Matrikkelen og jordeigarar

Matrikkelen

1 1aup var delt i 3 pund eller 4 spann. 1 1aup var rekna til 72 merk. Ved sida av Smør som verdemålar for garden vart på Vestlandet brukt korn, malt, huder, fisk, selspekk o.a.

1 tunna korn eller malt var delt i 4 meler og 1 mele i 12 kannor. Fisken vart rekna i voger, pund eller merk. Kvar hud vart rekna 1 (heil) ¾ , ½ eller ¼ .

Landskyldi (avgift til jordeigaren) vart svara i varor: Korn, Sm0’r, huder, skogsvyrke o.a., men og av attåtnæringane, som fisk, salt, tjøra, trekol, skinn, høns, gjæs, vadmol, læreft, hamp, humle, never og m.a. Sjå elles um upphavet til matrikkelen i 2. bandet av boki.

Jordegodset og jordeigarar i eldre tid

Noko lang og umstendelig utgreiding um eigedomstilhøvi her i landet frå gamal tid, skat ein ikkje her freista koma med. Det vilde berre verta a ta uppatt det andre hev skrive fyrr. Her skal berre verta synt kven som åtte jordi i Masfjorden frå den tid ein i arkivi kan finna litande uplysning med namn på institusjonar og personar.

Det fyrste ein kan finna um jordeigarar i Masfjorden, finst i Diplomatorium Norvegicum. Der finn ein oppteikning frå kring 1360, og i den er sagt at Tverbjørg og Kvingo då høyrde til Munkeliv jordegods. Munkeliv eller St. Michaels kloster på Nordnes i Bergen skal vera uppførd av Øystein Magnusson i tidi millom 1107 og 1110. Det var dei fyrste 300 år eit Benediktinarkloster. Klosteret vart ved kjøpt og makeskifte eigar av mykje jordegods. Ved slutten av fjortande hundraåret kom klosteret med tilhøyrande jordegods i Birgittinarordenen si eiga (0. A. Øverland: Noregs Historie, side 465 og Edvard Hull: Det norske folks liv og historie, side 159, 167, 168 og 187).

Jordegodset som hadde lege under Munkeliv kloster, vart i rekneskapi kalla Munkeliv gods ogso etter at staten ved reformasjonen hadde lagt klostergodsi under seg.

I rekneskapi for Bergenhus len (Riksarkivet i Oslo) finst for ymse år listor yver jordeigarar. (Jordebøker). 1624 er under Forlenings- og benaadningsgods desse gardane kalla Munkeliv gods: Thuerbergh, Haugland (Haukeland) og Bjørneklett. I rekneskapsåret 1626/27 er same gardane rekna til Munkeliv gods. Landskyldi er då for Tverbjørg sett til 1 pd. Smør og 1 får, for Hjørneklett ½ pd. smør og for Haukeland til Neffuer 4 Voger (4 våger never).

Jordebok yver Vinsents Lunges gods i Norge 1535 syner at han då åtte desse gardane i Masfjorden Hopp (S. Hope) ½ L. Smør, 1 Sowdt (ein sau). Nordherdland (Nordland) 1 L. Smør, 1 Sowdt. Totland 1 Faar (skal vera meir). Oneqwam 1 Pd. Smør, 1 Faar. Hexfird (Haugsvær) 1 Løp Smør og derunder en øde Jord hetter Hop, 1 Sowd. Er vel bygd og 1 Løp Smør. Sowden andet hvert Aar. Meiningi med dette er at Hope hev lege under Haugsvær, og at ingen hev butt der 1535, endå der var brukande hus (vel bygd). Difor hev ikkje Hope svara skatt det året. So kjem Skjeggedal, landskyldi ikkje uppgjevi. Hawksdall (I. Haugsdal) 1 Løp Smør, 1 Faar. L. Matre 1 Pd. Smør, 1 Faar, Trodalen 1 Pd., 6 Mk Smør, 1 Faar.

