Bruk 2

– Utskilt frå b.nr. 1 året 1849 og samanslege med b.nr. 3.

1 – Laurits, somme tider skriven “Lasse”, frå 1590 til 1620, so styrer enkja – Astrid til kring 1640.

2 – Ola Jonson, truleg son til nr. 1 på b.nr. 1 og 6. Han er 60 år gamal 1666 og hev kona Ingeborg. Han hev ingen søner heime i 1666, men tenesteguten Sjur Halvardson, 18 år. Ola Jonson hev bruket til 1690 åri. 1666 brukar han kring 2/3 av garden – 2 pd. S. og 8 mk. fisk – og 1691 er det nok han som brukar 1 l. S. – og grannen Ola Andersson ½ l. S.

3 – Ola Giebleson(Gjevleson), son av bondelensmann Gieble Austgulen. Fødd kring 1670. Er sagd vera 30 år ved manntalet 1701. Hev fenge bruket etter Ola Jonson i 1690 åri.
Dagsett 4/11 1702 og tingl. 27/6 1703: “Fogden Sr. Holms an-ordningsbref til Ole Haugsdal at være lensmand udi Gulen skibred. Hvilchen alle tilstedeværende almue var meget vel tilfreds med, eftersom de kiente hannem alle for en beqvem, smuch och schikelig mand”. Siste tinget han gjer tenesta som lensmann, var halde i Haugsdal 2/4 1728, og det syner seg sidan at han ikkje hev gjort skikkeleg greida for pengar han hev kravd inn, og han vert difor avsett. Peder Henriksbø vart nemleg innsett som lensmann 26/4 1728. Det fulle namnet hans var Peder Arneson Henriksbø. Lensmann Ola Gibleson hadde ingen bom.

4 – Hans Olson Dale, frå Gulen, d. 1773. g.m. e. Anna Mons­dtr., e. etter Mons Monsson på b.nr. 1 og 6.1759 g.m. Lisbet Andersdtr. Holsøy, f. 1732.
Born:
a. Mons f. kring 1736, g.m. E. Sigrid Nilsdtr. Rambjørg, 1764. B.nr. 5 og 6, Rambjørg.
b. Anna f. 1760.
c. Ola f. og d. 1761.
d. Ingeborg f. 1762.
e. Kari f. 1763.
f. Elisabet f. 1767.
23/7 1734 tingl. bygselbrev frå Oluf Cosmissøn Bornemann til Hans Olson Dale på 1 pd. S. ¼ v. fisk i “Gaarden” Haugsdal. Dagsett 2/1 1734.

5 – Arnoldus Sjursson Frøyset, f. 1739. 1771 g.m. Synneva Monsdtr. Hosteland, f. 1755 på b.nr. 3.
Born:
a. Malena f. 1772.
b. Sin f. 1773. Sin Arnesdtr. Haugsdal 1803, g.m. Mons Sjur-son Knarvik. Dette må vera Siri Arnoldusdtr., for det budde ingen Arne i Haugsdal.
c. Magdeli f. 1776.
d. Gjertrud f. 1779.
e. Anna f. 1780.
Huslyden truleg flytta frå bygdi. Ein veit ikkje kvar hen.
Dagsett 22/8 1770 og tingl. 25/10 1770 bygselsetel frå biskop Arentz til Arnoldus Sjurson på i pd. S. og 16 mk. fisk.

6 – Johannes Danielson Rambjørg, f. 1747 på b.nr. 1 og 2, d. 1810.1786 g.m. Inger Hansdtr. St. Sleire f. 1765 på b.nr. 5, d. 1801. 1801 g.m. E. Johanna Olsdtr. Frøyset f. 1746, d. 1810.
Dagsett 4/3 1785, tingl. 24/5 1785, bygselbrev frå biskop Irgens på 1 pd. S.16 mk. fisk i Haugsdal “før brugt av Arnoldus Sjurson”.
Born:
a. Synneva (Sygni) f. 1786. Vert skreve Sygni ved skiftet 1801.
b. Nils f. 1789. Nr. 7 her på bruket.
c. Lars f. 1790. Død før skiftet etter mori 1801.
d. Inger f. 1792. Død før skiftet etter mori.
e. Gyri f. og d. 1793.
f. Gyri f. 1795. g.m. Knut Sjurson. Sjå under husmenn Haugsdal.
g. Hans f. og d. 1799.
h. Brita f. 1800, d. 1823.

