– Utskilt frå b.nr. 6, 17/12 1928. Fyrr kalla Bakken
1 Erik Monsson Haugsdal, f. 1782 på b.nr. 6, d. 25/11 1852. 1810 g.m. Kari Johannesdtr. Byrkjeland f. 1788 på b.nr. 1 og 2. Erik budde fyrst på Risnes.
Born:
a. Jetmund f. 1811. Nr. 2 her.
b. Kari f. 1818, g.m. Jon Johannesson Byrkjeland, b.nr. 1 og 2.
c. Olina f. 1822, d. 13/6 1892. Fatiglem.
d. Orlaug f. ? Ho fekk sonen Rasmus med Rasmus Nilsson Haugsdal 1837. Sjå under b.nr. 3. Orlaug flytte til Bergen.
2 Jetmund Erikson Haugsdal, f. 1811, d. 21/10 1845. Sette livet til ved eit fall i ein elvos, Logja på garden Lauveidet 14/6 1845 g.m. Gjertrud Ivarsdtr. Haugsdal frå b.nr. 6, f. 1803.
3 Hans Larsson Andvik, f. på b.nr. 5, 1805, d. 16/7 1894. 9/8 1846 g.m. E. Gjertrud Ivarsdtr. Haugsdal, d. 30/10 1852. 1853 g.m. Gjertrud Hansdtr. Hatlevik f. 1814, d. 11/3 1898.
Born:
a. Gjertrud f. 2/1 1854, g.m. Jakob Hansson Hatlevik. Bustad Hatlevik.
b. Johanna f. 27/8 1856. Sjå nedanfor under inderstar.
7/5 1846 festesetel frå Ola Ivarson til Hans Larsson Andvik og kona Gjertrud Ivarsdtr. på plasset Bakken.
NB. Noko feste til nr. 1 og 2 er ikkje tingl., men dei budde i Bakken.
4 Erik Stefenson Elvik, f. 1859 på b.nr. 2, d. 1/9 1921. Gift 24/6 1890 m. Kristina Ivarsdtr. Mjanger f.3/7 1863 på b.nr. 4, d. 4/5 1917.
Born:
a. Brita f. 24/4 1891, g. 15/6 1923 m. Benjamin Peterson Haugsdal, b.nr. 1.
b. Anna f. 21/12 1893, d. 13/10 1932.
c. Ivar f. 11/12 1894. Utvandra til Amerika.
d. Sigurd f. 25/9 1896, d. 25/9 1931
e. Kaspar f.30/8 1898. Utvandra til Amerika.
f. Sverre Johan, f. 26/7 1900, g. 1938 m. Maria Romarheim. Bustad her, b.nr. 10.
g. Oliver Martin f. 25/12 1903, g.m. Guri Bleie. Bustad Indre Haugsdal b.nr. 1
h. Olav f. 18/12 1905
i. Eugen Karsten f.4/8 1908, d. 18/12 1985.
27/10 1890 festesetel frå Rognald Olson Haugsdal til Erik Steffenson på plasset Bakken. Kår til Hans Larsson og Gjertrud Hansdtr.
5 Trygve Olson Haugsdal, f. 29/9 1907 på b.nr. 6 (7g), d. 27/8 1961. Gift 31/12 1936 m. Brita Gjertsdtr. Daae, f. 10/3 1916 på b.nr. 3 på Frøyset (2a).
Born:
a. Olav f. 15/10 1937, d. 23/11 1961.
b. Gjermund f.8/10 1939, d. 21/11 1961. Gift 27/5 1961 m. Gunnhild Lid f. 1/11 1942 i Norheimsund.
Deira born:
a. Gjermund f. 25/1 1962
c. Ragna f. 18/4 1941, g. 4/7 1964 m. Olav Atle Vabø. Bur på Hosteland b.nr. 44.
d. Ragnvald f. 26/5 1946. Nr. 6 på bruket.
e. Svein f.7/8 1947, g. 7/8 1971 m. Gerdun Lund. Bur her på b.nr. 21.
f. Jostein f. 24/9 1950, g. 29/7 1972 m. Lillian Berit Kjeilen. Bur her på b.nr. 22.
Skøyte 17/12 1929 frå Josefina Haugsdal til sonen Trygve for 1000 kr.
6 Ragnvald Haugsdal, f. 26/5 1946, g. 2/9 1967 m. Gunhild Lid, enkja etter broren Gjermund.
Born:
a. Arn Tore f.5/6 1968
b. Jan Åge f.6/8 1969
c. Jarle f, 4/2 1973
Ekteskapet er oppløyst.
Ragnvald Haugsdal attgift 16/7 1993 m. Sigfrid Bjarke, f. 27/7 1948. (Sjå Hosteland b.nr. 8, 8b.)
Skøyte 21/9 1970 frå Brita Haugsdal til Ragnvald Haugsdal og kona for 8000 kr og husrett.
Inderst hjå nr. 2:
Johannes Rasmusson Stordal, f. Stordal under Fosse 9/8 1850. 16/6 1880 g.m. Johanna Hansdtr. Haugsdal f. her på bruket 27/8 1856.
Born:
a. Kari f. 1880, d. 1881.
b. Rasmus f. 17/11 1881.
c. Gina f. 1883, d. 1884.
d. Hans f. 22/2 1886.
e. Gjertrud f. på Risnes 23/11 1888.
f. Klara f. på Risnes 31/7 1891.
g. Andrea f. på Risnes 3/11 1893.
Johannes fekk rydja seg plass i utmarki på Risnes og budde der ei tid. Han vart då kalla Jo’ans i Skogjen. Han forlet plasset og kjøpte seg gard i Etne.
Husmann.
Knut Sjurson L. Sleire, f. 1794 på b.nr. 4, d. 20/4 1849. g.m. Guri (Gyri) Johannesdtr. Y. Haugsdal f. 1795 på b.nr. 3.
Born:
a. Brita f. 1820, d. ?
b. Johannes f. 1823, g.m. Dordi Tronsdtr. Kvingedal frå b.nr. 4, 1861.
c. Brita f. 1825, g.m. E. M. Jørgen Klausson Lauvvik 28/11 1893. C. fekk sonen Kristen 14/2 1853. Uppgjeven barnefar Helge Helgeson frå Voss. Kristen budde i Reknesøy. 25/1 1858 fekk ho dotri Margreta med gift mann Jørgen Klausson Lauvvik og 19/4 1862 fekk ho dotri Pernilla med Peter Ola Jonson.