Vinsents Lunge var av dansk adelsslekt. Gift med eldste dotter til rikshovmeister Niels Henriksen Gyldenløve, Margrethe. 1523 fekk V. L. yverlete Bergenhus festning med tilhøyrande len, mot at han skulde halda «Slottet og Len til Norges Krone». Han vart medlem av det norske riksråd, og fekk av kong Fredrik den 1. stadfesting på stillingi som kongeleg stathaldar nordenfor Lindesnes. Stillingi var tillagd store forleningar. Han skaffa seg dessutan store jordeigedomar ymse stader i landet, soleis ogso i Nordhordland. 1529 måtte han lata frå seg herredøme yver Bergenhus, men fekk ha store forleningar. Blandt anna fekk han Nonnesæter kloster i Bergen med tilhøyrande jordegods. Av klosteret gjorde han seg bunadshus. Derav namnet Lungegarden, og jordeigedomane som høyrde til, vart kalla Lungegards gods lenge etter. (Sjå Dansk biografisk leksikon romertal 10 b. fra side 477 og utyver).

1624 og 1626/27 er desse gardane i Masfjorden rekna til Lungegodset; men er komne i privatmenns eiga: (Meir um eigarane lenger ute). Skjeggedal, I. Hope, Trodal og St. Matre. 1627 er dei uppførde med denne skyld: Hope ½ 1. smør, 1 får. Trodal 1 pd. smør, 1 får. St. Matre 1 laup smør, 1 får. Skjeggedal då kome under Korskyrkja i Bergen, ½ laup Smør. I Eikanger skipsreidsla: Hoep (Hope) 11aup Smør.

1624 og 1626/27 er desse gardane rekna til Kronens og Stigtens gods:
«Stigtens gods er gods som fyrr reformasjonen hadde høyrt til dei katolske bispane). Frøyset, Sleire (L. Sleire), Hosteland, Byrkjeland, Duesund, Fausdal, Eikemo og Elvik. 1626/27 er dei uppførde med nedannemnde landskyld: Frøyset 1 laup smør, 1 tunna malt og 1 hud. L. Sleire 11aup, 1 pd. smør. I Hosteland eig kronen og stigten ½ laup smør. Resten eig Bildeslekti. Byrkjeland 2 pd. smør, Fausdal ½ laup smør, Duesund 2 pd. smør, Eikemo ½ laup Smør og Elvik 1 laup smør, 1 t. malt.

1624 var desse gardane forlening til bispen i Bergens stift: N. Haugsdal og Haugsøy. 1627 Høffsdal Smør 1 Løb, Thørfisk 2 Phd. (pund). Haugsøy ikkje nemnd siste året.

1624 høyrde desse gardane til Lindås prestebol: (presten hadde inntekti av dei) Sandnes, Andvik, (noko av Andvik var bondegods), Bauge, noko av Furebotten, noko av Haugsvær og noko av Mjanger.

1626/27 heiter det: Prestens: Kvamme ½ L. S., ½ Td. Malt, Ommundbotten 2 Pd. Smør, Sandnes 1 L, 1 Sp. S. Bouge ½ L. S. Prestens og B0nders: Furrebotten S. ½ L., Vogesetter Smør 2 Pd. Prestens og Bønders gods.

1624 og 1626/27 kallast desse gardar De Bilders gods: Noko av Hosteland, heile Tongedal, Risnes og Torsvik.

De Bilder

Blanceflor, dotter til Vinsents Lunge, vart gift med den danske adelsmann Daniel Bildt, og med henne fekk han noko av det jordegodset som Lunge hadde att. Ein son til Daniel Bildt og Blanceflor heitte Knud Danielsen Bildt. Han fekk noko jordegods etter foreldri. Ei dotter til Knud heitte Blanceflor, og ho vart gift med ein dansk sjøoffiser, som heitte B0rge Mogensen Juel. Etter desse og fleire fekk jordegodset namnet: De Bilders.