7 – Nils Johannesson Haugsdal, f. 1787, d. 31/1 1871. 26/81810 g.m. Sygni Torsdtr. Hosteland f. kr. 1780 på b.nr. 8, d. 22/4 1842.1842 g.m. Gjøa Hansdtr. Jordal, frå Myking, dotter av Hans Nilsson, d. 17/12 1853.15/7 1855 g.m. Anna Monsdtr. Knarvik.
Born:
Rasmuss f. 1814. Mor, gjenta Marta Hansdtr. Hosteland. Marta var f. på b.nr. 7 på Hosteland.
I ekteskapi hadde han ingen born.
1810 bygselbrev frå biskop Brun til Nils Johannesson på 1 pd. S. 16 mk. fisk, “forhen brugt av Johannes Danielsen”. 1833 kongel. skøyte til Nils Johannessen 1 pd. S.16 mk. fisk for 200 spdl. og jordavgift 1 t. 21/2 fjdk. bygg til bispestolen.

8 – Rasmus Nilsson Haugsdal, son av nr. 7 f. 1814, d. 20/3 1890.1838 g.m. Kari Jonsdtr. Hosteland f. 1809 på b.nr. 8, d. 22/10 1890.
Born:
a. Rasmus f. 30/4 1837. Mor: Orlaug Eriksdtr. Haugsdal. Sjå b.nr. 8, Solbakken. 24/4 1863 f. ein son, Nils, “Foreldre tjener Rasmus Rasmussen Ytre Haugsdal, og pige Johanna Nilsdtr. Korsøen St. Sleire”.
b. Tor f. 11/2 1838, d. ei vika gamal
c. Nils f. 1839, d. 3/5 1852.
d. Sygni f. 3/10 1841, g.m. Kristen Olson Tangedal frå b.nr. 1 31/3 1870.
e. Jon f. 22/5 1845, g.m. Elisabet Andersdtr. L. Sleire frå b.nr. 3. Sjå Træet under Hosteland.
f. Martinus f. 4/10 1848, d. 7/8 1873. Drukna i Matre-elvi.
g. Ragnhild f. 2/8 1851. Reiste til Amerika.
h. Johanna f. 2/8 1851, d. 21/1 1852.
1839 skøyte frå Nils Johannesson til sonen Rasmus for 150 spdl. og kår til Nils og kona Sygni Torsdtr.

9 – Gerhard Ludvigson Daae, son til sokneprest i Lindås, magister Ludvig Daae. Budde fyrst på Frøyset. Sjå der. Delte garden Frøyset millom tvo søner 1832 og Risnes millom ein son og ei dotter. Budde so på Risnes og tok kår av bruki både på Frøyset og Risnes. Vart 1832 gift med Gurina Arnesdtr.. – Visstnok frå Sunnmør, fekk desse born på Risnes:
a. Gjert f. 1835. Nr. 10 her på bruket.
b. Andrea Mathea f. 22/8 1839, g.m. Henrik Ivarson L. Sleire, b.nr. 1

So kjøpte Gerhard Daae b.nr. 4 på S. Kvinge 1840, men selde det i 1841 og kjøpte 1841 mesteparten av bruket til Rasmus Nilsson: 12 mk. S. 8 mk. fisk for 150 spdl. og jordavgift (det er no b.nr. 3.) og 1849 fekk han kjøpt 1 1/3 mk. S., 8/9 mk. fisk av b.nr. 1 Det vart skyldsett og er no b.nr. 2. Då Nils Johannesson selde bruket til sonen Rasmus Nilsson, tok han under bruksretten til plassen “Gaatene”. No då Gerhard Daae kjøpte bruket, lovde Nils å stella vel med plasset so lenge han orka, og sidan skulde halvparten falla til Gerhard Daae eller arvingane hans.

10 – Gjert Gerhardsen Daae, f. 1835, d. 20/1 1922.12/7 1853 g.m. Ragnhild Hansdtr. St. Sleire, f. 1828 på b.nr. 1, d. 18/4 1854.24/11 1854 g.m. Anna Henriksdtr. L. Sleire f. 1833 på b.nr. 1, d. 22/1 1913.
Born:
a. Gjert f. 21/2 1854. Nr. 11 her på bruket.
b. Rognald f. 2/11 1855, g.m. Synneve Kristoffersen 1878. Han reiste til Amerika.
c. Henrik f. 27/4 1857, g.m. Berentine (etternamn ukjent) -Reiste til Amerika.
d. Ivar f. 6/4 1861, g.m. Hanna Ottesen frå Nordland. Bur der som bonde.
e. Ludvig f. 6/4 1861. Reiste til Amerika. d. 1904.
f. Kaspar f. 10/6 1864. Bustad Tangedal, b.nr. 4.
g. Arne f. 8/4 1867, g.m. Ingeborg Olsen frå Hardanger. Reiste til Amerika.
h. Gjertina Andrea f. 23/8 1870, g.m. Jonas Kristianson Brugger, Torsvik, b.nr. 2.
i. Martin f. 20/7 1873, g.m. Anna Knagenhjeld, bur i Bergen. Arbeider.
j. Kristen f. 25/10 1875. Sjå nr. 12 her på bruket.
6/2 1845 skøyte frå Gerhard Daae til sonen Gjert.

