.m. til Halvard Olson.

Henrik Andreas Halvardson St. Sleiref. 6/8 1860. 5/6 1884 g.m. Lovisa Sjursdtr. St. Sleire f. 14/3 1865 på b.nr. 7.
Born: 
a.  Andrea f. 20/10 1885.
b.  Ragnhild f. 1888, d. 1889.
c.   Halvard f. 1890, d. 1892.
d.   Halvard Severin f. 12/1 1893.
e.   Hanna f. 8/8 1895.

19/5 1884 vart b.nr. 6 utsk. frå b.nr. 5, og same dagen skøyte frå e. Ragnhild Olsdtr. til sonen Henrik Andreas på b.nr. 5 for 1560 kr. og kår (600 kr.) Henrik selde bruket og kjøpte gard i Lillebergen.

10  Ivar Kristenson Sandnes f. 4/8 1850 på Sandnesneset, d. 26/10 1936. g.m. Johanna Ingebrigtsdtr. Særvoll frå Strandvik, f. 24/5 1850. Dei budde fyrst i Reknesøy, b.nr. 3 under Reknes. Der var borni fødde.
Born: 
a.  Berta Kristina f. 27/3 1874, g.m. Ludvig Monsen L. Sleire, b.nr. 2.
b.  Ingeborg Gurina f. 3/11 1875, g.m. Rognald Johannesen, b.nr. 3, Areklett.
c.   Kristen f. 3/2 1878. Nr. 11 her på bruket.
d.   Edvard f. 15/4 1880. Reist til Amerika, g.m. ei tysk dame.
e.   Ingvald Johan f. 7/10 1882. Bustad St. Sleire, b.nr. 1.
f.    Eirik Andreas f. 1/8 1885. Utvandra til Amerika.
g.   Karl Amandus f. 5/12 1888. Utvandra til Amerika.
h.   Mathilde f. 10/3 1890, g.m. Halvard Eliasson St. Sleire b.nr. 6.
i.    Harald f. 22/11 1893, g.m. Gurina Larsdtr. Aksnes. Ho dotter til Lars Simonson Aksnes, f. 1897 i Hardanger. Harald politikonstabel i Bergen.

18/1 1897 tingl. skøyte frå Henrik Andreas Halvaldson St. Sleire til Ivar Kristenson Sandnes for 4800 kr.

11  Kristen Ivarson Sandnesf. 3/2 1878. 18/6 1902 g.m. Lovisa Larsdtr. Kjellbu f. 4/3 1877 frå Gulen. Dotter til Lars Jakobson.
6/12 1906 skøyte til Ivar Kristenson til sonen Kristen for 3400 kr. og kår til foreldri (800 kr.)

12  Erling Fanebustfrå Fanebust i Lindås. Han hadde bru­ket ei tid i krigsåra. Ein har ikkje kjenskap til skøytet til han frå Kristen Ivarson Sandnes.

13  Harald Johan Jakobson Kjelby f. 25/5 1912 i Gulen, g. 7/6 1942 m. Ingrid Marie Iversen f. 27/8 1917 i Bergen, d. 28/1 1968.
Born: 
a.  Gerd Karin f. 23/6 1943, g.m. Arne Haugsdal. Sjå Hosteland b.nr.38.
b.  Kristen Leidulf f. 15/7 1947, g.m. Åse Botnen f. 4/7 1947 i Brekke. Sjå Duesund b.nr.31.
c.   Jarl Bjarne f. 20/4 1957.
Skøyte 8/5 1947 frå Erling Fanebust til Harald Kjelby og kona for 10000 kr og kår til Kristen Sandnes.