Galde

1624 og 1626/27 kallast noko av jordegodset i Masfjorden for Galdegodset. Nokon av dei som 1624 kallast Galdegods, vert 1626/27, sagd a vera Hans Dresselberg (stundom Drestleberg) sin eigedom.

1624 er Hans Dresselberg sagd å vera eigar av: Nordland, Totland, Odnekvam, Haugsvær, L. Matre, KjetIand og I. Haugsdal. 1626 er ogso Lauvvik komen til. Med dette hev del seg slik: Ein dansk adelsmann heitte Tønne Galde. Han var gm. ei dotter til Vinsents Lunge, som heitte Abelone. Ein son deira heitte Christofer Tønnesen Galde. Han fekk noko av jordegodset etter foreldri. Ei dotter av Tønne Galde heitte Berte. Ho vart gm. den danske adelsmannen Hans Dresselberg. Det kan forklara at han er nemnd som eigar 1624 og at same gardane 1626 vert rekna til Galdegodset.

Både 1624 og 1626/27 vert nokon gardar kalla Lungegaards gods, utan at dei einskilde eigarar var nemnde. Det er sovidt ein kan skyna restar av Vinsents Lunges eigedomar. Det var: Skjeggedal, I. Hope, Trodal, St. Matre og S. Hope.

1624 er Kvamsdalen lagd til Lesemesteren. Det tyder lektoratet i Bergen hev inntekti av garden. Same året er desse gardane lagde til Korskyrkja i Bergen: Kalhovda, Solheim, Molland, N. Kvinge, S. Kvinge og Kvingedal. 1626/27 reknast Skjeggedal til Korskyrkja, likeeins noko av Haugsvær. 1626/27 er N. Kvinge lagd til Domkirkens kappelan. Det godset som er benefisert til kyrkjor, prestar og den høgre skule (Laktoratet) var statens gods, som dei ymse institusjonar hadde inntekti av.

1624 er Christofer Galde sagd a vera eigar av Risnes. Dei gardane som enno ikkje er nemnde, var både 1624 og 1626/27 bondegods. Dei hadde og vore bondegods tidlegare. Kor lenge skal verta nemnd under dei einskilde gardar.

Bondegods 1624: Rambjørg, Hatlevik, Haugsøy, St. Sleire, Lauveidet, Holsøy, Rognøy, Areklett. Noko av Andvik, Bergsvik, noko av Vågset og noko av Furebotten. Desse var bondegods ogso 1626/27. Noko av dette bondegodset var brukt aveigarane, men noko åtte utanbygds bønder, og brukarane var leiglendingar. Under dei einskilde gardar er det gjort greida for kven som dei ymse tider åtte bondegodset.

Nedanfor vert no skreve litt um dei ymse jordeigarar som er nemnde under dei einskilde gardar. Den lesar som då les um ein gard og finn eit av desse namn der, kan då slå upp dette avsnittet. Hans Hansen Lillienschiøld.

Hans Hansen f. i Tønder, Slesvik 1610. Far hans heitte Hans Schmidt og var borgar og handelsmand i Tønder. Hans Hansen kom til Norge, vart statsskrivar i Bergen, seinare borgermeister, vart so lagmann i Bergen og Gulating lagdøme og adla under namnet Lillienschiø1d. Han d. 1681 og hadde då «rang og sede» som amtsforvalter.

Jonas Lillienschiøld

son til Hans Hansen, var f. 1651, d. 1691, gm. Sidsel Kass. Han var amtmann yver Romsdal, Nordmør og Sutinmør. Sistpå hadde han titelen kanselliråd. Både Hans og Jonas hadde mykje jordegods.

Sidsel Kaas Lillienschiøld

var dotter til Biørn Kaas til Veijdrup, Danmark, d. på Herdla 1727. Ho hadde skusla burt formuen sidan ho vart enkja.