11 – Gjert Gjertson Daae, f. 21/2 1854, d. 15/4 1914.9/6 1881 g.m. Olina Nilsdtr. Njøten, Austrheim, dotter av Nils Anderson f. 1854, d. 21/11 1919.
Born:
a. Nikolina Ragnhilda f. 31/10 1881.
b. Gerhard Andreas f. 16/8 1888, d. 24/11 1901. Blodforgiftning.
7/10 1890 skøyte frå Gjert Gerhardson til sonen Gjert og kona Olina for 1 800 kr. og kår (800 kr.)

12 – Kristen Gjertson Daae f. 25/10 1875.
19/6 1920 skøyte frå Ragnhild Gjertsdtr. Daae f. 31/10 1887. -Ho var einearving etter nr. 11. Kristen skulde gjeva 2 000 kr. for b.nr. 2 og 3, og Ragnhild (Nikolina Ragnhilda) skulde ha fritt hus og brensel. Ho var vanfør og flytte ut or bygdi.
Ei dotter av nr. 12, Alma, f. 1900, drukna i Hostelandssundi 17/9 1916. Nr. 12 hadde butt i Bergen fyrr han kjøpte bruket i Haugsdalen, og flytte dit att då han selde det.

13 – Håkon Vangsnes(underoffiser frå Vangsnes i Sogn) fekk skøyte på bruki hjå Kristen Daae 13/12 1920 for 6 500 kr.

14 – Andreas Andreasson Romarheim, f. 19/8 1879, d. 2/9 1942. g.m. Gurine Johannesdtr. Bjørge f. 24/11 1878, d. 12/12 1949.
Born:
a.) Anna f. 7/10 1905, g.m. Jens Haugsdal, b.nr. 5. Sjå der.
b.) Johannes f. 1906, d. 1913.
e.) Maria f. 21/11 1907, g.m. Sverre Erikson Haugsdal på b.nr. 10.
d.) Anton f. 22/5 1911. Nr. 15 her på bruket.
e.) Johanna f. 9/11 1915, d. januar 1941, g.m. Magnus Karlsen Mongstad i Lindås.
Deira born:
a. Solveig f. 5/11 1939.
b. Jobannes f. 1940.

f.) Olga f. 10/3 1919, g.m. Oskar Grinde, Hellestveit i Lindås. Bustad: Hjelmås.
Deira born:
a. Gerd f. ?
b. Olaug f. ?
c. Geir Atle f. 12/5 1956.
Ekteskapet er oppløyst.

g.) Johannes f. 10/8 1921, g.m. Emma Holen frå Stryn i Nordfjord. Bustad: Bergen.
Deira born:
a. Edith Johanna f. 1954.
b. Sissel Ann f. 1959.
Skøyte dagsett 6/9 1922 frå Håkon Vangsnes til Andreas Andreasson Romarheim for 8 000 kr.

15 – Anton Andreasson Romarheim, f. 22/5 1911, d. 14/9 1991. Gift 4/9 1936 m. Gunhild Henriette Edvardsdtr. Hatlevik, f. 4/11 1918 på b.nr. 1 (12g).
Born: a. Alf Gunvald f.7/9 1936, g.m. Aud Gunvor Vågset f. 5/5 1940 på Ytre Hope b.nr. 8 (4a). Bustad: Førde
Deira born:
a. Frode f.30/12 1967
b. Åge f. 11/5 1969
c. Arild f. 28/4 1971
b. Ruth Edny f. 18/6 1939, g. 21/5 1960 m. Asbjørn Daae. Sjå Frøyset b.nr. 9.
c. Jenny Jorunn f.3/2 1945, g. 30/5 1964 m. Ingvar Sleire. Sjå Litle Sleire b.nr. 8.
d. Kjell Rune f. 18/11 1958. Nr. 16 på bruket. Skøyte 1/5 1946 til Anton Romarheim og kona for 3000 kr og kår.

16 – Kjell Rune Romarheim, f. 18/11 1958 (15d), g. 27/1 1979 m. Heidi Langøy, f. 14/2 1961 på Hosteland b.nr. 36 (1a).
Born:
a. Tonje f. 16/7 1979
b. Lennart f. 5/12 1980
c. Gøril f. 13/4 1987
d. Robin f. 29/5 1989
e. Hanne Amalie f. 19/10 1993
Skøyte 29/11 1974 til Alf Romarheim og kona for kr 8000 og kår. Skøyte 9/9 1986 til Kjell Rune Romarheim og kona for kr. 76261.