Bruk 4 – Øvrebakken (Stegebotten) og 5

1841 var det delings- og skyldsetningsforretning, slik at b.nr. 3 vart utsk. frå b.nr. 4, og seld til Gerhard Daae av Rasmus Nilsson sjølv sat Rasmus att med Stegebotten og noverande b.nr. 5.
11/5 1860 skøyte frå Rasmus Nilsson til Sjur Olson for 210 spdl. og kår, og kårebrev frå Sjur Olson til Rasmus Nilsson og Kari Jonsdtr. Sjå nedanfor nr. 1 og 2.

1 – Rasmus Nilsson Haugsdal, den same som er nr. 8 på bruket fyrr det var delt upp i mindre bruk. Han hev brukt den luten som no er b.nr. 4 og 5, frå 1841 til 1860.

2 – Sjur Olson Risnes, f. 1825 på Stikkeneset under Risnes. 3/7 1860 g.m. Lisbet Olsdtr. Rognøy, f. 1832.
Born:
a. Johanna f. 23/9 1860, d. 17/5 1862.
b. Johan f. 12/10 1862.
c. Ola f. 8/7 1865.
d. Olai f. 4/12 1866.
e. Erik f. 25/1 1869, d. s. året.

3 – Guttorm Botolvson Torsvik. Sjå Torsvikåsen, f. 1823, d. 17/6 1902.10/4 1853 g.m. Malena Monsdtr.. Nord-Gulen, d. 1/6 1867. 21/11 1869 g.m. Marta Jørgensdtr. Hatlevik f. 1835, d. 15/12 1884.
Born:
a. Botilla f. 23/4 1854.
b. Mons f. 5/1 1857, d. 22/6 1863.
c. Andreas f. 25/5 1861. Nr. 4 her på bruket.
d. Marta f. 15/12 1865, g.m. Hans Andreas Sjurson Sleire, 6/9 1888. Bustad St. Sleire b.nr. 8.
c. Gjertina Malena f. 31/7 1870.
f. Ludvig f. 17/4 1873, g.m. Marta Andersdtr. Kjetland frå b.nr. 1 9/12 1890. Bustad Rebnor i Austrheim. Småbruk og landhandel.
g. Jørgen f. 15/4 1875, g.m. Karen Birgitta Jonsdtr. Hosteland. Sjå Træet under Hosteland. Utvandra til Amerika.
h. Mons f. 5/11 1897. Heimadøypt og død same dagen.
Guttorm Botolvson hev truleg brukt Stegebotten og sett seg upp hus der, medan Sjur Olson må ha butt på hovudluten av bruket b.nr. 5, som 19/10 1868 vert skild frå b.nr. 4.

4 – Andreas Guttormson Haugsdal, f. 25/5 1861. 25/6 1885 g.m. Andrea Rasmusdtr. Haugsvær, dotter til Rasmus Olson Haugsvær og Ingeborg Jonsdtr. Ystebø, f. 24/10 1855 på Haugsvær.
Born:
a. Malena Gjertina f. 1/5 1886, g.m. Olai Bertin Olson Odnekvame. Sjå Odnekvame b.nr. 1.
b. Ragna Matilla f. 19/2 1888, d. 26/2 1897.
c. Gina Matilde f. 27/3 1890.
d. Martin f. 11/10 1892, d. 9/7 1913. Matros.
e. Bernhard f. 22/10 1895.
f. Ragna f. 1897, d. 1898.
g. Ragnvald Martin f. 13/3 1899.
16/9 1868 skøyte frå Sjur Olsen som eigar av bruket og Guttorm Botolvsen eigar av husi, til Andreas Guttormson for 1 080 kr. og kår (370 kr.). Dette skøytet gjeld berre Stegebotten – b.nr. 4, som no fær namnet Øvrebakken. B.nr. 5 er utsk. og skylddelingsforretningi tingl. 19/10 1868. Andreas Guttormson kjøpte b.nr. 9 på St. Sleire og flytte dit.

5 – Tor Larsson Fivelsdal, frå Gulen, f. 1853, d. 28/3 1899. g.m. Magdeli Andersdtr. Eide frå Fedje f. 1860.
Born:
a. Andreas f. 29/1 1897. Nr. 7 her på bruket.
b. Maria f. 13/9 1895, d. 14/6 1966.
c. Tora Malena f. 10/8 1899.
18/5 1896 skøyte frå Andreas Guttormsen til Tor Larsson Fivelsdal for 1 500 kr.

6 – Ola Magneson Rambjørg frå b.nr. 2 der, f. på Nordland b.nr. 5 – 1842, d. 17/12 1919. 2/12 1904 g.m. e. Magdeli Andersdtr. Haugsdal, d. 12/1 1930.
Ved skiftet etter Tor Larsson 7/10 1904, vart bruket utl. på e. Magdeli Andersdtr. for 1 500 kr.

7 – Andreas Torson Haugsdal, son av nr. 5, f. 29/1 1897, d. 8/2 1973.
14/11 1932 skøyte frå Magdeli Andersdtr. sine arvingar Maria og Tora til bror (og medarving) Andreas Torson for 1 000 kr.

8 – John Olson Haugsdal, f. 25/1 1904, g.m. Randina Andreas­dtr. Vågset. Sjå meir om dei under b.nr. 6. Dei flytte til dette bruket då sonen overtok heimebruket.
19/8 1966 grbf. skøyte frå Andreas Torson Hangsdal til John Olson Haugsdal og kona for 8 000 kr. og kår.

9 – På bruket bur no Mons Kåre Hjartholm f. 21/11 1962 i Fjell, g. 26/9 1987 m. Anita Jensen f. 20/4 1964 i Gulen.
Born:
a. Stine Beate f. 22/11 1986
b. Kåre Andre f. 1/2 1989