Hans Lillienschiøld

ein bror til Jonas, var gm. Marie Lem, dotter til lektor Peder Nielsen Lem og Abel Ludvigsdotter Munthe. Da Hans saman med faren vart adla 1676, vart det fastsett at frua Marie Lem, ogso skulde reknast til adelen. Denne Hans Lillienschiøld var ei tid amtmann i Finnmarki, seinare i Romsdalen. Døydde 1703 (Dansk biografisk leksikon band 10, side 293).

Lem (Lemb)

Peder Nielsen Lem var son til «Kongelig Majestets Foged» og toll mann Niels Pedersen Lem. Peder Nielsen var f. på garden Yttersø i Hedrum sokn, Brundlanes len. Han var res. kap. i Domkyrkja i Bergen, då han vart gm. Abel Ludvigsdtr. Munthe. Han d. 1663 og let etter seg mange born. Blandt dei var Karen, mor til Ludvig Holberg, Niels Lem var fut på Nordmøre og var gm. Barbra Hiorth, dotter til rådmann Hiorth i Trondheim, Ingeborg Lem, fyrst gm. Wilhelm Hermansøn Garmann og seinare med em. Hans Clausen, Maren eller Maria Lem gm. Hans Hansøn Lillienschiø1d.

Ludvig Lem, visebyråskrivar i Bergen og stor jordeigar, 1668 gm. Giertrud de Fine, dotter til biskop Arnoldus de Fine og frua, Marie Hoffmann. Sonen til denne Ludvig Lem og i Giertrud de Fine tok mori sitt namn de Fine. Han heitte Arnoldus etter morfaren, vart sorenskrivar i Nordhordland og budde på Frøyset frå 1715 til sin død.

Abel Lem gm. Niels Rasmussøn Lindgaard, assistentråd og tollar i Bergen.

Peder Lem godseigar i Bergen stift, d. 1703. (Sjå familien Munthe.)

Munthe

Biskop Ludvig Hanssøn Munthe f. på Sjelland 1593, d. som biskop yver Bergens stift 1649. Faren var sokneprest til Tilkiøb, og mori var farsyster til biskop Arnoldus de Fine. (D.B.L. Band 11 side 544).

Hans Munthe, eldste son til biskop Munthe, var borgarmeister i Bergen. Ved ein brand i Bergen 1702, vart han ein ruinert mann. Han var f. 1625 og d. 1706.

Abel Munthe, sjå under Lem.

Chatharina Munthe tredje gongen gm. Herman Johansen Garmann. Sjå under Garmann.

Ludvig Munthe, ugift. Lectiehører ved Bergens skole. Ein annen son til bispen heitte Søren, og ei dotter heitte Ingeborg.

Garmann

Herman Johansøn Garmann, son til faktor ved Kongsbergs sylvverk, Johan Garmann. Herman var f. i Haderslev i Danmark 1612. Han vart komersedirektør og president i Bergens magistrat, etter at han fyrr hadde vore rådmann. Seinare vart han generalforvaltar «Nordenfields». Han var gm. Catharina Ludvigsdtr. Munthe etter at ho fyrr hadde vore gift med Otto Rasmussen, Stord, og då han døydde, med em., borgarmeister Søren Jonssøn. Borni etter Søren Jonssøn tok namnet Hoffmann. Da Herman Garmann vart gm. Chatarina f. Munthe, var han em. Fyrste kona hans var Margrethe Andersdtr. Busch. (Fam. Munthe, side 94-97.)

Christoffer Garmann, ein son av Hermann G. av fyrste ekteskapet. Um Christoffer heiter det at han «var en hovedrig mand». Christoffer gm. Margrethe Hoffmann, dotter til borgermeister Søfren (Søren) Jenssen.

Borni til Christoffer Garmann

  1. Margrethe f. 1670, gm. sokneprest Peder Geelmuyden til Vikør.
  2. Hermann f. 1672.
  3. Giertrud, gm. sokneprest til Os, Niels Leganger.
  4. Søren f. 1674. Lækjar i Kristinia.
  5. Jan eller Johan f. 1675. Generaltollforvaltar i Bergen, gm. Karen Frimann 1709.
    Ho var dotter til forvaltar for Halsnøy kloster, Johan Frimann og frua, Ester Smith.
  6. Christoffer f. 1677, d. 1687. Fire born til som d. med dei var små.
  7. Jens f. 1687, d. 1733 som personell kapellan i Vik. (Fam. Munthe.)

Movat (Mouat)

Anders Movat av skotsk adel var gm. Else Thomasdtr. Rusting, og dei hadde sonen:

Axel Movat, d. 1661

Axel Movat var gm. dotter til Knud Blidt til Morland. Axel var sjøoffiser, og både far hans og Axel hadde store jordeigedomar. Bl. anna åtte dei garden Hovland i Onarheim. Einaste dotri til Axel Movat heitte Karen. Ho var gm. geheimeråd Ludvik Rosenkrantz, og noko av Movats eigedom kom dermed inn under baroniet Rosendal (D.B.L. band 11, side 500).

Juel

Børge Mogensen Juel til Lungegård, gm. Blanceflor Bildt. Da ho vart e., vart ho jamt kalla Blanceflor Bildt. (Norsk Magasin, band 2). Borni deira var: Anna, Sidsel, Christence, Axel, Mogens. (personalhistorisk tidsskrift 1. rekkja, 6. band, side 265).

Drestelberg

Hans Nielsen Drestelberg til Berreby, gm. Dorthe Galde. Dorthe d. 1616.
(Samlingar til Det norske folks sprog og historie. Band 1. hefte 1, side 387).

Von Hatten

Oberst Bendix v. Hatten kongeleg dansk og fyrsteleg Gottorpsk Raad- og Landkansler. Hatten skal vera komen til Noreg 1671 som kommandant i Trondheim.

Ivar Christensen

var kjøpmann og kommersedirektør i Bergen. Da han i 1669 fekk denne titelen, var han ein gamal mann, og alt 1671 heitte det at «denne Stilling af ham ei lenger bestyres». (Bergens historiske foren. tidsskrift nr. 32).

Peder Busch

kapell. til Lindas fra 1652, seinare sokneprest til 1699. Han var gm. dotter til formannen i kallet, Lyttich Hanssen Ovenstad og seinare med Maren lensdtr.

Johan Madsen

sokneprest til Lindas frå 1699 til han d. 1718. Han var gm. Anna Hansdtr. Frå Bergen. Ho vart attgift med amtmann i Smaalenene, Henning Frimann.

Frimann

Henning Frimann var altso gm. Anna Hansdtr.. Ho var dotter til den rike yvertollbetjent i Bergen, og då ho dødde, vart Frimann attgift med Ingcborg Pedersdtr. Lem. (Sjå under Lem). (Bergens stift biskoper og prester s.366/67). Johan Frimann amtmann og forvaltar for Halsnøy kloster. Karen Frimann gm. Jan eller Johan Garmann.

Christoffer Giøe f. 1584, d. 1650

Han var av dansk adelsrett, son til rikshovmeister Mogens Giøe. Christoffer var ei tid amtmann i Nedenes. (D.B.L. band 6, s. 462).

Jens Schilderup

var biskop i Bergen frå 1649 til 1665. Bl. sønene var lens og Thomas. Biskopen var soneson til nr. 2 av dei evangeliske bispane i Bergen, lens Pedersen Schilderup, som igjen var son til Peder Jenssen S., som var bisp i Trondheim. Ei dotter til lens Pedersen S. som heitte Anna, var gm. magister Otto Schreuder, prest til Nykyrkja i Bergen.

Loss

Erich Loss, sokneprest til Leikanger. Samuel L., son til Erich, var gm. Dotter til Lyttich Hanssen Ovenstad. lngeborg L., dotter til Samuel L. var gm. Peder Nielsen Bush, sokneprest til Lindås.

Smed (Smith)

Magister, biskop Niels Pederssen Smed f. i Bergen 1665, der faren Peder Hanssøn S. frå Kiel døydde som rådmann 1678. Biskop Niels Smed (Smiffi) var gm. Magdalena Fleischer frå Kjøbenhavn. Dei hadde mange born. Av dei skal her nemnast:
Margrethe gm. biskop i Bergen, Johan Randalf. Anna Kristine, gm. Ulrich Fredrich
Montagne Lillienschiøld.
Andre: Verner, Niels, Gregorius, Jens, Johan, Peter, Else, Cathrine.
Clements Smith, truleg av ei onnor rett, var biskop i Bergen 1716-23.

Von Ahnen

Stiftamtmann lvar v. Ahnen til Kaupanger og Stedje, var son til Preben v. Ahnen og Karen Vind. Ivar var f. kr. 1660. Han var gift tri gonger men etterlet seg ikkje born. Fyrst var han gm. e. etter oberst på Bornholm, Bendix v. Hatten, Maria Hansdtr. f. Lillienschiøld. Ætti døydde ut med han.

Volchmann (Wolqman)

Daniel V. var kjøpmann i Bergen. Han livde samstundes som Ivar Christensen. (Sjå framanfor). (B. Hist. tidsskrift). Daniel selde 1697 ein eigedom i Bergen til borgarmeister Hans Samuel Schreuder. Ein Hans V. eigde garden Norland før 1704. Då vart han seld til madam Hiort, frua til justisråd Hiort.

Schreuder

Magister Samuel Schreuder (Sjå Volehman) f. i Bergen 1630. Han var son til Hans S. Hans S. var danskfødd, var sokneprest til Domkyrkja i Bergen. Samuel vart geistleg stiftsforvaltar i Bergens by og stift, gm. Ciselie Ovensdtr. Born: Hans, Ove, Maren, Anna, Margrethe og Karen.

Hiort

Hans Christoffersen Hiort var danskfødd. Han vart generaltoll-forvaltar og Landkommisrer Nordanfjells. Han fekk og titelen justisrad, d. 1690. Han atte millom anna Stend i Fana. (B. Hist. forenings tidsskrifter 1-5. Side 19).

Møinichen

Magister Jens Mortensen Møinichen var son av kirurg i Kjøbenhavn, Morten Lixtius Møininchen og Margretha Dobbeltstein. Jens var f. i Kjøbenhavn 1642. Han vart gm. dotter til biskop Erich Andersen Bredal. Jens a Møinichen var prest ymse stader, tilslutt til Nykyrkja i Bergen. Ein son til til Jens a Møinichen heitte:
Erich a Møinichen. Han var f. i Bodø 1672, vart 1702 konrektor i Bergen, magister 1709, rektor i Bergen 1718 og samstundes sokneprest i Hamre. Han d. 1727.
Ei dotter Margretha Bredal a Møinichen. Ho var gm. sorenskrivar Arnoldus de Fine, son til visebyråskrivar Ludvig Pedersen Lem. Arnoldus tok mori sitt namn de Fine.

Vilhelm Hanssen

var stiftsamtsskrivar, (skattekrevjar for stiftet), kom i underballanse og vart avsett 1732. Han hadde mykje jordegods, som vart sett under offentleg administrasjon. (Bergens hist. foren. skr. 18-22, s. 105).

Lucas Olsen Steen

var i fleire år overformyndar i Bergen. Han d. 1735. Han var gm. Ingeborg Bush, dotter til Lindåspresten Peder Nielsen Busch.

Svanenhielm

Morten Seehusen var rådmann i Stavanger. Sonen hans, Severin Seehusen, vart amtsskrivar og vart uppteken i adelsstandet under namnet Svanenhielm 1720. Han var gm. Alida Crometie, dotter til Siur Thomas Crometie, borgar i Bergen. Svanenhielm kom i botnelaus skuld, d. 1726.

Jorgen Egdeldorf

f. 1716, d. 1754. Han var son til kj0pmann Peder E. i Bergen. J0rgen var sokneprest til Lindas. Mor hans heitte Sophie Simonsdtr. Widing.

Madame Christine Sal. Haars

må vera e. etter presten Haar på Voss. Fulle namnet hans var Johan Christoffer Haar. Han var gm. Christine Krag, dotter til prest på Sjælland. Drude Catrine Marie Haar var gm. magister Ludvig Daae, sokneprest til Lindas.

Madam Cathrina Sal. magister Stabell

var e. etter sokneprest til Eivindvik, Nicolai Stabell. Jens a Møinichen tok seg av Stabell da mor hans som e. vart attgift. Nikolai Stabell var gm. Catharina Brenders.

Madam Elisabeth Undal

var e. etter Søren Lem.

Anna Margretha Sal. Krag

var stykdotter til justisråd Frimann, e. etter Frimann heitte Anna Hanssen.

Knagenhielm

Tyge Nielsen Castberg, visstnok frå Randers, Danmark. Han tok borgarskap i Bergen, men gav det upp da han vart sorenskrivar på Sunnmør. Han var gm. Karen Knag, dotter til Niels Jacobson Knag. Niels Knag var son deira. Han tok namnet etter morfaren og vart adla under namnet Knagenhielm. Han vart eigar av Kaupanger og Stedje etter V. Ahnen. Knagenhielm var fyrst gm. Margrethe Hansdtr. fra Bergen, dotter til tollforvaltar Hans Claussen. Annan gong vart han gm. Veronica Elisabeht Hiort, dotter til Hans Christoffersen Hiort.

Magister Ludvig Daae

f. 1723 i Vik i Sogn. Faren var prest og prost Anders Daae. Ludvig Daae vart prest til Lindås 1754. Ved stor sparsemd og arv samla han stor formue. Han åtte soleis 31 gardspartar i Lindas prestegjeld. Han var gm. Drude Catharine Marie Haar. (Sjå under Haar).

Magnus Schiøtte

f. kr. 1680, d. 1737. Han var son til skreddar Hermann S. og Elsebe Mogensdtr. Rødberg. Vart rådmann i Bergen 1711. Han fekk og titelen kommerseråd og 1728 vart han utnemnd til direktør for Det Bergenske Grønlandskompani, saman med kommandant på Bergenhus festning, 1. F. Teichsen. Schiøtte var gm. Barbra Rafnsberg, dotter til Hans R. og Sara Finde. Ei dotter til Schiøtte var gm. Paulus Geelmuyden.

Bornemann

Oluf Cosmusen Bornemann f. i Kjøbenhavn 1683, son til Cosmus som var professor ved Kjøbenhavn Universitet. Oluf C. Bornemann vart 1711 Lectiel Theolog i Bergen og sokneprest til Fana. Bisp i Bergen 1732, d. 1744. Han var fyrst gm. Alette Dorthea Randulff og fekk med henne Anna Karina. Annan gong gm. Marie Hansen (Forsøg til en prestehistorie ved Albert Hatting).

Hofmann

Magister Jens Søfrensen Hofmann f. i Bergen 1642, son til borgarmeister Søfren Jensen. Jens vart sokneprest til Korskyrkja 1671, d. 1680, gm. Else Pedersdtr., syster til biskop Smed. Ho levde enda 1711. Borni deira var: Severin, Peder, Niels, Hans, Margretha, Nicolaus, August og Henning.

Dette som er skreve um jordeigarar skal, nei bør nyttast so: Når ein les um dei einskilde gardar og treffer på jordeigaren sitt namn, og vil ha greida på kva slags menneskje det var, so sler ein upp denne bolken. Nokon få av dei jordeigarar som er nemnde ved dei einskilde bruk, hev ein ikkje funne. Soleis ein med det merkelege namnet Veivitsen.